God nok for Gud

Kahoot-gründer Alf Inge Wang var klar for å forlate trua. Så drog han på mannsleir med 650 andre i den californiske ørkenen.

Min tro

Det er ein heilt vanleg dag. Tidleg om hausten i 2009 sit Alf Inge Wang på sykkelen på veg til jobb. Så får han plutselig «ein veldig klar tanke». Han stoppar og går av sykkelen. Det han høyrer, er ikkje direkte ord. Men han kjenner veldig sterkt på at han må starte eit fellesskap på jobb. Eit kristent fellesskap.

Professoren i spelteknologi stussar litt. Kjem dette frå Gud? Han ber ei bøn i vegkanten: Ok, Gud, om dette er frå deg, så treng eg ei stadfesting. For eg er litt usikker.

Han set seg på sykkelen att, har på ipoden som spelar songar vilkårleg idet han tråkkar vidare. Det første han høyrer, er stemma til Kevin Max som syng I don't really care if you label me a Jesus freak. Så kom det ein song til med same bodskapen: Stå fram, ikkje ver redd for kva folk tenker.

– Så då tenkte eg: Greitt, då gjer eg det.

Alf Inge Wang møter oss via ei datamaskin på heimekontoret i Buvika, utanfor Trondheim. Han har på ei blå t-skjorte, veggen bak han er kvit og tom. Han fortel ivrig om den klare tanken han fekk på sykkelturen for nokre år sidan. No kjem Gud til å gjere store ting på jobb, tenkte han. Alle kjem til å bli frelst.

Det rykker litt i eine munnvika.

– Men det vart ikkje heilt slik.

Ei ekstra kritisk linse

Alf Inge Wang har ei doktorgrad i systemutvikling og underviser ved NTNU i Trondheim. I 2018 fekk han prisen Årets teknologibragd, som første enkeltperson, for suksessen Kahoot. Kahoot er ein nettbasert læringsplattform, som blir mykje brukt i undervisning. 70 millionar menneske verda over brukar spelet aktivt kvar månad, og denne våren har det fått eit nytt oppsving.

– Heimeundervisning kan fort bli tørt og keisamt. Kahoot gir ein annan måte å engasjere elevane på. Og så er det ein måte å teste dei på utan at det vert altfor seriøst, forklarar Wang.

Frå barnsbein av var han veldig interessert i alt han kunne trykke på for å få noko til å skje. Då han som 12-åring oppdaga at han kunne gjere meir med ei datamaskin enn å berre spele på den, opna det seg ei ny verd. Ei openberring, kallar han det. 31 år seinare vart Kahoot lansert.

I dag er Wang rådgjevar i Kahoot, som er blitt eit stort, internasjonalt selskap. Og så forskar han mellom anna på bruken av Kahoot ved NTNU.

Målet hans med spelet, var å kunne engasjere alle studentane i førelesingssalen. Av og til kan der sitje fleire hundre i same rom, og då er det ikkje alle som er like komfortable med å ta ordet. Kahoot endra på det. I tillegg er det viktig for Wang å sjå alle studentane sine, sjølv om han har mange.

– Eg ber stort sett før kvar førelesing. Om at dei skal lære mykje og at dei skal føle at det er godt å vere der.

Kvar gong han startar eit nytt kurs, fortel han at han er kristen. Han tykkjer det er viktig at studentane veit det.

– Somme blir nok meir skeptiske til meg, det legg på ei ekstra kritisk linse. Men det gjer at eg tenker meir konkret på korleis eg er som lærar. Av og til kjem nokon og spør om forskjellege ting, og då er eg open for å svare på det.

Låg profil

Wang vaks opp i Levanger. Sidan mora hadde søndagsskule og barneforeining heime hjå dei, vart sonen med tidleg. Heile barndomen var prega av mykje kristen aktivitet, på både bedehuset og i kyrkja. I tillegg har han vore med i musikklag, ein guteoktett og ungdomskor.

– Eg har nok sett på seg sjølv som kristen heile livet, sånn identitetsmessig, seier Wang.

På ungdomsskulen vart det likevel vanskeleg å seie at han var kristen. Det kjendest flautt, og ein kunne fort bli ekskludert frå gjengen.

– Då køyrde eg ein litt låg profil. Litt sånn «behind the scenes»-kristen, seier han og smiler.

I tillegg tykte han mange av dei kristne aktivitetane var ganske keisame. Som å gå i kyrkja. Det var ikkje noko han ynskte å promotere til medelevane.

– Då eg gjekk i skulelaget, sa eg at eg aldri ville vitne om Gud offentleg. Eg ville helst spele musikk og vere i bakgrunnen.

Eg vart litt usikker på kvar trua mi var hen

—   Alf Inge Wang

God nok for Gud? 

Wang tek av dei svarte hovudtelefonane han har på, kikar litt på dei før han set dei på igjen. Ein rar lyd hadde snike seg inn, men no er det betre.

Då han vert spurt om korleis han vil skildre trua si i dag, pustar han djupt inn og seier han nesten må ta det frå starten. Våren 2008 fekk han ei åndeleg krise, fortel han.

– Eg hadde eit teorigrunnlag i botnen som eg aksepterte. Men samtidig følte eg at det burde vere noko meir enn det. Så eg vart litt usikker på kor trua mi var hen.

Tidlegare hadde han tenkt at det gjekk an å kombinere evolusjonsteorien med Guds skaping. Etter å ha lese mykje i Det gamle testamentet og kritiske innlegg på internett, byrja han å stole meir på evolusjonsteorien.

– Og viss ein trur at alt ikkje er skapt av Gud, så har ikkje Gud så stor hensikt. Då raknar det meste, seier han.

Han skildrar trua si på den tida som ei prestasjonstru. Heile tida prøvde han å bli god nok for Gud. Slik Wang hadde oppfatta kristendomen, måtte han gjere opp for det han gjorde gale.

– Eg tenkte på det som eit slags internt rekneskap. Utgiftene var dei dårlege tinga eg gjorde, inntektene var det gode. Så måtte eg balansere det. Men eg følte alltid at eg var litt i minus.

Til slutt var Wang klar for å forlate heile trua.

Skeptisk

Hausten 2008 reiste han og familien til Sør-California. Som professor fekk han ta eit sabbatsår der, for å forske på det han brenn for – dataspel, programmering og læring. I bakhovudet hadde han ei bok han hadde lese for litt sidan, The Purpose Driven Church av den amerikanske pastoren Rick Warren.

Han fann ut at kyrkja til Warren låg like i nærleiken av byen Irvine, der dei skulle bu.

– Den boka var veldig spanande for meg, fordi det handla om ein som hadde prøvd ut det meste innan kyrkja. Ein som hadde funne ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Det handla om korleis du kan endre på forma, ikkje innhaldet.

Familien byrja å gå regelmessig til kyrkja Saddleback. Men i byrjinga var Wang skeptisk.

– Eg tenkte at amerikanske kyrkjer var berre tull. Så kvar gong dei sa noko, sjekka eg det opp i Bibelen. Eg var veldig skeptisk, noko eg trur kan vere ganske sunt. Og så førte det jo til at eg las meir i Bibelen.

Kyrkja hadde mykje praktisk undervisning, som fletta saman kvardagslivet med det åndelege. Store spørsmål vart stilt: Korleis kan vi vite at Bibelen er sann? Korleis kan vi stole på at Gud finst?

– Det passa veldig bra inn i den tilstanden eg var i.

Vendepunkt

Sjølv om det einaste vi ser under intervjuet er Wang på kvit bakgrunn, er det tydeleg at han har fleire skjermar framfor seg. På den eine verkar det som han har eit notat over ting han ynskjer å fortelje om. Når han snakkar om «trusreisa» si, fer blikket mot skjermen til høgre.

I januar 2009 bestemte han seg for å vere med på ei mannshelg, ein slags leir, som kyrkja i USA organiserte. 650 menn samla seg i Murietta Hot Springs, midt i den californiske ørkenen.
Wang kjende ingen frå før. Det var spesielt éin tale som gjorde sterkt inntrykk. Og som skulle kome til å endre livet hans.

– Det var ein afroamerikansk pastor som fortalde om korleis han hadde levd eit fasade-kristenliv. Han hadde akseptert teorien og vore veldig aktiv, men han hadde ei kjensle av at ikkje alt hang på greip. Eg kjende meg veldig igjen i det.

Pastoren fortalde at kona hans hadde mista livet plutseleg, eit stort sjokk. Dei hadde ungar, han visste ikkje kva han skulle gjere. Alt var berre kaos. Til slutt kom han til eit punkt der han anten ville gi opp eller gi Gud ein sjanse. Han valde det siste.

– Så oppfordra han oss til å gjere det same. Han sa: Der du står eller sit, be ei personleg bøn til Gud.

Wang ba ei kort bøn: Her har du alt, Gud. The good, the bad and the ugly. Eg vil gi alt til deg.

Så kjende han ein fred i kroppen. Det var som om den siste puslespelbrikka kom på plass og han kunne sjå heile biletet.

– Eg slapp Gud til i alle delar av livet. Og for første gong i livet, kjende eg meg heilt tilgitt. Eg fekk ein tillit til at Gud var der. Ikkje berre som ein teori, men på ein konkret måte.

Der og då var han klar for å overgi seg til Gud. Samtidig kjendest det skummelt ut. Han var ikkje sikker på kva Gud ville gjere med det. Om det ville bli veldig fælt.

Det å jobbe med dataspel kan også vere til Guds ære

—   Alf Inge Wang

Ein touch av Gud

– Kvifor trudde du det ville bli fælt?
– Eg frykta at han ville tvinge meg i ei retning eg slett ikkje ville. Viss du skal gjere noko for Gud, så må du bli prest eller misjonær. Kanskje til naud lege eller sjukepleiar. Men ikkje jobbe med dataspel.

Etter leiren i ørkenen, byrja han å reflektere meir over sitt eige liv. Var det eigentleg greitt for Gud at han jobba med dataspel? Han ba fleire bøner, der han ba om godkjenning frå Gud. Fleire gongar følte han at han fekk svar. Sommaren 2012 deltok han på ein mannsleir i regi av Normisjon i Trøndelag. Der vart han oppfordra til å snakke om visjonen for livet sitt, i eit gudsperspektiv.

På denne tida hadde han arbeidd med prototypar av Kahoot i fleire år. Han og kollegaer reiste rundt på messer for å promotere spelet, men ingen var interessert.

– Eg hugsar at eg sa at eg drøymde om at Gud kunne bruke kunnskapen og interessa mi for dataspel til å glede folk over heile verda. Det var visjonen, fortel Wang.

Kort tid etter leiren, fekk Wang ein invitasjon til House of Lords i England, som skulle ha ei arrangement om dataspel i interaktiv læring. Deretter balla det på seg. I 2013 vart Kahoot lansert. Fire år seinare runda læringsplattformen éin milliard spelarar.

– Så den visjonen gjekk i oppfylling. Ein touch av Gud, tenker eg.

– Er Kahoot eit svar frå Gud, slik du ser det?

– Det er litt komplisert å svare på, for det er mange forskjellege folk som er involvert. Men for meg, er det også eit svar frå Gud. Eit svar på Guds eksistens. Og at det å jobbe med dataspel også kan vere til Guds ære.

Ein plan

Tilbake til NTNU. Etter at han hadde fått «den klare tanken» om å starte eit kristent fellesskap på jobb, parkerte han sykkelen utanfor universitetet på Gløshaugen og sette seg på kontoret. Omringa av dataspel, bøker, spelkonsollar og Bibelen, sende han ein e-post til instituttleiinga. Han spurde om han kunne få eit grupperom til kristne samlingar, og om han kunne få annonsere det på instituttet.

Det gjekk 3-5 månadar før han fekk svar.

– Eg merka at instituttleiaren unngjekk meg, for det verka som han syns dette var litt ekkelt. Og rykta sa at dette gjekk heilt opp til styrenivå ved NTNU, seier han og hevar augebryna.

Wang kunne få eit grupperom, men berre etter arbeidstid. Og han fekk berre løyve til å annonsere det gjennom ei e-post-gruppe, der han måtte velje ut kven som skulle inviterast inn. Det var to avslag, følte professoren.

– Då var eg litt sur på Gud. Han sa eg skulle starte dette, og så får eg ingenting. Kva er dette for noko tull? No legg du ikkje godt til rette, tenkte eg.

Eit par-tre stykker bestemte seg likevel for å møtest på Wangs kontor kvar veke. Dei ba, las i Bibelen, snakka om liv og tru. Så fekk Wang nyss om at der var ein ateist på instituttet som hadde resonnert seg fram til at Gud eksisterte. Då Wang spurde om han ville vere på samlingane, svarte han ja med ein gong.

På det neste møtet på Wangs kontor, fortalde kollegaen at han hadde lengta etter eit slikt fellesskap. Det var viktig for han at det ikkje var på eit grupperom med mykje folk, for det hadde han ikkje takla.

– Då skjønte eg at Gud faktisk hadde hatt ein plan med dette, fortel Wang ivrig gjennom skjermen.

– Det lærte meg at Gud tenker på individet, ikkje på kor mange folk han når eller kor stort rommet er. Enkeltpersonane er det viktigaste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro