Finn sjelero i knitring, spraking og støy

Lasse Marhaug og Petter Flaten Eilertsen lagar musikk av straum og gammalt skrot som manglar rytme og melodi. Det får dei ro i sjela av.

Publisert Sist oppdatert

– Musikken min høyrest ut som når høgtalarane er øydelagde. Det er slik eg vil ha det, seier multikunstnar Lasse Marhaug.

Om lag ein gong i året går eg på støykonsert. Som oftast må eg gå åleine. Men det gjer ingenting. For blant støyentusiastar i Oslos mørkare krikar og krokar er det lett å kjenne seg velkomen, og når ulydane strøymer ut av høgtalarane skjer noko eg ikkje forstår: Skuldrene går ned. Pulsen går ned. Men trivselen, den går opp.

Ein gjennomsnittleg støykonsert ser omtrent slik ut: Ein person står bak ein pult med eit virvar av leidningar som går inn og ut av dingsar som vedkommande skrur, ristar og slår på. Og omtrent slik høyrest ein gjennomsnittleg støykonsert ut: YUHNGO B=Q......VÅ#P="......kfæAMVrw79h5o8y4jrhæads!

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS