Til kyrkja med rullator, stokk og rullestol

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

På kjøkkenet i Bergen domkirke ligg det ferdigbretta påskeserviettar og friske blomar klare til å dekkjast på bord.

Lukta av nysteikte solskinnsbollar er det første ein møter når ein kjem inn, og den spreier seg ut i kyrkjerommet.

Her står kyrkjetjenar og ein friviljug og pyntar krossen med gule tulipanar. I sideskipet dekkjast det fint på borda med fat, koppar og påskepynt.

Om ikkje lenge skal dei ynskje dagens gjestar velkommen.

Pilgrimsvanding frå domkirkehjemmet til Bergen domkirke.

Klare for pilgrimsvandring

– I dag er det klart for pilgrimsvanding. Bebuarar på Domkirkehjemmet skal gå frå heimen og ned her. Så skal vi ha eit opplegg her nede, fortel Camilla Grimsby.

Ho er diakoniarbeidar i Bergen domkirke og har stått på sidan tidleg morgon med å bake bollar og gjere klart til påskefest.

– Påska og jula er ein verdifull moglegheit til å opne dørene og lage til noko for dei som har problem med å kome seg til kyrkja. Så vi har alltid eit slikt konsertliknande, avslappa arrangement for bebuarane på Domkirkehjemmet etter påska og før jul, fortel Grimsby.

I resepsjonen på domkirkehjemmet er det ikkje lett å kome til denne morgonen. Her er ei stor gruppe av bebuarane på veg ut med stokkar, rullatorar og rullestolar. Etterkvart står alle samla utanfor fasaden, og vandringa tek til.

Pilgrimsvanding frå domkirkehjemmet til Bergen domkirke.

– Pass på rullatoren, så du ikkje køyrer ut i vegen, seier ein.

Mykje skal haldast styr på når ein skal på tur med slikt utstyr. Heldigvis er det opplett denne dagen og turen går som smurt nedover Kong Oscars gate. Frå bak i følgjet kan ein høyre operasong frå Robert Eidunsson Juvik. Han varmar opp stemma til han skal opptre for dei andre.

Rampe og andakt

Utanfor kyrkja er det laga til ei rampe for at gjestane lettare skal kunne kome seg inn i bygget. Inne i kyrkja møter Ingunn Øvreås dei med eit breidt smil om munnen og viser dei til kyrkjebenkane.

Etterkvart byrjar radene å fyllast opp og presten tek til ordet med andakt. Til vanleg kjem presten til Domkirkehjemmet kvar torsdag og held andakt, men i dag er det motsatt.

– Kyrkja har mange tilbod i høgtidene, men dei eldre kjem seg ikkje like lett ut. Det er sikkert mange som reiser til eldresenter og spelar, men dei skal også få lov å oppleve høgtida i kyrkja si, og dei skal få lov å oppleve kyrkjerommet. Ein må ikkje vere 40 år og sprek for å kunne ha utbytte av det som kyrkja har å fortelje.


Pilgrimsvanding frå domkirkehjemmet til Bergen domkirke.

Dette fortel Berit Andersen, tidlegare domprost i Stavanger. Det var ho som kom med idéen til arrangementet, inspirert av ei liknande løysing dei hadde då ho jobba der. Ho er no med i diakonatet og friviljug i Bergen domkirke, noko ho meiner er viktig.

– Det er klart at når du har vore i kyrkja i over femti år av ditt liv så veit du at behovet for friviljuge er stort.

Idéen om servering var det Camilla Grimsby som kom med. Dei prøvde ulike løysingar, men det var lite plass til å dekkje bord fram til dei fekk høve til å fjerne nokre benkar i sideskipet. No er det plass til å samlast rundt bord og dele eit godt måltid her. Etter å ha høyrt Eidunsson Juvik og pianist Carsten Dyngeland avslutte sin vesle konsert med Panis Angelicus, spring pianisten opp til orgelet, og samlinga avsluttast med at alle syng «Deg Være Ære».

– Det er bra å ta vare på påskehøgtidsgleda på ein tilrettelagt måte, og så er det viktig med god musikk. Songen er den største gleda på den måten at den samlar oss, vi løftast opp, seier Dyngeland.

Pilgrimsvanding frå domkirkehjemmet til Bergen domkirke.

Boller, kaffi og saft

– No ser eg at nokre byrjar å verte kaffitørste, seier Grimsby til forsamlinga og ynskjer dei velkommen til kyrkjekaffi i sideskipet.

Etter andakt, solosong og fellessong flyttar gjestane seg bort til borda som er dekka i gult, og dei friviljuge kvinnene er i full gong med å finne fram bollar, kake, kaffi og saft.

Veslemøy Omenaas har kledd seg i påskegult og med eit matchande fat fylt med bollar passar ho på at alle får rikeleg. Ho er med i diakoniutvalet i Bergen og er leiar for arrangementet.

– I dag var det ei av dei eldre damene som sa at det var så nydeleg å vere i kyrkja og høyre orgelet og synge salmar. Og det var jo akkurat det vi hadde som mål å gi dei. Det handlar om at kyrkjerommet er ope for alle, på alle nivå, der dei er i sitt liv. Vi vil gi dei opplevingar, tilhøyrsle, respekt og menneskelegdom, fortel Omenaas med eit smil om munnen.

Pilgrimsvanding frå domkirkehjemmet til Bergen domkirke.

Skapar gode augneblink

Bollane og kaffien går lett ned. Etterkvart går det mot avslutning og Grimsby takkar for at dei tok turen til domkyrkja og ynskjer dei velkomne attende. Tilbake får ho spørsmål frå ein bebuar som ynskjer å låne mikrofonen.

–Takk for at de tok i mot oss i dag og takk for god musikk. Eg har ikkje med nokon blome, men de kan jo ta dei som står på borda her, seier ho.

– Det er ei heilt eiga oppleving å kome til domkyrkja. Berre det å høyre orgelet er jo fantastisk. Og så vert jo det ein eigen aktivitet som stimulerer forskjellige sansar. Det er mange impulsar, og det å kome ut og få litt avbrekk er viktig, fortel Åse Kvam Røen, leiande aktivitør på Domkirkehjemmet.

– Det var eit veldig fint program i dag. Uhøgtideleg og fint. Det er så viktig med gode augneblink. Mange gløymer mykje, men den gode kjensla, den sit.