– Vi hadde trengt eit flørtekurs

Ella (16) blir ikkje sjarmert av gutar som slår jentene på rumpa. No tek elevane til orde for eit oppgjer med seksuell trakassering.

Eksistens

– Ungdom slit med å vite kor grensa går, seier Ella Leirvik (16).

Metoo-rørsla syner at det er mange som ikkje veit korleis ein gentleman flørtar. Seksuell trakassering har blitt avslørt i den eine bransjen etter den andre. I opptakten til kvinnedagen vart det etterlyst eit oppgjer med seksuell trakassering også i skulegarden.

Vårt Land vitja ein ungdomsskule for å høyre med gutar og jenter kva som skjer for tida.

Grove ord

– Det er  ganske mykje sexprat blant ungdom i dag. Ord som fitte, hore, bitch, kuk og homo blir brukt så ofte at det har blitt ein vane, seier Christoffer.

Den lemfeldige bruken av desse omgrepa har fått halde på lenge. Det gjer det vanskeleg å seie ifrå.

– Vi høyrer desse orda så ofte at vi tek dei ikkje på alvor, seier Oda Kraft-Pettersen.

Christoffer innrømmer at ordbruken er ein del av sjargongen blant gutane.

– Det blir ein del sexprat i kompisgjengen. Venene mine kan eg kalle nesten kva som helst, for dei skjønar at eg berre tullar. Problemet kjem når ein brukar nedsetjande ord om nokon ein ikkje kjenner så godt. Vi burde nok slutte å bruke desse orda uansett kven vi snakkar med, seier Christoffer.

Sjølv om orda ikkje vekker oppsikt lenger, har Ella kjent på kva orda kan gjere med ein.

– Då eg vart kalla hore, byrja eg vurdere meg sjølv. Kva har eg gjort for å fortene dette? Kler eg meg for utfordrande? Så kom eg på at alle blir jo kalla hore for tida, og vi er ikkje horer. Det er berre ein useriøs måte å snakke på. Vi bør bli meir medvitne på språkbruken vår, seier Ella.

Sosiale medium

Tenåringar som testar grensene hjå det motsette kjønn, er ikkje noko nytt. Det går ein raud trå frå bestemor si historie om dei frekke gutane som løfta på skjørtet til jentene, til erkjenningane i debatten som oppstod i Aftenposten i opptakten til kvinnedagen i år. Det nye med dagens generasjon er teknologien dei disponerer.

– Snapchat gjer det lett å kommunisere utan at andre får vite om det. Når du heller ikkje har augekontakt med den dei du snakkar med, seier enn gjerne verre ting enn ein ville gjort andlet til andlet, seier Fredrik Martinsen Thornæs (14).

– Kva skjer om ein varslar lærarane om desse tinga?

– Då blir du kalla snitch. Det tykkjer eg er veldig problematisk. Dei som seier stygge ting høgt, er gjerne populære, og då er det vanskeleg å våge stå imot dei, seier Christoffer.

LES OGSÅ: Dei vaksne er ansvarlege for trakasseringa

---

Ung

  • Dei unge skal ta over verda. Korleis ser dei unge på verda i dag?
  • I denne serien snakkar vi ikkje om dei unge, men med dei.
  • Oda (14), Fredrik (14), Christoffer (15) og Ella (16) ved Øraker skole er lei av seksuell trakassering i kvardagen, og håpar gutar og jenter kan behandle kvarandre med respekt framover.

---

---

Unge og trakassering

  • Debatt som starta i Aftenposten.

    I eit lesarinnlegg fortel Ea Baklund (14), Ella Fyhn (14) og Ellisiv Aure (14) om ein skulekvardag prega av seksuell trakassering.

    Jentene heldt tale på kvinnedagen i Oslo og vart inviterte til Stortinget.

    Fleire har skrive lesarinnlegg om tematikken. Ein av dei er Erik Daniel Aubert (16) som skriv at også gutar får blir seksuelt trakassert.

---

Nok no.

Metoo-rørsla har fått folk over heile verda til endeleg å tale om det som har blitt teia vekk i fleire tiår. Både gutane og jentene er samde om at det er viktig å få slutt på dette i skulen òg.

– Grensa er nådd no. Nok er nok, seier Oda.

– Korleis skal ein få slutt på dette?

– Vi treng undervisning om grensesetting og lågare terskel for å seie i frå, seier Ella.

Christoffer oppmodar alle til å seie ifrå om uønska åtferd.

– Ein føler seg gjerne åleine om desse tinga. Metoo har vist at det er ein ikkje, så det er viktig at ein seier i frå, seier Christoffer.
I fleire av lesarinnlegga om seksuell trakassering i skulen som har kome i det siste, er kritikken retta mot gutane generelt. Det har fått fleire til å reagere.

– Debatten om trakassering i skulen er for generaliserande. Dei fleste gutane er greie, seier Ella.

Gutar vs jenter

«Det er damene som styrer showet. Viss vi gutane ikkje skjønar dette, då er vi fucked». Slik avsluttar siste episode av NRK-serien Heimebane. Orda kjem frå den sympatiske fotballnørden Nils som ikkje får det til i kjærleikslivet. I eit klårt augeblikk skjønar han at det er «[...] damene [som] sit med nøklane til alle dørene». Metoo-rørsla har gjort relasjonen mellom kjønna meir komplisert. I eit radioprogram om metoo fortel Tove Bjørgaas at mange amerikanske menn har blitt så nervøse at dei ikkje vågar ta noko form for initiativ til fysisk kontakt med kvinner lenger.

Løysinga

Dei fleste hugsar eit keitete, men modig forsøk på å få merksemda til den personen du ikkje klarar få ut av tankane. Med Metoo som bakteppe kan terskelen bli enno høgare. Ella veit heldigvis råd.

– Flørting er velkome! Men du sjarmerer ingen ved å kalle dei hore, slå dei på rumpa, eller påpeike kor store puppar ein har, seier Ella.

– Korleis meiner du at gutane skal flørte?

– Vis at du er interessert, smil og gje oss kompliment.

Å påpeike kva ein skal gjere, heller enn å seie kva ein ikkje skal gjere, er eit grunnleggjande pedagogisk prinsipp som har brei oppslutning. Viss du stadig får ein peikefinger retta mot deg, får usikkerheita vekse og det blir uråd å vite kva du skal gjere. Ein Metoo-kampanje som avslører kor kjipt gutane oppfører seg, er inga god start på puberteten for korkje jenter eller gutar.

– Eg trur det er lurt å fokusere meir på kva vi skal gjere, enn kva vi ikkje skal gjere, seier Ella.

Christoffer har eit forslag til kva som bør kome på dei nye timeplanane.

– Vi kunne godt hatt flørting på timeplanen, seier Christoffer.

LES OGSÅ: Håpar ny emoji kan gjere mensen mindre tabu

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Eksistens