Hjelpa som ingen andre gjev

Ein kopp varmande te. Ein plastsekk med ­nyvaska klede. Eit husvære til ein familie på fem. Langs flyktningrutene aust i Europa strekkjer kyrkjelege ­organisasjonar ut hjelpande hender.

Reportasje

‘Alle får, alle får. Hugs, berre eitt beger’.

Med myndig røyst deler Slavisa Rosic ut pappbeger med rykande varm te til unge menn utanfor det ­enkle kjøkkenet. Han har i 20 minutt varsla tørste afghanarar at dei må vente på drikken, han må bli trekt ferdig.

Når sukkeret er løyst opp, er Rosic klar. Han byr på te frå klokken 10 til 16, kvar dag.

– Ingen tek to beger, formanar han. Folkeskikk må lærast.

Slavisa Rosic arbeider for ­Caritas, den internasjonale hjelpeorganisasjonen til den verdsvide katolske kyrkja. Caritas Serbia blei skipa i 1995 for å handtere dei store hjelpebehova som Balkan-krigane skapte. Sidan flyktningkriseåret 2015 har organisasjonen vore tilstades i alle statlege flyktningmottak i Serbia.

Vårt Land er på mottaket i Krnjaca,­ ein liten tettstad nord for Beograd. Leiren blei reist i 1991 for å huse serbiske flyktningar frå Kroatia då Jugoslavia gjekk i oppløysing, og skapte eit inferno av krig og etnisk reinsing.

På mottaket møtte dei første syriske­ flyktningane som kom til Serbia sommaren­ 2015 dei siste serbiske flyktningane som flytta ut.

To grupper på mottaket

– Me såg at behovet for hjelp var enormt, og at nokon måtte ta ansvar for å etablere hjelpeprogram. «Nokon» blei oss, fortel Miodrag Zivkovic, programkoordinator i Caritas-avdelinga i Beograd bispedømme.

På mottaket i Krnjaca bur det om lag 350 flyktningar fordelt på to store grupper, barnefamiliar frå Iran og mindre­årige ­gutar frå Afghanistan og land i Vest-Afrika.­ Alle ventar på å få sleppe gjennom eit av Europas trongaste asylnålauge; inn til EU-landet Ungarn.

Finn nye vegar

Den austlege flyktningruta inn i Europa er stengt. På papiret.

I mars var EU-Tyrkia-avtalen tre år. Han seier at Tyrkia skal stoppe alle flyktningar som vil ta seg til Europa, til Hellas, med båt eller over land. Men avtalen har store hol.

I fjor registrerte Frontex, EUs grensevaktbyrå, at heile 56.000 flyktningar og migrantar tok seg illegalt inn i Europa aust i Middelhavet.

Difor er tusental menneske på vandring nordover på Balkan. Dei kjem frå Hellas, inngangsporten til Europa. Dei vil særleg til Frankrike, Tyskland, Storbritannia.

Byggjer gjerder

Men vegen dit er brulagt med piggtråd.

Sidan flyktningtoppåret 2015 har landa aust i Europa bygd gjerder, overvakingstårn og sendt store politistyrkar til grens­ene. Viljen til å opne for menneske på flukt frå krig og konflikt er veik.

Siste land ut er Kroatia. På grensa mot Bosnia-Hercegovina set dei no opp eit gjerde. Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) seier at rundt 10.000 flyktningar og migrantar oppheld seg i land på Balkan som ikkje er med i EU. Alle vil til EU-land.

Ungarns statsminister Viktor Orban seier han har sett opp piggtrådgjerder av omsyn til «Europas kristne identitet». Han stengjer muslimane ute.

Av Ungarns nær ti millionar borgarar, er knappe 0,5 prosent muslimar. Difor vil Ungarn og Orban berre hjelpe forfølgde kristne. Helst i landa dei høyrer heime i.

Lærer nye språk

Men styresmaktene; statsministrane, presidentane, stats­rådane, parlamentsmedlemmene, blir utfordra. Ortodokse, katolske, protestantiske kyrkjer er samde i sak. Dei må hjelpe medmenneske som er på flukt.

– Ein gong til, du må få til den rette ­lyden på siste bokstav.

Olga Zdravkovic driv språkopplæring i Krnjaca. På pultrekkja i klasseromet sit fire lærevillige tenåringar, frå Guinea, Ghana, Mali og Sudan.

Zdravkovic er tilsett i Caritas som lærar og tolk. Ho dansar lett mellom serbisk, engelsk og arabisk. I dag står serbisk på timeplanen.

– Slik skal det lyde, då vil folk forstå kva du spør om.

Læraren er raus med rosen. Gutane får sjølvtillit.

– Viktig å kunne litt serbisk i Serbia, meiner han frå Guinea.

– Ventetida på mottaket er lang, så me kan like gjerne lære litt språk, seier guten frå Ghana.

Serbia er ikkje populært blant flyktningar og asylsøkjarar. Landet er ikkje medlem av EU. I fjor søkte berre 327 om asyl. Interessa for å få opphald er så veik at innanriksdepartementet berre delte ut 22 løyver i april i år.

Må ha støtte utanfrå

Lenge måtte flyktningane i Krnjaca vaske kleda sjølve. Dermed blei den personlege hygienen så som så, særleg blant dei mange tenåring­ane i leiren. Difor blei dagen då Milanka Dabic slo opp dørene til vaskeriet ein merkedag.

– Eg lærer dei å sortere kvitt i ein sekk og kulørt i ein annan, forklarar Dabic, og tek i mot ein svart søppelsekk frå ein ung afghanar:

– Du får kleda tilbake i morgon.

Guten gjev smilande slepp på skittentøyet.

– Vaskeriet betyr umåteleg mykje for livskvaliteten til den einskilde. Du kan sjølv tenkje deg korleis det vil vere å gå rundt dag etter dag i skitne klede, seier ­Caritas-koordinator Zivkovic.

Midla til drifta av vaskeriet, som er installert i ein kontain­er, kjem frå Caritas Tyskland.

Er åleine på mottaket

Serbias flyktningforvaltning tilbyr minimumsløysingar, losji og kost. I Beograd ser ein helst at flest mogeleg reiser vidare.

– Miodrag Zivkovic, dersom ikkje Caritas hadde vore her i Krnjaca-leiren og tilbydd språk­opplæring, vaskeri, barnehage – og teservering, kven ville vore her og tilbydd dei same tenest­ene?

Programkoordinatoren smiler, slår ut med hendene:

– Ingen, absolutt ingen andre.

---

På flukt

  • I 2015 kom vel ein million flyktningar og migrantar til Europa. Storparten kom med båtar til Hellas frå Tyrkia, reiste vidare nordover gjennom Makedonia, Serbia og inn i EU-landet Ungarn.

    Allereie i 2015 byrja Ungarn å byggje grensegjerdet mot Serbia, og statsminister Viktor Orban har i fire år ført ein aggressiv flyktningpolitikk; halde dei unna landet, dei få som slepp inn blir plasserte i sterkt kritiserte transittleirar før dei får opphald.

    Sidan mars 2016 har EU hatt ein avtale med Tyrkia om at landet skal stoppe flyktningane som vil til Hellas, men avtalen har smotthol, i fjor steig talet på flyktningar som kom seg til Hellas frå Tyrkia, storparten vil Nord-Europa.

---

Lukka land

To rader med nettinggjerde. Piggtråd på toppen. Vakttårn. Overvakingskamera. Væpna politi med hund. Ungarn.

Gjerdet er 175 kilometer langt, og held grensa mellom Serbia og Ungarn fullstendig stengt. Her er ingen smotthol. Berre to stader er grensa open for ferdsel.

Dagleg slepper berre to asyl­søkjarar inn i Ungarn frå Serbia, ein ved kvar av dei to grensepostane. Blir ein familie på fem lost gjennom, slepper ingen ­andre inn på fire dagar.

Eg kjører leigebilen fram til ­politikvinna som ber meg opne dører og bagasjerom. Alle må sjekkast. Ingen skal få lure seg inn.

Berre 670 personar fekk søkje asyl i Ungarn i fjor, fortel Europas flyktningråd (ECRE). Berre 474 fekk asyl eller opphald på humanitært grunnlag.

Synleg muslim

– Eg er heldig, eg får utdanning. Familien min er heldig, mor får jobbe som jordmor på sjukehus. Me har det godt i Ungarn, faktisk.

Narjes Hussaini er muslim. Med oransje hijab er ho godt synleg i Budapests gater. Det er også meininga. Tenåringen vil vise at ho er annleis, men at ho høyrer heime i Ungarn.

Eigentleg skulle ho nordover til Tyskland, i 2015. Lagnaden ­avgjorde at den afghanske flyktningfamilien blei i framand­fiendtlege Ungarn.

– Me kom til Budapest og hadde­ betalt menneskesmuglar­ane for å bli kjørt til Wien i Austerrike, men bilen som dukka opp hadde berre plass til fire, og me var fem. Då tok mor ei vanskeleg avgjerd, ho sa at «anten blir alle med eller ingen».

Narjes Hussaini, mor, far, to søsken stod att då bilen kjørte. Sjåføren nekta å ta fem passasjerar og foreldra hadde ikkje pengar til ny transport.

– Me blei i Budapest, noko som var særs ille for meg. Eg hata dette landet, eg visste ­ingenting om det, og me opplevde oss ikkje velkomne. Eg ville berre til Tyskland, for det landet hadde eg høyrt så mykje godt om.

Informerer elevar

Tenåringen er klar for å bli med ut på skulebesøk. Ho er innom kontoret til hjelpeorganisasjonen ­Diakonia, som blir driven av den lutherske kyrkja i Ungarn.

Hussaini, som går på vidaregåande med spesialisering i IT, vil gjere det ho kan; betale litt tilbake for hjelpa familien fekk av Diakonia då dei stod der, på gata i Budapest, utan å vite kva som no skulle skje med liva deira.

– Me trong husly. Diakonia gav oss dette.

Difor vitjar Hussaini skular i Ungarns hovudstad saman med Diakonia, som driv informasjonsarbeid om flyktningane som kjem til landet.

– Eg fortel kva det betyr å vere flyktning, muslim og ung kvinne.

I eit land som gjer alt det kan for å stengje flyktningar ute, særleg muslimar, kunne ho lagt til. Og som har ein statsminister som langar ut mot flyktningar, særleg muslimar, kvar gong han ser ein mikrofon.

Gøymde jødar

Diakonia held hus aust i storbyen, i eit sliten, men multikulturell bydel. Ein gong var lokala ein hestestall, så gav eigaren eigedommen til den lutherske kyrkja, som bygde kyrkje, kontor og eit husvære. Her er ein syrisk familie innlosjert. Men dei ønskjer å vere for seg sjølve.

– Vårt oppdrag er å skaffe husrom til flyktningar som får opphaldsløyve i Ungarn, for det gjer ikkje staten, fortel sjefskoordinator Attila Mészáros.

Oppdraget kjem frå Ungarns lutherske kyrkje. Og har djupe røter.

– Me går i fotefara til pastor Gabor Sztehlo, seier Mészáros.

Under andre verdskrig tok den lutherske presten hand om foreldrelause jødiske barn i Budapest. Han gøymde dei rundt om i byen slik at dei tyske okkupantane ikkje skulle finne dei. Og sende dei til utryddingsleirane.

Hjelp med husvære

– Statens einaste tilbod til dei få som får opphald, er mottaksleirar som ligg tett inntil grensa mot Slovakia. Kvifor det trur du? Lett å bli freista til å reise vidare nordover, smiler koordinator Julia Andrasi.

Både Mészáros og Andrasi sit bøygde over PC-ane på Diakonia-­kontoret. Dei skriv søknader om pengestøtte. Snart er kontoane skrapte. Søknadane sender Diakonia til langt rikare lutherske kyrkjer i Vest-Europa.

– Me vonar fleire kan dele med oss, for hjelpa me kan yte trengs verkeleg.

Diakonia hjelper familiar og einslege menn med utleigehusvære for ei tilmålt tid. Til dei får fotfeste i Budapest, utdanning, jobb, eigen bustad. Mennene må ta til takke med hospits, for då rekk pengane lenger.

– Utan dykk, utan Diakonia, ville nokre andre ha gjort denne jobben?

– Nei, eg trur ikkje det, seier Julia Andrasi.

I Hellas ventar opp mot 70.000 flyktningar og migrantar på å få sleppe ut av landet. Dei vil nordover i Europa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje