Ein høgare kvelving over livet

Ingrid Storholmen trur at språket skaper kva det nemner.

Min tro

– Eg synest det er noko fascinerande ved å brenne så sterkt for ei sak at du dreg ut i verda for å endre andre si tru, seier Ingrid Storholmen.

Forfattaren blei rørt av å opphalde seg på «misjonsmarka» i researchen til den nye romanen sin, Støvberar. Samtidig merka ho at misjonsarbeidet var på hell. Iallfall i India, der ingen lenger får visum til å drive misjon. Det er snart tretti år sidan den siste norske misjonæren la ned arbeidet blant det indiske santalfolket.

Ringverknadene etter fengselsfuglen og fattigguten Lars Skrefsrud har likevel vore store. Skrefsrud drog til India som misjonær på 1860-talet og blei grunnleggar av den såkalla Santalmisjonen, fusjonert inn i Normisjon i 2001.

– Rundt om i landet er Santalmisjonen noko som dei fleste kjenner til, mens det i Oslo-gryta er noko framandt, slik ordet emissær er framandt. Det finst eit manglande mangfald i kulturradikale kretsar, seier Storholmen.

Spydspiss for evangeliet

At det kom ein misjonær på besøk til skulen hennar og fortalde frå misjonsmarka då ho var barn, hugsar ho som spennande. Dette var i ei tid då det ikkje var så vanleg å reise utanlands, slik det på nytt er blitt under koronapandemien. Misjonsforteljingane var ein billett ut.

– Det er openbert lett å kritisere misjon, kopla som han blir til kolonialisme. Misjon er ikkje stuereint lenger. Men for meg er misjon det same som diakoni, den kristne omsorgstenesta, som igjen er spydspissen for evangeliet. Det er så sterkt når evangeliseringa er knytt til bistand, til hjelp. Å drive misjon er å vise nestekjærleik. Frans av Assisi seier at vi skal forkynne evangeliet «om nødvendig med ord». Du skal vise fram trua di gjennom å vere eit eksempel, ikkje ved å halde foredrag, seier Storholmen.

LES MEIR: Joanna Rzadkowska gjorde opprør mot skamma og skuldkjensla som ho følte at kyrkja hadde lagt på henne

Forfattaren synest ikkje det er noko urimeleg eller stygt i at menneske får høyre om Jesus, så dei kan ta sitt eige val om å tru på han eller ikkje. Det treng ikkje vere ei mild form for rasisme å tru at eins eigen Gud er betre enn den andre sin, meiner ho. Storholmen ser på Mor Teresa som ein helt. Litt uti slekta hennar finn vi også ein misjonær for Kinamisjonen, som seinare blei til Norsk Luthersk Misjonssamband. Hennar eigne erfaringar med misjonærar handlar slett ikkje om folk som dunkar ein kristen bodskap i hovudet på andre.

– Misjonering med hard hand finst ikkje lenger, seier ho.

Følgjer kallet

Det positivet synet på misjon var viktig for henne då ho skreiv romanen Støvberar. Hovudpersonen i romanen, Ingeborg, reiser ut som misjonær etter å ha gått igjennom ein mjuk radikaliseringsprosess, ho er blitt frelst. Rett nok blir misjonærlivet ingen dans på roser. Det inneber stor grad av forsaking, noko som blant anna går kraftig utover kjærleikslivet. Ingeborg, som ikkje er spesielt veleigna til å bli misjonær, vel likevel å følgje kallet.

– Eg synest ikkje tanken om eit kall er noko framandt. For meg er det litteraturen som er plassen min i verda. Eit fellestrekk mellom misjonskallet og forfattarkallet er kjensla av at det ikkje er noko anna ein kunne gjort, seier Storholmen.

I arbeidet med romanen fordjupa ho seg i den norske misjonshistoria, som ho synest er svært interessant, ikkje berre for boktitlar som «Der brunosten sveittar». Gjennom si eiga bok stiller ho blant anna spørsmålet om ein er ein nøydd til å vere god for å gjere gode handlingar. Kva er motivasjonen for handlingane våre? Ho er også opptatt av korleis trua blir omsett i vårt eige liv.

– Det er nokon som gjer litt meir enn å gå i kyrkja kvar søndag. Dei brukar heile livet sitt på at dei er truande. Det er ikkje nokon hobby.

LES MEIR: Alt er mogleg for den som trur, meiner Runar Søgaard

---

Ingrid Storholmen

  • Forfattar
  • 44 år
  • Kjem frå og bur i Verdal
  • Debuterte med diktsamlinga Krypskyttarloven i 2001
  • Aktuell med romanen Støvberar (Aschehoug)

---

Kunne vore prest

Sjølv er Storholmen så opptatt av dei store spørsmåla at ho i eit anna eller parallelt liv heilt sikkert kunne vore prest.

– Teologien slår filosofien ned i støvlane. Han har eit endå større verkefelt, og han kan endre liv. Å vere prest må vere drøymejobben. Å skrive preiker som skal verke i folk. Men det er forfattar eg er.

Storholmen gav seg sjølv i oppgåve å skrive ei halv side om tru kvar dag i ei årrekkje, ho fekk ikkje reise seg frå stolen før jobben var gjort. Mykje av teksten er skoren bort, mykje er komprimert ned, og essensen blei den nye romanen. Gjennom skrivearbeidet har ho drive ein langstrekt refleksjon også rundt eiga tru.

– Eg er sjølv oppvaksen i ein kulturkristen heim. Og det kulturkristne vil eg gjerne snakke positivt om. Vi gjekk i kyrkja med jamne mellomrom, oftare enn berre jul og påske, og det var totalt uaktuelt at barna ikkje blei døypte. Far min sat i soknerådet i åtte år. Kyrkja danna ei ramma om livet, seier Storholmen.

Denne ramma er der framleis.

– Sjølv sit eg i soknerådet på Stiklestad på femte året. Og eg har alltid bedd lange, lange aftanbøner. Nesten ein halvtime kvar kveld. Det starta eg med då eg var lita. Det gjer eg sjølv når eg kjem heim frå fest.

Språket skaper

Då ho gjekk på hovudfag i litteraturvitskap, skreiv ho om den performative krafta i språket, at språket skaper kva det nemner.

– Det likar eg. Det mest radikale er når du seier «Fader vår», då har du allereie etablert Gud ved di side. For meg er ikkje språk leik, det er skapande. I dette ligg også heile trua mi på litteraturen.

– Bibelen fortel at Gud skaper gjennom språket. Gud sa, og det blei, som det står i skapingssoga.

– Det er akkurat det! Skapinga i språket er ein av dei tankane som hentar ned mest meining kring det eg driv med. Kanskje blir eg ein dinosaur som trur at litteraturen er så viktig framleis. Men dersom ikkje forfattarane trur det, er det iallfall ikkje nokre andre som trur det.

I pakt med dette irriterer ho seg dersom presten i gudstenesta «skundar seg» gjennom truvedkjenninga og velsigninga.

– Bruk heller liturgien til noko skapande, i staden for å dure gjennom han!

Teologien slår filosofien ned i støvlane.

—   Ingrid Storholmen

Insisterer på livsalvoret

Det er Gud ho ber til når ho ber. Tanken på Gud er mektigare for henne enn tanken på Jesus.

– Gud er den aller største kvelvingen over livet vårt. Samtidig er det ein distanse i den allmektige som eg tenker er bra. Jesus blir mykje meir inderleg.

For Storholmen er tanken om ein høgare kvelving over livet knytt til det ho omtaler som livsalvoret, som er sterkt til stades hos henne som menneske og forfattar.

– Eg må vitne om det viktige. Eg insisterer på det store alvoret. Alt blir lite utan det. Men dette alvoret blir stadig underminert av underhaldningsindustrien og humorhelvetet. Det treng eg å beskytte meg mot, seier forfattaren, som heller ikkje er til stades på eit einaste sosialt medium.

Alt ho skriv, tenderer mot å vere gravalvorleg, meiner ho sjølv – og humrar. For trass dette er ho i godt humør.

– Men livsalvoret er det aller viktigaste å skrive om. Vi treng at nokon løftar fram dei orda som er større enn oss sjølve.

Ho trekkjer pusten. Er redd for å verke pretensiøs, men lar det stå til:

– Det er ei alvorleg sak å leve. Å forvalte den vesle tida vår på jorda. Det er nesten flaut å seie noko slikt, men vi må bruke tida vår til å tenke på ordentlege ting.

Trur på orda

På vegne av litteraturen er ho både optimistisk og pessimistisk. Krafta i litteraturen har ho ei usvikeleg tru på. Orda kan berge jorda. Men rammevilkåra står fram som dystrare og dystrare. Det har snart gått tjue år sidan bokdebuten. Om tjue år, vil det framleis vere rom for slike bøker som ho skriv? Med «slike» meiner ho ikkje bestseljande underhaldningsromanar, men tenkande og meir stillfarne bøker. Sidan ho bur på bygda, på eit småbruk eit par mil frå Verdal, får ho likevel skrivinga til å gå rundt økonomisk. Sjølv etter at ho blei småbarnsmamma.

– Eg fekk ei dotter på tampen av min «fertile karriere». Det har vore ein veldig bra ting. Sjølv om eg ikkje har hatt ei einaste frihelg det seinaste året, er eg ikkje fysisk utsliten. Når ein får barn, avgrensar det seg litt meir kor mykje ein kan arbeide, og det er kanskje sunt.

LES MEIR: Då Haddy Njie fekk ei dotter, såg ho verda og sitt eige liv på nytt

Ekstra inspirasjon kan også dukke opp. Til dømes var det dottera, Harriet, som insisterte på at mamma måtte skrive inn ordet «regnbogeklump» i den nye boka si. Og slik blei det.

– Snakkar du med dotter di om tru?

– Ja. Ho skal få fireårsbok snart. Og ho elskar Kirkerottene. Ho er med i kyrkja. Ein dag kom ho heim frå barnehagen og sa at «dei i barnehagen spurte om vi snakka mykje om Gud og Jesus heime». Vi snakkar også om gresk mytologi, altså. Men ho har eit Madonna-bilete over senga si. Ein annan dag spurte ho om Jesus er sjenert. Då blei eg svar skuldig.

Enkel barnetru

Ho les bibelhistorier for dottera, som synest alt er interessant, og ho les også mykje i Bibelen sjølv. Fleire gonger, særleg i 20-åra, har ho lese Bibelen frå perm til perm i påska.

– Kor mange timar tek det no igjen? Ein må iallfall starte tidleg om ein skal rekke å ta seg ein skitur på første påskedag.

Si eiga tru skildrar Storholmen som ei enkel og ikkje-utfordra barnetru. Forfattaren og litteraturvitaren, som for mange år sidan også var litteraturredaktør i Morgenbladet, har ikkje kopla på heile sitt kritiske apparat. Sjølv tenker ho at trua kanskje har vore noko ho har følt for å beskytte.

– Før sa eg noko nølande at eg var kristen. Men eg manglar erfaringa med ein personleg frelsessituasjon. Og eg har ikkje hatt ei klar kjensle av Guds nærvær.

– Må ein ha det?

– Eg har vel tenkt meir og meir at det burde ha vore der. Dersom det verkeleg skal vere viktig i livet ditt, så trengs det noko meir.

– Det er vel også noko med å ikkje stille for store krav til si eiga tru?

– Eg trur denne kjensla er eit resultat av arbeidet med romanen. Eg skulle gjerne ha opplevd det sjølv. I det augeblikket ein merkar frelsa, finst det ikkje nokon veg tilbake.

Nåden pustar

Ho kjente seg igjen i eit tidlegare Min tro-intervju i Vårt Land, der forfattaren og forlagsredaktøren Laura Djupvik fortalde om det å vere for kristen til å ikkje vere kristen, og samtidig for lite kristen til å vere det. At ein i nokre miljø blir sett på som litt dum dersom ein seier at ein er kristen, har ho derimot lite til overs for.

– Slik personar vil iallfall at vi skal tru som dei. Dei er kritiske til misjonærar, men snakk om å misjonere sjølv!

At forfattaren som no er aktuell med ein misjonsroman, samtidig er misjonskontakt i soknerådet, er ei solid motmelding til den slags tenkande. Storholmen har ansvar blant anna for misjonsbasarane, som sørgjer for pengar til misjonsprosjektet kyrkjelyden har i Thailand: Lovtakkeheimen og Nådeheimen, tilbod for kvinner som er blitt gravide i sexindustrien.

Nåde er eit omgrep Storholmen har vore opptatt av, også i skrivinga. Diktet «Nåden pustar», som ho skreiv for fleire år sidan, har funne vegen inn i den nye romanen, i ei lett omarbeidd form.

– Kva forhold har du til nåden?

– Nåde og agape er dei største orda i verda. Men eg veit ikkje om eg har open nok kanal til å kjenne nåden på ekte. Eg kan ikkje seie at eg har ei heilt klar kjensle av å ha fått nåde, seier Storholmen.

– Eg misunner dei som har fått prøve kva det eigentleg inneber.

---

4 raske

  • GUD ER: Gud om alle land låg aude.
  • KLARER MEG IKKJE UTAN: Barnet, bøkene og blomane.
  • PÅ GRAVSTEINEN MIN SKAL DET STÅ: Kjærleiken når over dødens grense.
  • BOKA ALLE MÅ LESE: Brannen av Tarjei Vesaas.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro