Meir enn tusen nordmenn har reist til Madagaskar i misjonens teneste. Ikkje alle kom heim

Vesle Jorunn Astri Skjæveland på tre år ber mora om ho ikkje kan få ha på seg den fine kjolen med blomar på? Året er 1940 og staden er Soatanana, Madagaskar.

Den er for tynn endå, forklarar mora, men finn fram ein annan som til og med har lommer, som ho kan ha på seg. Om berre ein månad kjem temperaturane til å krype oppover i den vesle byen som ligg meir enn 1100 meter over havet.

«Der var ingen sure miner, men strålande ropar ho: Sjå pappa, dette er min lange, kvite kjole, slik som dei har hjå Jesus».

Det er mora som skildrar dagen i eit brev til vener:

«Laurdag morgon, 7. september, den siste morgonen eg kledde henne».

Vesle Jorunn døyr i ei ulukke denne dagen. Ho får byggjemateriale meint til den nye kyrkja over seg då ho leikar ute.

I dag ligg Jorunn ved sidan av systera si, Guri, som døydde av dysenteri fem år seinare. Gravstaden har ein av dei finaste tomtene i distriktshovudstaden Fianarantsoa.

«Gud er kjærleik» står skrive nedst på begge gravsteinane.

Heime i hagen i Soatanana ligg den fyrstefødde i syskenflokken. Han døydde under fødselen. Foreldra plantar eit bambustre til minne om han på grava.

Dei tre syskena trer inn i rekkene av mange titals, om ikkje hundretals, norske liv som har gått tapt på «solskinsøya» fordi menneske har villa spreie ordet om Jesus.

Norsk misjon på Madagaskar

Ei øy i Ryfylke eller i det indiske hav?

Det er mange, særskilt i kristne krinsar, i Noreg som kan uforholdsmessig mykje om denne øynasjonen i Afrika.

Kanskje ikkje så rart når nærmare 900 norske misjonærar pluss barna deira har budd der i kortare eller lengre periodar. I nærmare 160 år har relasjonen vart. Fleire meiner det er det lengste, samanhengande forholdet Noreg har hatt til noko land i verda.

Kanskje du var ein av dei som på sundagsskulen pugga stadnamn på byar i landet eller som lærte om spedalskarbeidet her?

At øya Ombo i Ryfylke har kallenamnet Madagaskar, eller at det lenge var vêrmelding for hovudstaden Antananarivo bakpå Vårt Land, seier kanskje også noko om rolla dette landet har hatt i norsk kristenliv.

Og tek du turen til Madagaskar i dag kan du framleis sjå spor etter norsk nærvær, ofte på overraskande stadar eller vis.

For sjølv om talet på norske misjonærar har gått ned, har det til gjengjeld vakse fram nye former for samarbeid mellom dei to landa.

Norsk misjon på Madagaskar

Meterhøge kaktusar i Stavangergata

Lat oss ta turen ned gata «Rue Stavanger» i byen Antsirabe, oppkalla etter den norske venskapsbyen.

Frodige lauvtre og mange meter høge kaktusar rammar inn gata på kvar side.

Her er det sykkeldrosjer, motorsyklar og gateseljarar som dominerer. I ny og ne kjem ein bil og lagar den karakteristiske lyden av breie gummidekk som møter brustein.

I enden av gata står nordmann og misjonær Thorkild Guttormsen Rosaas på sokkel. Han blir rekna som grunnleggjaren av det som i dag er den tredje største byen på Madagaskar.

Litt lengre ned i gata ligg eit innmura område som før husa den norske skulen og misjonsstasjonen til Det Norske Misjonsselskap (NMS).

I dag er anlegget eigd av den gassisk-lutherske kyrkja og blir saman med NMS drive som eit tverrkulturelt kompetansesenter. Senteret heiter Lovasoa, som betyr «den gode arven».

Norsk misjon på Madagaskar

Den gassiske arkivisten skulle gjerne kunna norsk

På innsida av det eine murhuset, inn ei dør, gjennom ein gang og forbi meter på meter med arkivhyller som kan sveivast fram og tilbake, er kontoret til arkivist Kanto Rakotondrazaka.

Det ligg haugar og sekkar med gulna papir rundt i rommet. Det er dokument, brev, bilete og bøker som er samla inn på rundreiser i landet, frå tilbake til 1860-talet.

Ljostette gardiner stenger sola ute, og gjev gode forhold for å ta bilete for å digitalisere samlinga.

– Her er historia til den gassisk-lutherske kyrkja og til NMS. Det kan ikkje skiljast frå kvarandre, slår Rakotondrazaka fast.

Ho skulle gjerne kunna norsk, det hadde letta arbeidet hennar. Mykje av dei eldre dokumenta og brevvekslingane er på dette framande språket.

– Eg kan nokre ord.

– Kirke? prøvar ho seg litt famlande.

Enn så lenge greier ho seg med fransk, gassisk og engelsk.

Norsk misjon på Madagaskar

Ei kyrkje i eksplosiv vekst

Det er 157 år sidan dei fyrste to norske misjonærane, sendt ut frå NMS, gjekk i land på Madagaskar.

Året etter bar arbeidet deira frukt i form av at den fyrste gudstenesta blei feira. Dette blir av den gassisk-lutherske kyrkja på Madagaskar rekna som grunnleggingsdatoen for kyrkjesamfunnet.

I 2017 hadde dei storstilt 150-års jubileum.

I dag har kyrkja fleire medlemmar enn Den norske kyrkja, og er i rask vekst. Det blir sagt at det kjem til éin ny kyrkjelyd i veka i snitt.

Flytta på internat som seksåring

Marianne Skjortnes er ein av dei mange misjonærbarna som hadde store delar av barndomen sin her på den norske skulen.

Norsk misjon på Madagaskar

Ho viser veg inn i murbygget som då ho var lita var bustad for kjøkenpersonale og hushjelper. I dag er det eit museum, der to av etasjane er dedikert til norsk-gassisk samarbeid.

I øvste etasje er eit rom innreidd som norsk klasserom. Her er det fullt av utstyr og møblar som ein gong var i bruk på skulen som var på området mellom 1888 og 2008.

Plante- og dyreplansjar, bøker, reagensglas og klokkespel står i hyller og på bord rundt pultane med tilhøyrande røyrstolar. Hadde ein ikkje høyrt fuglekvitteret og dempa lydar frå utsida kunne ein like fint trudd at ein var på Folkemuseet i Oslo.

Skjortnes kom til Madagaskar saman med foreldra som treåring, etter ei over ein månad lang reise. I tillegg til tog og båt til Frankrike innebar turen ei båtreise rundt Vest- og Sør-Afrika, sidan Suezkanalen var stengt.

Faren til Skjortnes var prest, og foreldra jobba på ulike stadar på austkysten av Madagaskar.

Då Skjortnes blei stor nok til å byrje på skulen flytta ho vekk frå foreldra og inn på internatet som seksåring. Og med unntak av eit Noregs-opphald i 3. og 4. klasse, hadde ho heile grunnskulen på den norske skulen i Antsirabe.

– Eit norsk blikk på verda

Skjortnes er pensjonert professor i sosialantropologi, og har også som vaksen budd på Madagaskar i fleire år. Mellom anna har ho gjort langvarige feltarbeid blant bara- og merinafolket og hatt ulike oppdrag for Norad. Noko av det ho har forska på er kjønnsroller, og spørsmål knytt til landbruk på Madagaskar.

Fleire har peika i hennar retning då ynsket har vore å finne ein person med særdeles god forståing for både norsk og gassisk språk og kultur.

Denne gongen er ho nokre månadar på Madagaskar som volontør for NMS.

– Det er masse av spor etter nordmenn på Madagaskar. Mange misjonærar har sett seg inn i kulturen her, utan at dei alltid har makta å leggje frå seg eit norsk blikk på verda.

Me slår oss ned i leilegheita ho og ektemannen bur i desse månadane. Den ligg rett ved det som var jenteinternatet då Skjortnes var lita.

Ut av vindauget er det utsikt over sletta som fungerer som fotballbane. Bak den ligg eit lite vatn med åkerlappar nedtil.

På den andre sida av vatnet held byen fram, før fleire åssider møter himmelen og dannar bakgrunnen i det ein enkelt kan sjå for seg som eit måleri.

Norsk misjon på Madagaskar

Aggresjon mot det franske

Kva som er ei endring til det betre i Noreg er ikkje naudsynt det i gassiske auge, fortel sosialantropologen.

– Forbetring har nok ofte blitt sett på som ei utviklingslinje som må fylgje den ein har sett i Noreg. Me har vår eigen logikk i bakhovudet og det blir ein slags standardmålestokk for det me gjer.

Visse skikkar har blitt sterkt kritisert og fordømt som heidenskap av misjonærane oppgjennom, fortel ho, og som døme nemner ho tradisjonen med «likvendingsfestar», som mellom anna inneber å sveipe lik i nye likklede med ein del års mellomrom.

Tilbake i tid meinte norske misjonærar at ein del av den gassiske kulturen var demonisk

—  Olivier Randrianjaka, viserektor ved Salt teologiske seminar

Likevel meiner ho norsk misjon hadde ei meir kultursensitiv tilnærming enn dei franske koloniherrane. Madagaskar var ein fransk koloni frå 1896 til 1960.

Mellom anna har misjonærane heilt frå starten av jobba for at ein skal bruke gassisk språk i skulen, og kyrkja sine skular blei eit alternativ til den offentlege skulen der undervisningsspråket var fransk.

– Elevar sat og pugga namnet på elvar og byar i Frankrike. Kolonitida har påverka samfunnet veldig sterkt, og både språk, mat og kultur har blitt ein del av den gassiske kvardagen.

Samstundes fortel sosialantropologen at det finst ein veldig aggresjon mot det franske:

– Kjensla av å bli nedvurdert og undertrykt sit att hjå folk.

Broderer bunadar

At også nordmenn i 150 år har tatt med seg små bitar av norsk kultur og skikk gjev i dag synleg utslag på til tider overraskande vis.

Ein liten sykkeldrosje-tur unna det innmura området i Rue Stavanger ligg bedrifta til Fanja Rambolamanana.

Inn frå gata kjem du inn i ein tidsrett innreidd butikk med handlaga varer. I trehyller mot dust grøne vegger står det utstilt smykke, stråvesker og trefigurar. Men hovudrolla i bedrifta har alle dei broderte varene.

Det er fyrst på bakrommet, og inne i systova, at den norske arven slår ut i full blomst.

Her ligg det bunadsbroderi og hardangersaum om kvarandre.

Antsirabe, Madagaskar.

Dette norske handverket har blitt populært på Madagaskar

Det viser seg at Hardangersaum er populært på Madagaskar. Eller Hardangel, som det blir kalla. Andre kallar det berre norsk broderi.

Kunsten kom til øya for lenge sidan, og har blitt ein del av gassisk kultur. Det er brukt på alt frå altardukar i kyrkjer til sengesett.

Rambolamanana har drive «Broderie Fanja» i snart tretti år, og no er det om lag førti kvinner som broderer for ho.

Den absolutt viktigaste inntektskjelda er broderinga av dåpsserviettar med ei kvit due i eine hjørnet.

Broderioppdrag for Den norske kyrkja held familiar i live

Har du vore i ein dåp i Den norske kyrkja dei siste åra er sjansen stor for at hovudet til dåpsbarnet har blitt tørka med ein slik serviett, som familien så får med seg heim.

Ifylgje NMS, som er mellomleddet for handelen, blir dei små, broderte tøystykka nytta i om lag 60 prosent av alle dåpar i DNK.

– Dei held mange familiar i live, fortel broderigründeren, som tilset kvinner frå fattige kår med få andre høve til inntekt.

Bunadane dei broderer på oppdrag for norske kundar er spesielt krevjande, fortel Rambolamanana.

– Det er skikkeleg vanskeleg. Spesielt skjortene!


Les fleire sakar frå Madagaskar:

Frå norsk misjons-flaggskip til forlatt og forfallen: Bli med på innsida av spedalsk-landsby

I ein sjukelandsby drive av kyrkja forstod Gina at sjukdommen hennes var djevelens verk

Martin Hagen blei født på ein «vond» dag, derfor skulle han døy

Norsk misjon på Madagaskar

Sterk innflytelse på gassisk jordbruk

Tilbake i leilegheita med den fine utsikta fortel Skjortnes at ho i dag ser ein heilt anna vektlegging av kulturforståing og lokal kontekst både hjå misjonærar og andre enn før.

Lenge var norsk misjon aleine om å ha eit forhold til Madagaskar, men i seinare tid har ei rekkje andre samarbeid dukka opp.

Ein av dei er fleire prosjekt, mellom anna i regi av Norad, knytt til landbruk.

– Dei har hatt sterk innflytelse når det gjeld å forbetre mjølke- og jordbruksproduksjon her, fortel Skjortnes.

Utdannar bønder etter modell frå kristen, norsk skule

Sju kilometer nordover langs småhumpete vegar frå Lovasoa og Antsirabe sentrum ligg jordbruksskulen Tombontsoa.

Ordet tombony kan omsetjast til gevinst eller fordel, og soa betyr god.

Men det er nok heller ikkje utilsikta at namnet på skulen liknar mistenkjeleg mykje på namnet til den kristne jordbruksskulen Tomb, i Østfold.

Skulen på Madagaskar har nemleg blitt bygd opp delvis på modell frå den norske, og den fyrste rektoren her, Ola Foss, kom frå Tomb.

Norsk misjon på Madagaskar

Dagens rektor, Rasoloson Lala, tek imot oss på kontoret sitt, men han er ein travel mann, og overlèt oss i gode hender til lærar ved skulen, Lovasoa Heriniaina Alain Jean Charles Rodin, for å vise oss rundt.

På det store området får 450 elevar utdanning innan jordbruk. Undervisninga er om lag 50–50 fordelt på teori og praksis.

Blant dei mange bygga er her eit fjøs for mjølkekyr der elevane lærer meir tradisjonelt husdyrhald der det meste blir gjort manuelt, og eit fjøs med moderne mjølkemaskiner.

Lufta surrar av høner som kurrar, griser som snøftar og fluger som summar.

– Mange av elevane kjem frå små gardar på bygda, så det er viktig å ikkje berre lære dei å bruke mjølkerobot, men praktisk kunnskap dei realistisk sett får bruk for, fortel Rodin.

Han viser fram ei slåmaskin dei har spesialbygd for å bli dratt av ein okse.

Norsk misjon på Madagaskar

Femdobla mjølkeproduksjon

Me går gjennom frodige åkrar, dela inn i ein lapp per elev.

Stadig ser ein tydelege spor etter dei mange norske eldsjelene som har sendt ned container etter container med utstyr for å bidra til den neste generasjonen bønder: Mjølkespann med Tine-logo på rekke og rad, ein fôrhaustar av det norske merket Serigstad står midt på tunet, og ein DBS-sykkel er parkert utanfor administrasjonsbygget.

Men det kanskje mest oppsiktsvekkjande møter me på i fjøset: Dolaka. Éi av fleire mjølkekyr av rasen norsk raudt fe.

Medan kyr av den lokale rasen sebu produserer om lag 700–800 liter mjølk i året produserer norsk raudt fe mellom 3000–4000 liter her, fortel rektor Lala.

Han har rydda plass i timeplanen til ein prat.

– I Noreg kan dei produsere 8000 liter i året, men forholda er annleis her, utdjupar han.

Det var i 1966 at dei fyrste elleve dyra av rasen blei sendt frå Noreg til Tombontsoa.

Norsk misjon på Madagaskar

Sende norske kyr til Madagaskar i jumbojet

Nokre år seinare kom eit Norad-prosjekt i sving, der ein importerte større mengder av rasen, og blanda den med lokale kyr for å få motstandsdyktige dyr tilpassa klimaet, men som likevel produserer mykje mjølk.

I dag er det denne blandinga av norsk raudt fe og lokale dyr som er den dominerande mjølkerasen i landet.

Dette er eit av fleire døme på norske bidrag til å effektivisere og auke matproduksjonen i landet. Andre er mellom anna knytt til dyrking av potet og kveite.

FN opplyser at 47 prosent av alle barn under fem år på Madagaskar har fått veksthemming, på grunn av feil- eller underernæring. Dette gjev status som det femte verste landet i verda på området.

Alle ekstra kaloriar ein kan produsere er kjærkomne.

Norsk misjon på Madagaskar

Prikklik liturgi

Historia om den norske kurasen sitt inntog på Madagaskar er eit av fleire døme på norsk import, reint fysisk eller metaforisk, som har blitt tilpassa sitt nye land, og derfor har fungert godt.

Eit anna finn ein på gudstenestene i den gassisk-lutherske kyrkja.

– Liturgien er prikk lik vår tidlegare, norske liturgi. Dei liturgiske ledda er like, med dei same melodiane, fortel Skjortnes.

Likevel meiner ho gassarane har gjort den til sin eigen. No er det deira liturgi. Deira måte å gjera ting på.

Med nattverdsbeger i lomma

Sola har enno ikkje kikka over horisonten, men har rukke å farge himmelen raud. Trass i at klokka berre er kvart på fem yrer det av liv i gatene i Antsirabe.

Eldre kvinner på rekke og rad og sel eukalyptus og andre greiner til palmesundagsgudsteneste som kyrkjeklokkene alt har invitert inn til i ein times tid.

Dei neste tre timane er mange hundre samla i kyrkjebenkane. Og mange ting er like som i Noreg. Fleire av salmemelodiane til dømes. Orgelmusikken. Dei liturgiske kleda til presten.

Meir uvanleg er det kanskje at alle kjem godt førebudd med bibel og nattverdsbeger i lomma eller veska. Eller at det er matpause undervegs.

Norsk misjon på Madagaskar

Tusenvis på gudsteneste. Men kvar er resten?

Og kanskje mest av alt: at den kjempestore kyrkja blir fylt til tre tretimars gudstenester. Dei fleste norske prestar ville fryda seg over oppmøtet. Men det gjer ikkje hovudpresten i kyrkja, Andriampandry Tiana, kjem det fram.

– Når det er heilt fullt får me plass til 4000 menneske per gudsteneste. Men me har 15.000 medlemmar. Kvar er resten, spør han Vårt Lands utsende retorisk.

Han viser gjerne fram norske namn i salmeboka dei brukar: Berggreen, Lindeman og Nilsen-Lund.

– Ville det ikkje vore betre å til dømes ha songar som er heilt gassiske, og som passar betre inn i dykkar musikktradisjon og kultur?

– Me har ein god miks av begge delar, og faktisk har mange av salmane av utanlandske komponistar ein tradisjonell melodi me brukar i tillegg, fortel Tiana.

Han seier dei prøvar å respektere både arv og tradisjon, men samstundes heile tida utvikle seg. Dei yngste føretrekkjer til dømes keyboard framfor orgel, fortel presten.

Norsk misjon på Madagaskar

Orgel frå Øystese hamna i Antsirabe

Langs eine veggen av kyrkjeskipet står grunnen til at me har bedt Tiana om eit intervju. Ryktet seier at det eine orgelet her kjem frå ei norsk kyrkje. Veit han noko om korleis dette kom i stand?

Etter høfleghetsfrasane er unnagjort kjem også fyrsteorganisten i kyrkja, Naivo Andrianaivoravelona, bort. Tiana har bedt han om å bli med på intervjuet.

Organisten strekker ut ei hand og seier med ein dialekt som ber preg av både vestland og utland:

– Hyggjeleg å treffe dykk.

Det viser seg at han har budd i Noreg i 20 år, og mellom anna jobba som organist i Kvam i Hardanger.

Då orgelet i den eine kyrkja her skulle skiftast ut synest han det var for gale at det skulle kastast, og sørgja heller for at det blei plukka frå kvarandre og sendt med eit skip til Madagaskar.

Orgelet er framleis i full sving under gudstenestene, og det same er den åtti år gamle organisten, saman med dei fire andre organistane i kyrkja, og dei 16 organistspirene som er under opplæring.

Norsk misjon på Madagaskar

Demonisk kultur og eit norsk biskop-gjenferd?

For det trengst mange menneske til å halde eit så stort og raskt veksande kyrkjesamfunn gåande. Og det har dei bidratt til i 130 år på det lutherske teologiseminaret Salt i byen Fianarantsoa.

– Nordmennene visste å velje den beste tomta, seier viserektor Olivier Randrianjaka med ein liten latter.

Han viser oss rundt på det flotte området på toppen av ein ås med utsikt over byen. Me går mellom Villa Bakke og Villa Birkeli på veg opp til det staselege undervisningsbygget.

Norsk misjon på Madagaskar

Ryktet seier at det spøker i Villa Birkeli. Kan det vera biskopen og misjonæren den er oppkalla etter som ikkje har fått fred, tru?

Viserektor fortel at dei framleis diskuterer den kyrkjelege arven etter norsk misjon med studentar.

– I desse dagar er det ein stor debatt kring bruken av tradisjonell, lokal musikk i kyrkja. Kanskje dette høyrest vel direkte ut, men tilbake i tid meinte norske misjonærar at ein del av den gassiske kulturen var demonisk.

Han nemner dans og ulike instrument som døme, og fortel at dette blei sagt at ein ikkje kunne bruke i kyrkja. I dag tek ei rekkje unge menneske til orde for å ynskje dette velkommen inn att i kyrkja.

Norsk misjon på Madagaskar

Gud sende eit menneske, ikkje ein handlingsplan

Tilbake i Antsirabe påpeikar Marianne Skjortnes at me alle lever i ei verd der ein blir påverka av kvarandre.

– Det same ser me her på Madagaskar. Men i dag ser me ei kyrkje som tek sine eigne val og standpunkt og som stadig er i utvikling. Den gassisk-lutherske kyrkja er ei veldig sterk, sjølvstendig kyrkje. Ei av dei største lutherske kyrkjene i verda, faktisk.

Ute att på gardsplassen på den tidlegare misjonsbasen er det liv og leven. Kvart år er om lag hundre norske studentar på praksisopphald gjennom eit samarbeid mellom NMS og ei rekkje ulike norske høgskular og universitet.

Og fleire norske misjonærfamiliar bur i byen.

Norsk misjon på Madagaskar

Sigrid Hansen-Ekenes vaks sjølv opp som misjonærbarn på Madagaskar. No spring dei tre lyslugga jentene hennar rundt på området.

Ho og ektemannen Kristoffer jobbar med bibelomsetjing. For etter 160 år prioriterer ein framleis å ha norske utsendingar på øya.

Kristoffer meiner det at Jesus sendte sonen sin som eit menneske av kjøt og blod til jorda er modellen for all misjon.

– Han kunne ha sendt ein handlingsplan eller abstrakte idear. I staden sendte han Jesus for å vera midt i blant oss.

– I all vår skrøpelegheit får me bera hans bilete, midt i ein framand kultur. Jesus sa «Gå ut!». Og det gjer me det, enten det er i nabolaget, nabolandet eller på andre sida av jorda.

Journalist Marit Mjølsneset arbeidde i Det Norske Misjonsselskap frå 2015 til 2021.