Mellom Augustin og Ivar Aasen

Han er mannen Georg Johannesen meinte var så lærd at han burde få sin eigen bompengering. Men då vi traff 87 år gamle Hermund Slaattelid var han mest oppteken av kjeften til vanlege folk.

Reportasje

Med sikspens på hovudet, eit lurt glimt i auget, og praktiske gore-tex sko på føta, står Hermund Slaattelid igjen innanfor døra til Kaffistova.

Over seksti år har gått sidan han og dei andre i studentmållaget i Oslo brukte å treffest i den kjellar-etasjen som vi no er på veg ned i, med kvar vår kopp med svart kaffi i handa.

– Dei har nok oppdatert møblementet, kommenterer han i det vi set oss til ved eit portrettfoto av Hulda Garborg.

– Men eg kjenner meg att. Her sat vi og diskuterte målsaker, drakk kaffi og åt mat. Det var ofte raspeball – eller klubb, som vi seier i Nordfjord.

Nyforelska 

Den gongen var Hermund Slaattelid ein universitetsstudent frå ei lita bygd i Sogn og Fjordane, engasjert i fleire studentorganisasjonar og nyforelska i henne som han seinare skulle gifte seg med.

No er Hermund Slaattelid den velrenommerte norske omsetjaren av Cicero, Quintilian og Augustin, mottakar av Fritt Ords Honnørpris for stiftinga av Hans Skjervheim-seminaret – og enkemann, busett åleine i familien sin gamle heim på Voss.

– Det gjer inntrykk på meg å vere i Oslo, fortel han.

– Eg har veldig sterke minne frå då eg budde her, kanskje særleg fordi det også var den fyrste tida i lag med Åsne.

---

Hermund Slaattelid

  • f. 1932 i Nordfjord.
  • Lektor og formidlar av latinsk kultur, busett i Voss.
  • Til hausten kjem omsetjinga hans av bind X-XII av Quintilian sitt hovudverk Institutio Oratoria.
  • Slaattelid har også omsett Cicero, samt to verk av den kristne teologen og retorikaren Augustin.
  • Saman med Trygve Refsdal stifta han Skjervheim-seminaret, til minne om arbeidet til den kjende filosofen Hans Skjervheim, på Stalheim hotell.
  • For arbeidet med seminaret fekk han og Refsdal Fritt Ords Honnør i 2005, og Kulturprisen frå Voss kommune i 2008.

---

Eigen bompengering

Til hausten kjem 87-åringen med ny bok, ei omsetjing av den store romerske retorikaren Quintilian.

Førre gong Slaattelid ga ut ei omsetjing av han, skreiv retorikk-professoren Georg Johannessen i forordet at han burde lønast med sin eigen bompengering: «Milliarder bør overføres fra biler, broer og tuneller til skriftlig og muntlig kommunikasjon av smak, dannelse og dømmekraft».

– Ja, det var no litt valdsamt det der da, humrar Slaattelid, som også vart personleg kjend med Johannessen gjennom interessa dei delte for klassisk retorikk.

Sjølv om han ikkje stiller seg bak kravet om ein bompengering til inntekt for folkedanning, meiner den tidlegare lektoren ved Voss Gymnas at noko har gått tapt:

– Det er synd at gymnas-spesialiseringane ein tidlegare kunne ta i fag som latin og norrønt har blitt lagt ned.

Vårt Land har æra

På middag i heimen til Hermund og Åsne kom også ein av Norges mest kjende filosofar, vossingen Hans Skjervheim. I 1996 var Slaattelid med på å skipe Hans Skjervheim-seminaret til ære for venen sitt arbeid, ein innsats han seinare fekk Fritt Ord sin honnørpris for.

– Faktisk så har Vårt Land litt av æra for at det seminaret kom i stand, fortel Slaattelid.

– Det var ein artikkelserie der om Hans Skjervheim sitt arbeid som sette meg på tanken om å halde eit seminar.

Same året som fyrste Skjervheim-seminaret vart arrangert, var filosofen, som berre var nokre år eldre enn Slaattelid, ramma av hjerneslag. Han tok likevel del som tilskodar, og etter at han døydde har seminaret halde fram med å bli arrangert kvart år, til minne om arbeidet hans.

Eigentleg burde alle kaféar ha ei ordbok av Ivar Aasen liggande, så folk kan slå opp medan dei snakkar.

—   Hermund Slaattelid

Ivar Aasen på kafé 

Latinkyndige Slaattelid har fått mykje heider for omsetjingsarbeida sine, der det mellom anna blir trekt fram kor lettlesne og klare sjølv dei mest innfløkte resonnementa til Augustin vert i Slaattelid si nynorske språkdrakt. Men det har også kome innvendingar mot nokre av dei meir konservative nynorsk-formene.

– Det var ein som sa til meg at han hadde så store problemer med å forstå nokre av nynorskorda, at han heller måtte sjå kva som sto på latin, fortel Slaattelid, og ler godt.

– Er det ikkje problematisk å velje ord som mange ikkje forstår når ein skal gjere eit slikt verk tilgjengelig på norsk?

– Litt omsyn bør ein ta. Men eg synest også at lesarar burde gjere ein innsats for å lære seg desse orda, som ofte er gode, norske uttrykk. Ja, eigentleg så skulle alle kaféar hatt ei utgåve av ordboka til Ivar Aasen liggande på borda, så folk kunne slå opp mens dei snakka!

Augustin og Aasen

Den gamle målsaks-forkjemparen ser seg rundt i kafé-lokalet, før han dreg opp ei bok frå si eiga veske. Den er ikkje forfatta av Ivar Aasen, men av Augustin, som i følgje Slaattelid har meir til felles med nynorsken sin far enn ein skulle tru.

– Medan ein retorikar som Quintilian har eit konservativt språkideal, og vil at alle skal lære å snakke det romerske byspråket, meiner Augustin at språket skal vere enkelt, og at det godt kan ta opp i seg ord og uttrykk frå folkemålet. Folkelege uttrykksformer kan etter Augustin sitt syn ofte vere både meir konsise og presise enn velpleia overklassespråk.

– Så Augustin er meir på Ivar Aasen-sida da, enn Quintilian?

– Ja, han er faktisk det!

Slaattelid slår rutinert opp, og viser fram den aktuelle passasjen, som han har omsett frå ‘De Doctrina Christiana’, som tyder ‘kristen retorikk’.

– Det var Augustin sitt språksyn som vart rådande for kristne forfattarar i mellomalderen. Og Martin Luther var ikkje berre påverka av teologien til Augustin, men også retorikken. Luther sa: sjå på kjeften til vanlege folk! Høyr korleis dei snakkar, og lær av det!

- Luther sa: sjå på kjeften til vanlege folk! Høyr korleis dei snakkar, og lær av det.

—   Hermund Slaattelid

Gje læraren bank

Når det gjeld språksyn seier Slaattelid at han er meir einig med Augustin, Luther og Aasen, enn med Quintilian. Men på eit anna viktig punkt er det sistnemnde han er mest samd med.

– Quintilian var sterkt i mot å nytte fysisk avstraffing i oppsedinga av born. Han siterer ein gresk filosof som oppmoda einkvar som såg ein uskikkelig elev om å gje læraren bank. Den pensjonerte lektoren legg til:

– Quintilian meinte at eitkvart barn burde handsamast som om det kunne vekse opp til å bli Aleksander den store.

Augustin derimot, hadde ein meir ambivalent relasjon til elevane sine. Han skreiv mellom anna at det var ei plage å undervise bråkete elevar som berre var måteleg interesserte i faga.

– Kjenner du deg att i noko av dette?

– Nei, eg var nok ikkje så plaga som Augustin, seier Slaattelid og ler.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje