Når kunsten krasjar med bygda

Har kunstverket i Kvam stadfesta bygdefolk sine fordommar mot samtidskunsten? Eller er det årsaken til at det no blir felles busstur frå bygda til Høstutstillingen i Oslo?

Reportasje

Ein stokk, ein stein og ein møkkaspreiar.

Det var det som møtte innbyggarane i Kvam, ei lita bygd i Gudbrandsdalen, ein haustdag for snart to år sidan. Historia om dette kunstverket, som vart utsett for hærverk og til slutt demontert, har gått landet rundt gjennom ulike media. Kva var det med denne kunsten som gjorde reaksjonane til folk i Kvam så sterke?

– Det kjentest som eit hån mot bygda, fortel Kjell Olav Bjørke, som driv gartneriet på Kvam.

– Det vi fekk var ikkje kunst, men ein oppsamlingsplass for skrot. For mange av oss kjentest det som ein provokasjon, gjort med overlegg.

Ikkje hån

Joar Nango, den eine av kunstnarane bak verket, seier at det aldri var tale om å håne bygda Kvam.

– Nei, tvert i mot! Tanken har vore å hente inn materiale som høyrer til i Kvam, heller enn å kjøpe frå ein annan stad. Så det er jo ein ode til kulturen for sjølvberging som finst her. Det er noko veldig kvamsk over denne måten å jobbe på.

Nango har ein annan teori om kvifor mange i bygda reagerte som dei gjorde.

– Folk har gjerne litt forutinntatte forventningar til kva kunst er. Ein ser føre seg ein skulptur, eit monument – noko på sokkel, som pyntar opp. Men vi ville gje folk noko som krevde litt meir, som kunne røske litt opp i folk sine forventningar.

---

Avantgarden og bygda

  • I ein serie med artiklar ­fokuserer vi på smal kunst som kan opplevast utanfor byane. Kva skjer i møtet­ ­mellom bygdefolk og samtids­kunst?
  • I DAG: Odelsguten og fantefølget, kunstverk sett opp i bygda Kvam i Gudbrandsdalen.
  • Kunstverket vart fyrst sett opp i 2017 av arkitektgruppa Fellesskapsprosjektet å fortette byen (FFB), med Joar Nango, Eystein Talleraas og Håvard Arnhoff.
  • Etter episodar med hærverk og protest i bygda valgte Nord-Fron kommune i 2017 å ta ned kunstverket, som då hadde tittelen 'European exchange'.
  • I år gjekk kvamværane med på å få kunsten sett opp på nytt, etter at ei lokal gruppe tok initiativet. Kunstnarane i FFB har arbeidd vidare med verket, som vart avduka den 15. juni.

---

Gjekk på trynet

Ein annan viktig årsak til sinnet mange møtte kunstverket med, var mangel på informasjon rundt prosessen. Det seier både kunstnaren Nango, gartnerileiar Bjørke og ordførar Rune Støstad.

– Vi bomma litt, kan du seie – eller, vi tryna vel eigentleg skikkelig, kommenterer han, og ler litt.

– Det burde ha vore bedre informasjon rundt dette, og større forankring i lokalsamfunnet i Kvam.

Truser med avføring

Eit døme på ein viktig detalj, som ikkje var godt nok kommunisert, var at kunstverket i følgje Nango ikkje var ferdig då det fyrst vart sett opp.

– Det vi sette opp den hausten var grunnfundamentet til ein skulptur som skulle utvikle seg, forklarer han. – Vi ville ha ein open prosess.

Motviljen i bygda mot det uferdige kunstverket vart imidlertid så sterk at kommunen valgte å ta det ned, etter ein episode med hærverk, som mellom anna inkluderte truser fulle av avføring. Etter nesten to år med diskusjonar fram og tilbake, fekk Nango og dei to andre i gruppa lov til å ferdigstille kunstverket.

Resultatet var avduka den 15. juni – til blanda reaksjonar.

– Det desse kunstnarane har laga går fint på Høstutstillingen i Oslo, men krasjar her med bygda. Viss ein lagar kunst som skal vere del av eit nærmiljø, så må ein finne ut kven som bur der.

—   Arild Teigen, lærar og historikar frå Kvam

Odelsguten og fantefølget

Steinen er framleis den same. Men elles har kunstverket i Kvam, som no har fått tittelen 'Odelsguten og fantefølget', gått gjennom ein liten transformasjon. Møkkaspreiaren har fått grøn lakk og stokken har blitt mørkbrent, med eit inngravert dikt, og det hele er kopla saman med ei fontene kledd med kopar.

– Det vi har fått no er noko heilt anna enn det vi hadde, kommenterer gartnar Kjell Olav Bjørke, som altså ikkje er like kritisk som før.

– No er det jo litt meining i det, synest han.

Men det er det ikkje alle i bygda som er einige i.

Har ikkje forstått bygda

– Det er visuelt babbel!

Vurderinga kjem frå Arild Teigen, historikar og lærar frå Kvam. Han meiner at kunstnarane bak 'Odelsguten og fantefølget' ikkje har forstått staden dei har sett opp kunstverket sitt på.

– Det er gali kunst på gali sted, meiner Teigen.

– Det desse kunstnarane har laga går fint på Høstutstillingen i Oslo, men krasjar her med bygda. Viss ein lagar kunst som skal vere del av eit nærmiljø, så må ein finne ut kven som bur der. Ellers vert det heilt meiningslaust.

– Kunstnaren seier at verket er ein ode til sjølvbergingskulturen i Kvam?

– Eg meiner det blir fryktelig vagt. Alle samfunna her i Gudbrandsdalen har tradisjon for sjølvberging, det er ikkje noko spesielt for Kvam. For meg verkar det som eit forsøk på å finne eit slags alibi, som treff dårlig.

– Korleis kunne kunstnarane ha forankra verket i bygda?

– Dei kunne ha valgt eit innhald som er rotfesta her. Historia til dølahesten har til dømes djupe røter i bygda. Eller ein kunne ha laga eit minnesmerke over den store delen av folkesetnaden her som reiste til Amerika.

– Kunst skal ikkje vere pent å sjå på, det skal provosere.

—   Anne-Gunn Viken, daglig leiar i bakeriet på Kvam

Fordommar mot kunst

Teigen meiner at kunstverket har gjort skade på folk i Kvam sitt tilhøve til samtidskunst.

– På bygda finst det mange fordommar mot kunsten, som dette verket har oppfylt på alle måtar. No er fordommane forsterka. For oss som er glade i kunst er det synd, seier han.

Men noko er på gong i Kvam, som ikkje heilt stemmer overeins med denne analysen. Ikkje berre har folket i bygda gått med på å få opp igjen det omstridde kunstverket – no arbeidast det også for å få plass heile ti nye kunstverk, som del av ein ny kunststi i Kvam.

Anne-Gunn Viken, daglig leiar i bakeriet på Kvam, er mellom dei som har engasjert seg:

– Vi har sett verdien av å ha dette kunstverket, og ønskjer å snu det negative til noko positivt, fortel ho.

– Sjølv om ikkje alle ville ha det opphavlege kunstverket, så er det breidt engasjement i bygda for kunststien.

Bygda til Høstutstillingen

Viken trur at konflikta rundt 'Odelsguten og fantefølget' har aukt mange i bygda sin interesse for kunst. Det er i alle fall tilfelle for henne sjølv.

– No har vi jo sett kor mykje kunst kan ha å seie. Eg har fått lyst til å sette meg meir inn i det, få ei bedre forståing for ulike sider av kunsten.

I tillegg til satsinga på kunststi kan Viken fortelje at det til hausten er planlagt ein felles busstur frå Kvam til Oslo, for å gå på Høstutstillingen. Det håper ho at mange vil bli med på.

– Kunst skal ikkje vere pent å sjå på, det skal provosere, meiner ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje