Ho fantaserte om at faren hadde svømt til England etter Alexander Kielland-ulukka

Magnar Sæbø tok på seg jobben med å redde kollegaene etter Alexander Kielland-ulukka. Då det var hans tur, var alle krefter ute. No meiner mange at menneska som ofra alt for oljeeventyret er gløymt i debatten om oljebransjen.

Det var gått rundt 50 minutt sidan Mayday-signalet hadde komme frå Alexander Kielland-plattforma. Klokka var litt over 19 om kvelden 27. mars 1980. Det var fem, seks grader i vatnet og bølgjene rundt den vesle redningsflåta var åtte meter høge. I den sat Magnar Sæbø i berre trusa og ei kvit t-skjorte, saman med fire av kollegaene sine. No såg dei redninga, supplyskipet «Safe Truck». Uti sjøen låg den kantra plattforma, den som hadde vore arbeidsplassen inntil denne forblåste marskvelden i Nordsjøen.

– Eg har tenkt og tenkt på om det var noko eg kunne gjort annleis. Eg var så makteslaus.

Orda kjem frå sørlendingen Alf Magne Skeime, den då 28 år gamle mannen som stod på dekk på «Safe Truck», og som nyleg hadde kommen om bord som matros på skipet. Då vi møter han i heimbygda Snartemo, der han nyleg gjekk inn i pensjonisttilværet, fortel han roleg og nært om opplevingane snart 42 år tilbake.

Det han såg den torsdagskvelden overgjekk resten av arbeidslivet på sjøen – som mellom anna inneheldt nærkontakt med væpna sovjetiske soldatar i Georgia og ei hastefull overnatting på kaia i Santiago de Chile etter Pinochet sitt militærkupp i 1973.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Skeime hadde bryllaupsdag då han stod og kika ned over det fem meter høge fribordet på «Safe Truck». Dei lyste etter overlevande i den grove sjøen, då han og kollegaene plutseleg fekk auge på redningsflåta som kom drivande. Dei som sat i flåten var heilt apatiske, og vinka hjelpa vekk. Skeime kjende seg hjelpelaus då han kasta ut hivelina til karane i redningsflåta, men han og kollegaene prøvde det dei kunne. Dei hadde allereie, med hjelp av ei livbøye, fått opp ein som flaut rundt i overlevingsdrakt.

Matros Skeime såg at Magnar Sæbø, han som hadde minst klede på seg av dei om bord i redningsflåta, tok tak i hivelina. Ein etter ein fekk dei klatre opp i skipet, medan uvêret herja rundt dei.

Skulle eg vore tøff nok til å ha hoppe uti sjøen og tatt sjansen på å redde han? Det har gnaga meg i alle år.

—  Alf Magne Skeime, matros og redningsmann

Heilt til det berre var ein mann att i redningsflåta.

– Skulle eg vore tøff nok til å ha hoppe uti sjøen og tatt sjansen på å redde han? Det har gnaga meg i alle år.

Skeime stod i berre kjeledressen på dekk. Den breie Snartemo-dialekta vert grautete når han snakkar om opplevingane. Han lar spørsmålet henge i lufta medan tårene kjem.

---

Alexander Kielland-ulukka

  • Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» kantra 27. mars 1980, då eit av dei fem beina på plattforma vart rive av i høg sjø.
  • Av 212 personar om bord, omkom 123. 89 vart redda.
  • Ulukka skjedde på Ekofiskfeltet i Nordsjøen.
  • Søndag 13. februar kjem NRK-serien Lykkeland med ein episode om Alexander Kielland-ulukka.

---

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Ekstra nyheitssending midt i Barne-TV

Ho sat og såg på Barne-TV med veslebroren sin, og hugsar det som at Barne-TV-sendinga vart avbrote av ei ekstra nyheitssending der NRK melde at ein plattform hadde kantra i Nordsjøen.

Linda Sæbø var berre seks år, og var på ein utvida påskeferie på Atløy, heimstaden til mora. Pappaen Magnar skulle komme rett til Atløy etter han var ferdig med skiftet i Nordsjøen. No vart dei vaksne brått alvorlege, bekymra og byrja å ringe med telefonen. Dei visste at Magnar Sæbø denne gongen var om bord på akkurat den plattforma som hadde kantra – den som heitte Alexander Kielland.

Ringde aldri

Dei visste òg at viss det var ein mann som skulle klare seg godt i vatnet, så var det Magnar Sæbø. Han som var oppvaksen i fjøresteinane i Sæbøvik på Halsnøy, og som pleide å svømme frå holme til holme om somrane. Han som var så full av liv, så sprek og morosam. Ingen trudde at noko kunne skje med Magnar.

– Det var for jævlig, seier Linda Sæbø.

Nokre dagar etter ulukka reiste mora, broren og Linda heim att til Halsnøy. Dei hadde framleis ikkje fått noko informasjon frå verken oljeselskapet eller styresmaktene. Ingen hadde ringt. Alt dei visste, hadde dei fått gjennom TV-sendingane på NRK. Dei fekk med seg alt som vart sendt, og leita desperat etter ansiktet hans blant dei overlevande på TV-bileta.

Same dag som dei kom heim til Halsnøy, melde NRK at alle dei 89 overlevande no hadde ringt heim.

Magnar Sæbø hadde ikkje ringt.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Eit siste forsøk

Den unge matrosen Alf Magne Skeime hugsar altfor godt kva han såg.

Det fatale skjer, at den unge mannen i redningsflåta, pappaen til Linda Sæbø, slepp hivelina. Han som redda kollegaene sine og venta til sist. Heime visste dei at Magnar Sæbø kunne svømme betre enn dei fleste. Men då han hoppa uti dei høge bølgjene i Nordsjøen for å gripe tak i leideren på båten, tok det få sekund før han forsvann. Han kom seg aldri bort til skipet og redninga. Ein av kollegaene til Alf Magne Skeime prøvde å klatre ned for å få fatt i han.

– Bølgjene var så store og vinden så sterk at me var sjanselause, forklarar Skeime.

– Han var sikkert så nedkjølt at han ikkje tenkte klart. Men det var han som berga dei andre.

Det var så mykje vind og støy at ein ikkje kunne prate eller gje beskjedar, sånn at han kunne fått festa hivelina i flåten. Kanskje hadde dei over femti minuttane i redningsflåta svekka Magnar Sæbø så mykje at han ikkje lenger greidde å tenke klart.

– Eg har tenkt på det så mange gonger, seier Skeime.

Kapteinen på «Safe truck» nølte ikkje. Han fekk dei som vart redda i sving med oppgåver om bord så fort som råd, slik at dei ikkje skulle bli sittande og gruble over det grufulle som hadde skjedd. 123 av dei 212 kollegaene kom seg aldri heim frå Nordsjøen.

Nordsjøen 19800330 Ulykken med oljeboringsplattformen "Alexander Kielland" Her benet på plattformen som brakk og forårsaket at plattformen tippet rundt og forliste.

Pappa var ein helt

Mykje gjekk gale den fatale marskvelden i 1980. Mange som var på plattforma akkurat då, skulle ikkje ha vore der. Ikkje Magnar Sæbø heller, han var ute som vikar. Marie Smith-Solbakken er historieprofessor ved Universitetet i Stavanger, og skreiv i 1997 doktoravhandling om ulukka. Ho oppdaga at det var eit vell av ufortalde historier, uforløyst smerte, sinne og sorg. Sidan då har ho intervjua over 300 overlevande, etterlatne og redningsfolk som var involvert i ulukka. Arbeidet har resultert i ein omfattande minnebank på Universitetet i Stavanger sine nettsider.

– Då eg byrja å snakke med folk, vart pågangen enorm. Då måtte eg byrje å ta telefonen frå etterlatne klokka halv ti om fredagskveldane. Eg kjenner ei enorm kraft i vitnesbyrda til dei eg snakkar med, når dei snakkar om sine som forsvann, fortel Smith-Solbakken.

Plutseleg, for få år sidan, kom teamet til historieprofessoren over vitnesbyrdet til Alf Magne Skeime, som fortalde om den unge mannen i redningsflåta, med bart, som sat i berre trusa og kvit t-skjorte.

Eg er veldig takksam for at dei fann ut av historia. Det var både godt og vondt å høyre.

—  Linda Sæbø

På dette tidspunktet, visste ikkje familien til Linda Sæbø nøyaktig kva som hadde skjedd med faren Magnar under ulukka. Skeime si skildring av den modige mannen i redningsflåta, stemte overeins med skildringane andre hadde gjort av Sæbø. Smith-Solbakken kopla dermed kven han var.

Ho ringde umiddelbart til Linda Sæbø, som hugsar at ho sat i frisørstolen. Dei avtalte å møtast på Sola Strandhotell rett etterpå. Der fekk Sæbø vite at faren hadde ofra seg for å redde fire av kollegaene. Han var ein ekte helt.

– Eg er veldig takksam for at dei fann ut av historia. Det var både godt og vondt å høyre.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Svømte han til England?

Vi møter Linda Sæbø på nettopp Sola Strandhotell. Medan vi sit saman, flyr fleire helikopter nye oljearbeidarar ut i Nordsjøen, rett over hovuda på oss.

– Det var veldig vondt.

Sæbø hugsar framleis korleis mora og farmora hylgrein heime på Halsnøy i tida etter 27. mars 1980. Ho hugsar lukta av faren, sovelukta i puta hans og at han alltid hadde drops i baklomma. Ho hugsar alle onklane som sat heilt alvorlege og såg på henne og broren.

Eg tenkte at han kunne ha svømt til England, og at han gjekk i land der og ikkje fann vegen heim att.

—  Linda Sæbø

Pappaen som jobba i Nordsjøen kom aldri heim frå jobb. Han som hadde sendt henne postkort frå Alexander Kielland-plattforma der han skreiv «Hei vesle venn, her ser du plattforma som eg jobbar på», der han bad Linda om å sei til mora at han lengta heim til dei og at ho måtte vere snill jente med mora den tida han var borte.

«Eg kjem snart heim», skreiv han i postkortet.

Linda Sæbø visste at pappaen jobba langt ute i havet, langt frå land, og at han kunne ha svømt av garde. Kanskje kom han heim att for å bygge fleire leikehytter i hagen og hadde med fleire pakkar til henne, slik han pleide.

– Eg tenkte at han kunne ha svømt til England, og at han gjekk i land der og ikkje fann vegen heim att.

Ho håpa på dette då ho gjekk og la seg om kveldane. Bestefaren hadde døydd to år tidlegare, så den vesle jenta visste samstundes at ho aldri ville få sjå pappaen sin igjen. Fordi at pappaen hadde gått på jobb og døydd, frykta Linda at også mora skulle døy kvar gong ho gjorde vanlege ting som å på butikken eller korøving. Ho fortalde aldri til nokon at ho var redd for at mora òg skulle døy.

– Eg våga ikkje å sei det fordi eg var redd for at mamma skulle bli lei seg, for eg ville jo ikkje vere ei ekstra byrde.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Gløymde dei som ofra alt

Skeime, som stod på dekk på «Safe Truck» i 1980 som matros, har i fleire år engasjert seg i lokalpolitikken for Arbeidarpartiet. Han er opprørt over dagens oljedebatt. Dei som ofra liv og helse for det norske oljeeventyret – og for all velferda det førte til for storsamfunnet, er gløymde.

– Folk trur dei berre kan trykke på ein knapp og så dett pengane ned, forklarar han.

Pionerane som gav alt i innsatsen for å gjere Norge til ein oljenasjon, har ikkje fått heideren dei fortener, meiner Skeime. Få visste om konsekvensane, og dei som visste, dei teia. Han fortel om cowboytilstandar i Nordsjøen på den tida.

– Når det var dårleg vêr, og folk ville reise heim, så fekk dei beskjed om at dei ville miste løn.

Eg synest mange i miljørørsla østafjells viser ei veldig arrogant haldning til den risikoen og arbeidsinnsatsen mange utsette seg for i oljeindustrien, når dei brukar ord som «oljeskam»

—  Marie Smith-Solbakken, historieprofessor og ekspert på Alexander Kielland-ulukka

Skeime samanliknar det som skjedde den gongen med dagens utnytting av arbeidskraft i Kina og Qatar, der arbeidsfolk vert utnytta rått av kyniske kapitalistar.

– Arbeidsfolka i Nordsjøen var ei forbruksvare. Kroppen min har jo fått enormt mykje juling etter 42 år offshore. Eg trur ikkje ungdommen i dag er klar over kva menneskelege kostnadar oljeeventyret har hatt. Ungdommen må lese historia, seier han.

Linda Sæbø trur heller ikkje folk er klar over dei menneskelege kostnadane oljeeventyret stod for.

– Mange av dei som var vaksne den gongen, lever ikkje lenger. Derfor er det veldig bra at historia vert fortald, for eksempel i TV-serien Lykkeland. Men vi betalte ein høg pris for oljeeventyret, seier ho.

Historieprofessoren som har jobba mykje med Alexander Kielland-ulukka, Marie Smith-Solbakken, er ikkje i tvil om at oljearbeidarane er gløymd. Ingen oljearbeidarar har fått statuar til minne om seg, på same måte som politikarane som sørga for norsk oljepolitikk har fått. Så mange som 69 av dødsfalla i norsk oljeindustri har aldri blitt registrert.

– Dei som stod på for etableringa av oljeeventyret i Nordsjøen som arbeidarar, er veldig stolte av det dei oppnådde og var med på. Eg synest eksempelvis mange i miljørørsla østafjells viser ei veldig arrogant haldning til den risikoen og arbeidsinnsatsen mange utsette seg for i oljeindustrien, når dei brukar ord som «oljeskam», seier Smith-Solbakken.

Andre tider

Skeime fortel at han måtte halde fram på sjøen rett etter ulukka. Etter redningsoperasjonen gjekk «Safe truck» og mannskapet rett i teneste. Inga oppfølging, ingen psykologar og ikkje noko fri.

– Jobben skulle gjerast, koste kva det koste ville. Vi måtte berre skru heilt om.

Linda Sæbø trudde i alle år at det ikkje fans profesjonell hjelp den gongen faren forsvann. Familien fekk aldri noko dødsbodskap, det kom aldri politi eller prest på døra. Ingen stilte psykologar eller anna hjelp til disposisjon. Det gjekk heller ikkje an å ha noko gravferd, sidan Magnar Sæbø aldri vart funnen. Då det vart arrangert minnestund i kyrkja ein månad etter ulukka, fekk ikkje Linda og veslebroren vere med.

– Det var sikkert for å verne oss, fortel Sæbø.

I Riksrevisjonen sin rapport om Alexander Kielland-ulukka som kom i mars 2021, står det svart på kvitt at «de etterlatne fekk ikkje oppfølging», trass i at styresmaktene gjennom det medisinske fagmiljøet var godt kjend med at dei etterlatne trong oppfølging. Heller ikkje oppfølginga av dei overlevande var god nok.

Linda Sæbø trudde fram til i fjor at mangelen på hjelp handla om at den ikkje fans. Riksrevisjonen slo fast at norsk krisepsykiatri var i verdstoppen allereie i 1980, og at det fans utmerkt kompetanse på born i sorg.

– Hadde eg fått snakka med nokon, ville eg ikkje hatt det så vondt og slite så mykje med tankane mine, seier Linda Sæbø.

Ho er likevel verken sint eller bitter, men har i 42 år gått og venta på den neste krisa som skal treffe livet. Ho jobbar i dag i Equinor. Der har ho mellom anna vore med og lage tryggleikskampanjar for å sikre at alle skal komme heim frå jobb. Det har ho mellom anna blitt nominert til Equinor sin tryggleikspris for.

– Eg er utruleg oppteken av at ingen skal måtte oppleve det eg måtte gjennom.

Alt kunne vore annleis

Ho hugsar godt korleis livet på Halsnøy, der bedehuset og søndagsskulen var ein naturleg del av kvardagen, vart vanskeleg med ei einsleg mor. Linda Sæbø var den einaste som mangla pappaen sin, ingen andre hadde eingong skilte foreldre.

– Før pappa forsvann hadde eg null bekymringar, men etterpå hadde eg berre bekymringar. Eg er prega av det enno. Eg er veldig redd for at det skal skje noko meir, for eksempel med borna mine, seier ho, medan ho prøver å kvele gråten.

Aldri har nokon, verken lærarar, helsesøstrer eller andre ho har møtt, spurt henne om korleis ho har det. Alle var omsorgsfulle og snille med henne, men ingen spurde om ho sakna pappaen sin. Ingen andre enn mora, besteforeldra og den næraste familien, fortel ho.

Kvar gong bryllaupsdagen min kjem, kjem Alexander Kielland-ulukka til meg

—  Alf Magne Skeime, matros og redningsmann under Alexander Kielland-ulukka

Supplyskipet der maskinmann Skeime var om bord, «Safe Truck», var bygd på Halsnøy i Sunnhordland. Heimstaden til Magnar Sæbø, han som aldri kom seg om bord. Skeime visste ikkje kven han hadde mista, før han kom i kontakt med professor Marie Smith-Solbakken ved Universitetet i Stavanger.

– Det gjorde godt, at i alle fall familien fekk vite, fortel han.

Skeime tenker framleis på kva han kunne gjort annleis, om han skulle ha hoppa uti. Han hadde ikkje redningsdrakt, men var berre kledd i den vanlege kjeledressen dei gjekk med på dekk.

– Kvar gong bryllaupsdagen min kjem, kjem Alexander Kielland-ulukka til meg.

I 2020 møtte han Linda Sæbø i Stavanger.

– Då fekk eg meir fred i sjela. Fram til då murra det i hovudet heile tida, og eg grubla mykje.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Sanninga skjult?

I mange timar søkte matrosen Skeime og kollegaene vidare etter Magnar Sæbø og dei andre oljearbeidarane som var sakna. I godt og vel 48 timar søkte minst 71 sivile skip, 9 marineskip, 19 helikopter og sju fly etter overlevande i Nordsjøen. Mannskapet på «Safe Truck» stod dag og natt på dekk og kika mot aust og vest, nord og sør – utan å finne fleire.

Skeime har seinare tenkt at ein eller annan stad der ute var Magnar Sæbø, den unge mannen som forsvann rett framfor augo hans. Han har òg ei kjensle av at sanninga om ulukka endå ikkje er kommen fram.

Det er framleis mange usvara spørsmål om kva som eigentleg var årsaka til Alexander Kielland-ulukka.

Kven er det som har noko å skjule?

—  Marie Smith-Solbakken, historieprofessor og ekspert på Alexander Kielland-ulukka

Regjeringa sitt arkiv med dokument knytt til ulukka er framleis ikkje opna. Riksrevisjonen meinte i si utgreiing i 2021 at det ikkje trengst ei ny gransking. Historieprofessor Marie Smith-Solbakken har gjennom sitt arbeid fått tilgang til mange vitnesbyrd som stiller den offisielle forklaringa med at den eine foten på plattforma var i dårleg stand, i eit nytt lys. På bakgrunn av dette har ho opplevd å bli trakassert av interesser som ikkje vil ha desse historiene fram i lyset.

– Kven er det som har noko å skjule? spør historieprofessoren.

123 menneske mista livet då Alexander Kielland-plattforma kantra. Framleis er ingen stilt til ansvar.

Magnar Sæbø betalte den høgaste prisen for det norske oljeeventyret. Han vart berre 30 år. Dottera Linda Sæbø har kvart år, sidan 1980, tent eit lite hjarteforma lys med lokk på som ho fekk av faren, den 27. mars.

No er veika så godt brukt at den knapt kan brenne meir.

Denne saka blei først publisert 12. februar 2022, men er republisert i ny og betre reportasjelesing.

Dei ofra alt for oljeeventyret. Alexander Kielland-ulykka 1980.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Reportasje