Bibelens kvinner i språket

Les utdraget frå Alf Kjetil Walgermos bok, «Bibelens kvinner. Historiene som forma verda».

Reportasje

Biletet vårt av Gud er forma både av Bibelen og av kunsthistoria. Eit av dei mest kjente kunstverka som framstiller Gud, er Michelangelos portrett i Det sixtinske kapellet i Vatikanmuseet. Skapinga av Adam (1508–1512) viser oss ein eldre mann med grått hår og skjegg som strekker peikefingeren ut mot den vakre yngre mannen han nettopp har skapt. Michelangelos framstilling er på mange måtar essensen av korleis den kvite mannlege fortolkaren har sett for seg Gud – som ei litt eldre og klokare utgåve av seg sjølv.

Det vekte derfor global merksemd då den amerikanske kunstnaren Harmonia Rosales framstilte Gud som ei eldre svart kvinne, og Adam som i yngre svart kvinne, i Michelangelo-pastisjen Skapinga av Gud (2017). Kunstverket minner oss om korleis den vestlege verda i stor grad har forma biletet av Gud ut frå våre eigne preferansar.

Dei seinare tiåra har det i aukande grad blitt stilt spørsmål ved den klassiske oppfatninga av Gud som ein eldre mann med kvitt eller grått skjegg. Biletet stammar frå Daniels bok i Det gamle testamentet, som snakkar om ein som er «gammal av dagar» og har hår «som rein ull». Samtidig snakkar Bibelen om at Gud skapte både mannen og kvinna i sitt eige bilete, og dei bibelske forfattarane bruker fleire kvinnelege metaforar om Gud. Til dømes samanliknar profeten Jesaja Gud med ei fødande kvinne, mens profeten Hosea liknar han med ei rasande binne som har mista ungane sine.

I pakt med ei ny forståing av korleis Gud hevar seg over menneskelege kjønnskategoriar, har somme kyrkjer dei seinare åra jobba med å tone ned dei maskuline orda og uttrykka i gudstenestespråket. Andre kristne lar seg provosere av dette, ettersom Guds mannlege identitet er nedfelt i den kristne truvedkjenninga: Vi trur på Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Ifølge dei bibelske evangelia kalla Jesus Gud for Far.

Jesu omtale av Gud som Far er godt eigna til å etablere det personlege gudsforholdet og gjenopprette den skadde kontakten mellom Gud og menneska. Kanskje skulle vi vere litt meir forsiktige med å fastslå Guds kjønn ein gong for alle. Det finst også eit språkleg tankekors i ei for einsidig forståing av Gud som mann. Når Gud i Det gamle testamentet presenterer seg med namnet Jahve for Moses, tyder dette namnet «Eg er (den eg er)». Namnet blei oppfatta som så heilagt at det i stor grad blei erstatta av det hebraiske ordet «Adonai», som har ei mannleg tyding – Herren. Til ein viss grad er det altså den store israelittiske respekten for Guds namn som låser han til ein mannleg identitet. Gud sjølv er den han er, ein som rommar både det mannlege og det kvinnelege.

LES MEIR: Utan kvinnene stoppar kristendommen

Kvinnelege erfaringar

Slik Gud rommar både det mannlege og det kvinnelege, rommar Bibelen både mannlege og kvinnelege erfaringar. I boka Bibelens kvinner. Historiene som forma verda viser eg kor mykje handlekraft, godleik, kløkt, råskap og svik som finst blant dei mange kvinnene i dette verdslitterære biblioteket. Vi kan lese om mødrer, døtrer og søstrer, profetar og prostituerte, gudfryktige kvinner og skruppellause kvinner, kvinner som sigrar i krig, og kvinner som skaper fred. Vi kan lese om unge jomfruer og tilårskomne førstegongsfødande, om maktpersonar og audmjuke sinnelag, om heksekvinner og heilage kvinner, om sjølvutslettande tenarinner og damer som set foten ned.

Kanskje kunne vi med vårt moderne blikk etterlyse fleire sjølvstendige karrierekvinner i Bibelen, sjølv om også dei er til stades. Det kunne dessutan vore fleire av dei positive kvinnelege leiarfigurane, som dommaren Debora og dronninga av Saba. Ofte er kvinnemakt synonymt med vondskap i bibeltekstane, som i forteljingane om Jesabel, Atalja og Herodias. Unge ambisiøse kvinner som ønsker seg opp og fram, har ikkje flust av gode bibelske rollemodellar å velje mellom.

Så er Bibelen heller ikkje ein karriereguide, snarare ei motvekt til presset og jaget i det moderne samfunnslivet. Bodskapen i dei bibelske bøkene er såleis like nyttig for menn som for kvinner: Vi kan lære av dei som har gått framfor oss, og deira forhold til kvarandre og til Gud.

Lærdommen i forteljingane om Bibelens kvinner er både mangslungen og rikhaldig. Samtidig er historiene i seg sjølv ein grunn til å lese. Ikkje berre tilbyr dei intrigar, innsikt og sterke kjensler. Å konsentrere seg om Bibelens kvinner framfor Bibelens menn vil for mange lesarar vere perspektivutvidande. Ved å lese om dei bibelske kvinnene er vi samtidig med på å gi dei den plassen dei fortener.

LES MEIR: Er det rett å ta Jesus til inntekt for at kvinner ikkje kan gjere teneste som prestar?

---

BOKUTDRAG

  • Teksten er eit lett redigert utdrag frå Alf Kjetil Walgermos nye bok Bibelens kvinner. Historiene som forma verda (Samlaget) og blir publisert etter bestilling frå avisa.

---

Å yte sin skjerv

Mange av Bibelens kvinner lever iblant oss også i språket, kanskje utan at vi sjølve eingong er klar over det. Ei av dei flottaste forteljingane i Det nye testamentet handlar om kvinna som er utgangspunktet for uttrykket «å yte sin skjerv». Dagane før han skal døy, er Jesus fleire gonger på tempelplassen i Jerusalem og underviser. Det første han gjer, er å velte bord og benkar og drive ut handelsmenn og pengevekslarar, som han klagar for å gjere tempelet om til ei «røvarhòle». Eit par dagar seinare set han seg ned for å sjå på folk som legg pengar i tempelkista. Nokre av dei er truleg vanlege jødiske menn over 20 år som betaler tempelskatten sin, men evangelia legg vekt på at Jesus merkar seg dei rike som kjem med offergåver. Mange av dei gir mykje.

Blant alle desse rikingane kjem det også ei fattig enke. Ho legg to småmyntar i kista, den minste mynteininga som er i bruk. Summen er med andre ord svært låg i forhold til det dei rike legg i kista.

Då kallar Jesus til seg læresveinane sine og seier: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

I Bibelen er dei fattige enkene dei mest utsette i samfunnet og ein hovudtråd gjennom heile det bibelske materialet. Kvinnene stod utan tryggleiksnett når dei hadde mista mannen sin – ofte var det økonomiske livsgrunnlaget borte, og dei var avhengige av almisser. Somme av enkene blei tatt vare på av barna sine, om dei hadde nokon. Andre blei verande fattige og levde resten av livet sitt på kanten av stupet. Derfor blir dei fattige enkene i Bibelen trekte fram som det fremste dømet på personar vi skal gjere velgjerningar mot. I den første kristne kyrkjelyden ser vi korleis dei er avhengige av den daglege hjelpetenesta.

I forteljinga om den fattige enka som gir sin skjerv, rosar Jesus henne for gåva ho gir til tempelet. Ikkje fordi gåva er stor, eller fordi enka kan klare seg utan pengane. Jesus ser at handlinga kjem frå hjartet, utført utan tryggleiksnett.

Den nyaste norske bibelomsettinga fortel at enka legg «to småmyntar» eller «to små koparmyntar» i kista. I den nynorske bibelomsettinga frå 1938 står det «tvo skjervar», eit ord som stammar frå det lågtyske ordet for småmynt («scherf»). Herfrå har vi formuleringa om «enkas skjerv». Å yte sin skjerv er å bidra med det ein har, også om ein ikkje har så mykje.

LES MEIR: En viktig påminnelse om Bibelens mangfold og bibelfortellingenes plass i vestlig kultur.

Den fattige enka er ikkje åleine om å gi opphav til språklege uttrykk. Frå Det nye testamentet har vi til dømes «smular frå dei rikes bord», som viser til Jesu møte med den fønikiske kvinna. Om det ikkje er «rom for oss i herberget», er vi i same bås som jomfru Maria, sjølv om herberget ikkje står nemnt i juleevangeliet. Om vi «legg oss noko på hjartet», er vi også i felles ærend med Jesu mor. Forlangar vi derimot nokons «hovud på eit fat», meiner vi det ikkje nødvendigvis like bokstavleg som Herodias og Salome, men vi ønsker iallfall å straffe vedkommande. Spørsmålet blir likevel kven av oss som kan «kaste den første stein».

Går vi tilbake til Det gamle testamentet, finst det endå fleire uttrykk. «Evas drakt» er den vakraste av alle drakter. Potifars kone «kastar auga sine på» den unge og vakre Josef. Å «bli til ei saltstøtte» er i høgaste grad å bli handlingslamma, om ein ikkje til fulle skulle dele lagnad med kona til Lot. Heksa i En-Dor lét kong Saul «komme til krefter», mens dronning Vasjtis opprør fekk kongen i Persia til å slå fast at kvar mann i riket skulle vere «herre i sitt eige hus». For ikkje å snakke om den profetiske harmen i uttrykket «som mor, så dotter». I Esekiels tilfelle er det eit bilete på eit Jerusalem som er korrumpert i fleire ledd.

Den sterke lidenskapen

Ei kvinne vi skal gi ekstra merksemd for sitt bidrag til det norske språket, er hovudperson i Høgsongen. Denne unge jenta har gledd mange generasjonar bibellesarar med sine friske sitat i Bibelens mest dampande tekst. Lidenskapen hennar er sterk, og ho formidlar han med slåande metaforikk: «Styrk meg med rosinkaker, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.»

Jenta overauser kjærasten sin med fyrige kompliment: «Kjærasten min er raudkinna og skinande, han skil seg ut mellom ti tusen menn», seier ho og samanliknar hovudet hans med gull, kinna med kryddersenger og magen med ei plate av elfenbein. Ho liknar han også med «ein gasell, ein ung hjort».

«Å, om han ville kysse meg med kyss av sin munn!» seier jenta, som truleg er ein stad i pubertetsalderen. Det er ikkje lenge sidan ho var ei småjente, men no har ho vakse, og ho er sjølvmedviten. «Eg er blomen frå Saron, lilja i dalen», seier jenta. Ho er svart og søt, eit resultat av arbeidet ute i sola. Og brysta hennar er «som tårn».

Kjærasten hennar er heller ikkje dårleg med dei språklege bileta. Han samanliknar håret hennar med ein geiteflokk, auga hennar med duer, tennene med nyklipte og nyvaska sauer. Brysta hennar er «som to gasellkalvar, tvillingar som beiter mellom liljene». Han kan også seie det slik: «Du er høg som palmen, og brysta dine er som drueklasar. Eg seier: Eg skal opp i den palmen, gripa tak i dei greinene.»

Det er likevel jenta som viser den største handlekrafta av dei to. Blant anna leitar ho gatelangs etter kjærasten sin på nattetid, noko ho blir hardt straffa for av vektarane i byen – ho blir rett og slett banka opp. Sjølv ikkje denne brutale og uakseptable handsaminga får henne til å gi opp kjærleiken. Ho avtalar hemmelege nattlege stemnemøte ute på marka, og ho seier: «Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som ein logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort.»

Livskraftig rollemodell

Jenta i Høgsongen er ein av dei mest initiativrike og livskraftige kvinnelege rollemodellane som finst i Bibelen. Ikkje minst er ho eit positivt førebilete for yngre kvinner. Den erotiske lengten etter kjærasten gir ung, kvinneleg seksualitet ein etterlengta eigenverdi, noko det ikkje er så mykje av i det bibelske materialet. I Høgsongen handlar det ikkje primært om å føre slekta vidare, men om å dyrke kjærleiken og nyte den heftige tida i forelskingsrus.

Fordi boka er så eksplisitt erotisk, er ho ofte blitt lesen allegorisk, moglegvis av kyrkjeleg redsle for å sleppe laus så hemningslause kjensler på folket. Då er mannen i forholdet blitt eit bilete på Gud og kvinna på kyrkjelyden. Og dermed er vi i språkhistoria igjen, for jenta i Høgsongen er opphavet til eit av våre mest daglegdagse uttrykk. I den nye bibelomsettinga blir ho kalla «jenta frå Sjulam», men i den nynorske bibelomsettinga frå 1938 heitte ho Sulammit, som ho også heiter på hebraisk. Uttrykket «heile sulamitten» er avleidd av henne. Heile kyrkjelyden, med andre ord.

Jenta i Høgsongen er ein av dei mest initiativrike og livskraftige kvinnelege rollemodellane som finst i Bibelen.

—   Alf Kjetil Walgermo

Bibelen er i det heile ei Sareptas krukke av språkleg meisterskap, og mange av uttrykka har med kvinner å gjere. Også i uttrykket som stammar frå den fønikiske byen Sarepta, dagens Sarafand i Libanon, er det ei fattig enke som står sentralt. Det er tørke og hungersnaud i landet, og enka går og sankar ved utanfor byporten. Då kjem profeten Elia og ber henne om litt vatn i ei skål, så han kan få drikke.

Enka går for å hente vatn, og profeten ropar etter henne at ho må ta med eit stykke brød til han òg. Det er lettare sagt enn gjort. «Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga», seier enka. «No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.»

Elia gir seg likevel ikkje på det med brødet: «Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga noko åt deg og son din.»

Trass i den store nauda gjer den fattige enka som profeten seier: Ho bakar eit brød til han. Men når ho er ferdig med det, oppdagar ho at krukka enno ikkje er tom ­– det er meir mjøl att. Det same er tilfellet med mugga – det er stadig meir olje i henne. «Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt», fortel bibelteksten.

Det eine underet avløyser det andre, for i neste omgang døyr likevel sonen til enka, ikkje av matmangel, men av sjukdom – og profeten Elia vekker han opp att frå dei døde. Av dei to undera i Sarepta er det likevel matunderet, ikkje oppvekkinga frå dei døde, som i ettertida gir staden sitt gode rykte.

Bibelen er eit overflodslager

I ordboka er Sareptas krukke definert som eit overflodslager, eit forråd som aldri går tomt. Det står ingenting om mjøl, men så kling også Saraptas krukke unekteleg betre enn Sareptas mjølkrukke. Uttrykket Sareptas mugge fann aldri vegen inn i det norske språket, kanskje fordi mjøl er blitt rekna som viktigare enn matolje. I moderne tid er det norske velferdssamfunnet i stor grad er bygd på straumar av svart olje frå havbotnen, men ulikt oljen i Sarepta er han ikkje ein fornybar ressurs.

Det passar å avslutte bibelvandringa vår her, med enka i Sarepta. Likt krukka hennar er Bibelen eit overflodslager også når det kjem til forteljingar om kvinner. Mange av desse kvinnene har namnesøstrer i vår eiga tid. Stadig veks det opp nye jenter med namn som Sara, Rebekka, Ester, Maria og Elisabet.

Med Bibelens kvinner. Historiene som forma verda har eg ønskt å gi nokre peikarar inn i bibelteksten, og inn i kunsten og kulturen. Håpet mitt er at fleire blir inspirerte til å følge spora vidare på eiga hand. Det er god grunn til å fryde seg over Bibelens kvinner, over kjente og ukjente bibelforteljingar og det rike avtrykket dei har sett etter seg.

I ei tid der kvinnekampen framleis ikkje er ført til ende, er det viktig å løfte fram kvinner som har vore med på å forme og forandre den historia vi alle er ein del av. Kvinnene i Bøkenes Bok står i så måte sentralt.

Historia om Bibelens kvinner er historia om oss.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje