Rom for alle

Dei tilhøyrer ein nasjonal minoritet som har vore kraftig hundsa. No fyller dei ei gammal kyrkje i Oslo med fargesterk romkultur. Ein generasjonsdraum er oppfyllt.

Reportasje

Dei veltar inn døra, slengjer frå seg skulesekkane og kastar seg høglydt ut i leiken inne i salen. Brått står ein pjokk i kjøkkendøra.

– Mat snart?

Freden senkar seg rundt langbordet. Lukta av mat har lokka ungeflokken til kjøkkenet. Angela Gry ber fram rause fat med steikte pølser. Rosa Josef ser til at alle får brød, ketchup og sennep. Det er timar sidan matpakkene blei fortært på skulen. Pølsene gjev krefter til timar med leik og moro.

Liten minoritet

Alle barna er rom, ein nasjonal minoritet som lenge bar eit heilt anna namn i Norge; sigøynarar. I dag tel minoriteten ein stad mellom 500 og 700 personar, og så godt som alle bur i Oslo og Akershus.

Fire ettermiddagar i veka er det fritidsklubb for barn yngre enn 13 år på Romano kher - Romsk kultur- og ressurssenter. Den femte dagen, fredag kveld, er det ungdomsklubb for dei mellom 13 og 18. Kvar torsdag er det leksehjelp.

- Eg hentar barna på skular over heile Oslo, og kjører dei til senteret, fortel Josef.

Tokulturelle

Blant norske rom er det veik tradisjon for å delta i organiserte fritidstilbod. Mange foreldre vil likevel at barna deira skal delta i fritidsaktivitetar, men har samstundes eit ønskje om at barna har vaksenpersonar rundt seg som dei kjenner.

Difor husar Romano kher eit fritidstilbod for barn og ungdom i skulealder. Kher tyder hus på romanes, språket som bind rom saman, på tvers av landegrenser.

Robert Lorentsen leiar barne- og ungdomsarbeidet til senteret. Han understrekar oppdraget:

- Vi skal hjelpe til med å styrkje barnas to kulturelle identitetar. Dei er både norske og rom.

Difor er leiaren oppteken av mat, «for mat er kultur». No arbeider han med menyen på fritidsklubben.

– Vi skal ha ei veke med norsk mat, kjøtbollar, pølser, lasagne, og så skal vi ha ei veke med romsk mat, som er litt meir kaloririk mat, gjerne gryterettar. Og så blir dei ei veke med norsk mat igjen.

LES OGSÅ: Utleigarar vil ikkje huse rom-kultur

Diskriminering

Romsk kultur- og ressurssenter opna dørene i januar, og held hus i Gamlebyen kyrkje, som ei mellombels løysing. Senteret er sjølve symbolet på at storsamfunnet prøver å gjere opp for gammal urett; ein lovfesta rasistisk politikk som skulle hindre rom å vandre inn til landet, og jage ut dei få som var her.

Romano Kher er eit resultat av den norske stats oppreisning for rom-minoriteten i Norge. Statsminister Erna Solberg (H) gav i 2015 ei offentleg orsaking til norsk rom for diskrimineringa og stigmatiseringa dei har vore utsette for før og etter siste verdskrig.

Saman med orsakinga følgde det pengar over statsbudsjettet til oppreisingsarbeid. Sidan 2016 har Kirkens Bymisjon koordinert arbeidet med eit eige kultursenter, med midlar frå Kommunaldepartementet, og i tett samarbeid med romske organisasjonar som har samla seg i Romsk råd.

---

Romano kher

  • Romsk kultur- og ressurssenter, opna i januar. Har 16 tilsette, 12 rom, 4 ikkje-rom. Blir drifta av Kirkens Bymisjon.
  • Fekk 13 millionar kroner til etablering og drift via statsbudsjettet 2017.
  • Driv organiserte fritidstilbod for barn og unge, og Brobyggertjenesten, som tilbyr vegleiing for rom, dialogmøter, skulebesøk og opne kulturarrangement med blant anna romsk musikk, dans, mat, film og foredrag.
  • Tilbyr Rom viser vei, eit pedagogisk opplegg om rom og romsk kultur for bruk i skulen.

---

Kulturveke

- Set dykk i ring, ein på kvar stol.

18 ivrige barn, dagens frammøtte på fritidsklubben, samlar seg rundt Charlotte Øster. Forteljaren er hyra inn for å lage ei framsyning med og for barn som skal inn på programmet til Romsk uke som blir arrangert på senteret – og på andre scenar i Oslo – i slutten av oktober; ei veke med film, dans, mat, musikk, foredrag, debatt og fest, som til saman og kvar for seg skal vise storsamfunnet kva romsk kultur rommar i 2018.

- Berre ein på kvar stol, krev Øster.

Ivrige

Ho varmar opp med å fortelje eit eventyr. Så blir dei ivrigaste i flokken inviterte til å vere med å skape stykket som skal visast om tre veker.

To jenter spring til og frå. Det er vanskeleg å velje; fri leik i den gamle kyrkjesalen som er gjort om til fritidsklubb, eller sitje stille og lære av Øster.

Ei vel leiken. Den andre vel kulturoppdraget.

Brubygging

På kjøkkenet har Angela Gry rydda vekk serveringa. Inger Sigfridsson rakk også ei pølse før kontoret kalla på nytt. Sosialantropologen var i 2009 med på å etablere Veiledningstjenesten i Oslo kommune, eit offentleg hjelpetiltak med eitt mål: Sikre rom-minoriteten eit liv i det norske samfunnet på same vilkår som resten av befolkninga.

Då Romano kher blei etablert, blei Veiledningstjenesten flytta til senteret og omdøypt til Brobyggertjenesten. Her er Sigfridsson rådgjevar.

– Vi hjelper til med å finne fram i det offentlege Norge, fortel ho.

Med Romano kher får vi høve til å vise fram kven vi er

—   Rosa Josef

Brobyggertjenesten er sett saman av rådgjevarar med romsk og ikkje-romsk bakgrunn. Men alle har lang røynsle med arbeid med rom. Tenesta er eit viktig tiltak då mange norske rom manglar grunnleggjande skuledugleikar, og har veik tillit til storsamfunnets institusjonar.

– Vi legg til rette for dialogmøte og foredrag på skular, der romske brubyggjarar fortel om romsk kultur og historie. Minoriteten er framleis lite kjent i storsamfunnet, meiner Sigfridsson.

Rosa Josef følgjer forteljar Charlotte Østers arbeid med barnegruppa med stor interesse. Ho kjenner at senteret gjer henne til ein stolt rom. Josef er her dagleg, gladeleg.

– Med Romano kher får vi høve til å vise fram kven vi er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje