Frå ungdomsvekkelse til nostalgisk møtestad for eldre
Med duskregn i lufta går det mot kveld på Dyrskuplassen på Seljord. Plassen er fylt med campingvogner og bilar, og mot ein stor møtesal vandrar folk med paraplyar og regnklede. Frå long veg kan ein høyre musikk frå bygget, og det er ikkje så rart, for på scena kan ein telje sju songarar, seks gitaristar, tre trekkspelarar, ein bassist, ein trommis og ein på elektrisk orgel.
– Eg startar med å syngje ein song, og det er sjølvsagt ein av Aage Samuelsen, seier Haakon Martinsen (54) som skal halde opningstalen på sommarstemnet til Maran Ata.
Aage Samuelsen er eit kjend namn for dei fleste som kjem inn dørene. Sakte, men sikkert byrjar salen å fyllast med folk som kjenner songane godt. Denne musikken har vore med dei i alle år. I benkeradane sit folka og syng med og klappar til musikken. På dei første songane står nesten alle i salen. Etterkvart må fleire og fleire sitje seg, det tek på å bruke beina song etter song. Mykje har endra seg i liva til dei som sit i benkeradane, men på Maran Ata-sommarstemnet veit dei kva dei går til.