Ein muslim søker nattverd

Muslimske Razwan Afsar ønskjer å ta del i den kristne nattverden. Ikkje for å søke frelse, men for å minnast Jesus på tvers av religionar.

Reportasje

Denne saken ble først publisert 2. juli 2020.

– Det handlar ikkje berre om å ha rett tru. Det handlar om at ein kjem sjølv, og at Jesus er for alle, seier Razwan Afsar (28).

I ei fersk masteroppgåve ved Det teologiske fakultet i Oslo (TF) utfordrar Afsar oppfatninga av nattverden som eit ritual eksklusivt for kristne. I oppgåva, som har fått tittelen «En muslims bekjennelse av nattverd», drøftar han i kva grad det er mogleg for han som muslim å delta i det kristne nattverdsfellesskapet som minnast Jesus ved å drikke vin og ete brød. Er det mogleg å knele ved altarringen og ta nattverden utan å overgi seg til ei kristen tru?

– Eg har alltid vore opptatt av mystikk og nestekjærleik, seier den praktiserande muslimen. – Og for meg har Jesus vore kjærleiksidealet.

Alle kan komme til Jesus. Men kyrkja har regulert tilgangen til han. Den norske kyrkja har som utgangspunkt at nattverden er for alle døypte. I praksis er dåpen likevel ikkje eit absolutt krav. Dette har Afsar merka seg.

– Og er det eigentleg rett å bruke dåpskriteriet for deltaking i eit måltid som Jesus sjølv innstifta, spør han.

Minnemåltid

Eg møter Afsar utanfor Paulus kirke på Grünerløkka i Oslo. Snart skal vi inn i kyrkja og diskutere spørsmålet med prestane: Kan ein muslim gå til nattverd?

Afsar har for sin del drøfta seg fram til ein positiv konklusjon på det som for somme vil fortone seg som eit brennbart spørsmål. Nattverdsliturgien vi brukar i dag kom først på plass lenge etter at Jesus inviterte læresveinane sine til «det siste måltidet». Dei eldste overleveringane fortel oss at vi skal feire nattverden «til minne om» Jesus. Og det er nattverden som minne- og fellesskapsmåltid Afsar ønskjer å ta del i.

– Eg forstod på eit tidspunkt eg kom til å ta nattverden, seier han.

Dersom ikkje covid19-viruset hadde sørgja for stengte kyrkjer i april, hadde han truleg gjort det allereie. No er ritualdeltakinga på vent, men Afsar reknar med å gjennomføre i løpet av året. Det viktige for han er intensjonen, at han tek nattverden med eit heilt hjarte, og at presten anerkjenner formålet hans.

– Eg ønskjer ikkje å vere i søkelyset, men å vere ein del av fellesskapet. Vi lever i ei tid der er mykje frykt for andre, men også i ei tid der vi kan samtale på nye måtar, seier Afsar.

Stoppa av korona

I Paulus kirke står sidedøra open og sokneprest Arne Jor ønskjer oss velkomne inn. Vi tek plass i den vesle trappa framme i kyrkjeskipet. Studentpresten Anne Anita Lillebø er også til stades. Ho har mange års bakgrunn som dialogprest. Dei er begge begeistra for oppgåva Afsar har skrive.

– Kan ein muslim få nattverden, Anne Anita Lillebø?

– Eg tenker fleire ting: Det eine er at den som ønskjer å gå til nattverd, skal få gjere det. Eg skulle ønskje det var slik. Samtidig er eg då på kant med min eigen dogmatikk, som set eit hinder for det. Nattverden er for dei som er døypte. Så er det også noko uoverskodeleg ved det å prøve andre sine ritar – eit eksperiment, seier Lillebø.

Afsar har gjennom masteroppgåva si vore i kontakt med prestar på ulike kantar av Noreg. Det første han oppdaga, var at det var vanskeleg å få prestane til å stille opp. Mange svarte ikkje eingong på forespørselen om samtale.

Responsen frå prestane delte seg i to: Nokre viste til dogmatikken og sa at situasjonen var låst. Andre meinte at ein må opne rammene og tolke ritualet med kjærleiksbodskapen i botn. For desse fanst det ei opning for at Afsar kunne delta i nattverden som muslim.

– Nokre kyrkjegjengarar vil sikkert tenke at det er flott med dialog, mens andre vil vere skeptiske til at du som muslim skal bli med i eit kristent ritual. Kva tenker du rundt dette?

– Det er eg som er gjest, så eg ønskjer å vise respekt. Derfor respekterer eg også dei som seier nei. Men der eg ser at vi er einige, er det interessant å sjå kor langt vi kan følgje den felles samtalen, og om vi kan møtast i ritualet, seier Afsar.

---

Muslimar og nattverd

  • Muslimske Razwan Afsar leverte før sommaren ei masteroppgåve i religion og samfunn på Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo. Tittelen var «En muslims bekjennelse av nattverd».
  • I nattverden får ein brød og vin av presten, som seier til at dette er Jesus kropp og blod.
  • I Det nye testamentet seier Jesus at disiplane hans skal gjere dette til minne om han.
  • Afsar er komen fram til, for sin eigen del, at han vil delta på ein kristen nattverd.
  • Fleire prestar er opne for dette, mens andre er imot. Det er ulike syn blant kristne teologar og muslimske lærde.

---

Ikkje kjøt og blod

Inne i Paulus kirke er det tydeleg at Afsars tilnærming både vekker interesse og er ein smule utfordrande på same tid. Tenkinga hans ser ut til å gi resonans hos prestane, samtidig som det finst ein dogmatisk bøyg der. Dei ønskjer uansett diskusjonen hjarteleg velkommen.

– Eg ser også nattverden som eit minnemåltid, seier Anne Anita Lillebø. – Det er eit gjestfritt kjærleiksmåltid. Samtidig er det også noko djupare der, ei åre vi koplar på.

– Ville du sagt til Razwan Afsar, om han kom for å få nattverd, at det er vanskeleg for han å delta?

– Det er kyrkja sitt nattverdssyn som er problematisk og set hinder for å dele nattverd på tvers av tru. Men om Afsar kom under ei gudsteneste, hadde eg ikkje visst kven han var eller kvar han kom ifrå, for det spør vi ikkje om. Det hadde likevel vore fint å ha ein samtale rundt det, og vidare samtalar i etterkant. Korleis kjentest det ein månad etterpå? Eg har vore med på at vegetarianske buddhistar har tatt nattverden og opplevd det som ubehageleg å ete Jesus kjøt og blod, seier Lillebø.

– Det vil ikkje vere mogleg for deg som muslim, Razwan Afsar, å gå til nattverden og tenke at du drikk Jesu blod og et Jesu kropp?

– Nei. Tanken om at vi i nattverden et Jesu kjøt og drikk Jesu blod, eksisterer eigentleg ikkje i islam, for Gud er ikkje materie. Jesus er heller ikkje Gud i islam, men ein profet. Det er viktigare for meg å tenke på forholdet til Jesus i nattverden enn å tenke på kjøt og blod. Det same gjeld nok også for ganske mange kristne, meiner Afsar.

Men kva viss vi ikkje forankrar nattverden i Jesu kjøt og blod, men i at menneske kjem saman for å minnest han og feire at våre eigne liv heng saman gjennom han? Lillebø tenker høgt rundt dette. Ho er redd for at tanken om Jesu kropp og blod for somme kan bli eit trylleformular, eit hokuspokus avleia av det latinske «Hoc est corpus meum» – «dette er min kropp».

Dialog, ikkje frelse

Razwan Afsar snakkar om korleis han som muslim heller ikkje kan sjå på nattverden som ein veg til frelse. Det kan han ikkje stå inne for. Derimot kan han søke dialog med kristne og fellesskap med Jesus.

– Også i islam blir Jesus omtalt som Messias, frelsaren. I nattverden kan eg minnast han, til dømes ofringa han gjorde og nestekjærleiksbodskapen. Spørsmålet blir derfor om prestane opnar opp for at dette er mogleg for meg å gjere, seier han.

Nokre prestar – både på Sørlandet og i Trøndelag, går det fram av Afsars masteroppgåve – har allereie opna opp for muslimar ved nattverdsbordet. Det finst muslimar i Noreg som har deltatt i ein kristen nattverd. Somme kanskje utan å ha eit reflektert forhold til det, andre med eit ønske å delta i eit fellesskap.

– Det synest ikkje utanpå folk kva slags tru dei har, seier sokneprest Arne Jor. – Slik sett er det i og for seg opne nattverdsbord kvar einaste søndag.

Han har sjølv gitt nattverd til ein person med muslimsk bakgrunn, noko han opplevde som fint.

– Vi har hatt fleire samtalar om tru. Han har framleis ei lang vandring framfor seg for å finne sin identitet og si tru, anten han skal tilbake til muslimsk tru, om han vil vere ein stad midt i mellom eller om han vil komme til kyrkja – det må han sjølv finne ut av. Men eg tenkte at det ville bra for han, då han spurte, at han fekk prøve ut nattverden, fortel Jor.

– Så dersom Razwan Afsar hadde komme hit for å få nattverd, ville det ha vore greitt?

– Han er hjarteleg velkommen.

Islamsk motstand

Det vil altså vere mogleg for ein truande muslim å finne ei opning til nattverdsbordet, anten ved at han ikkje seier noko om trua si eller at han finn ein prest som ikkje nektar han å ta del. Den neste utfordringa for Razwan Afsar er dermed kva islam seier om saka. Eg tek kontakt med religionshistorikar Lena Larsen, som sjølv er muslim. Ho kan ikkje sjå at islam gir opning for at muslimar kan delta i den kristne nattverden. – Eg forstår ikkje korleis ein muslim skal kunne gå inn i eit ritual som føreset ei kristen tru. Det vil stå i klar motsetning til islamsk truslære, seier Larsen.

Ho understrekar at islam ser på Jesus som eit menneske og ein profet, og ikkje som Gud. Og ho viser til ordlyden i nattverdsritualet, at «den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage lekam og sitt dyre blod som han gav til soning for alle våre synder.»

– Då kan du ikkje seie at nattverden berre er eit minnemåltid. Det synest eg høyrest søkt ut. Ein må forholde seg til at nattverden er eitt av to sakrament i Den norske kyrkja og til det presten forretter.

Vatnar ut kjernen

– Nokre prestar opnar for at muslimar kan delta i nattverd. Kva då? – Ein ting er at prestane seier dette, då er det ikkje samsvar mellom det dei seier og innstiftingsorda i nattverden. Men kva seier muslimar?

Larsen meiner at ein kan vere til stades under andre sine ritual, men utan å delta. Rituala er uttrykk for kjernen og trusgrunnlaget i religionen.

– Vi kan ikkje utvatne kjernen for å lage sosialt fellesskap. Nattverden er eit fellesskap av dei kristent truande. Det er noko langt meir enn eit minnemåltid. Inkludert i måltidet er også Jesu død på krossen for våre synder. Elles blir nattverden utvatna, seier Larsen.

Ho meiner at dersom hensikta er å fremje sosialt fellesskap i gudstenesta, vil kyrkjekaffien kunne vere ein arena, også på tvers av tru. Dette aspektet er Arne Jor i Paulus kirke også inne på. Eit av forslaga hans til Razwan Afsar er å invitere til ei eiga skjærtorsdagsgudsteneste med måltidsfellesskap mellom kristne og muslimar.

Men for ein muslim å delta i nattverd? Problematisk, meiner altså Lena Larsen. Eg høyrer med imam Faruk Terzic i Det islamske fellesskap Bosnia-Herzegovina om han meiner det same. Men Terzic er ikkje like avvisande.

– Av og til er muslimar inviterte til religiøse møter. Eg ser ikkje noko problem ved å vere til stades, seier han.

– Så det er greitt for ein muslim å gå til kristen nattverd?

– Det blir eit teologisk spørsmål, sjølvsagt. Som student og forskar er han (Razwan Afsar, journ. anm.) i ei særstilling. Han har skrive ei oppgåve, seier Terzic.

– Men ein muslim kan ikkje ta nattverden og tenke at det er Jesu kropp og blod?

– Det er vanskelegare for muslimar å forstå den typen symbolikk. Nattverden er komplisert teologisk sett, han involverer dei kristne tankane om inkarnasjonen og treeinigheita.

Jesus som førebilete

– Men om ein ser nattverden som eit minnemåltid, kan også muslimar minnast Jesus på den måten?

– Det er ikkje ein vanleg måte for muslimar, men som gjestar i kyrkja kan dei kanskje få vanleg mat. Det er veldig viktig at unge muslimar i dag har Jesus som førebilete i livet sitt. Det gjeld særleg i vår tid, der folk ofte kritiserer og angrip kvarandre for å ha ulike idear, seier Faruk Terzic.

Konklusjonen er altså at det er betre med vanleg måltidsfellesskap enn deltaking i kristen nattverd. Om Afsar tar nattverden som student og forskar, verkar det likevel som om handlinga ikkje blir møtt med unison fordømming frå det muslimske miljøet. Då står det att eit tredje punkt som Afsar har måtta diskutere med seg sjølv:

– Ritual er identitetsskapande handlingar. Om eg deltar i eit ritual, kan det påverke meg både kroppsleg, kognitivt og teologisk. Sidan nattverd er eit kristent ritual, er det eit spørsmål om deltaking kan påverke den muslimske identiteten min, seier Afsar.

Det er veldig viktig at unge muslimar i dag har Jesus som førebilete i livet sitt.

—   Faruk Terzic

Prega av kyrkja

Dersom identitet er noko fastlagt, vil nattverd kunne bli problematisk for han sjølv. Dersom han ser på identitet som noko som er «i flyt», blir det derimot fleire moglegheiter.

– Min identitet som muslim bygger vidare på ein kristen identitet. Vår tradisjon bygger vidare på den kristne tradisjonen. For meg er derfor den muslimske identiteten i stadig endring. Eg er vaksen opp med ei statskyrkjeordning i Noreg, og sjølv om ikkje kyrkja har påverka meg svært mykje, har ho likevel vore med på å prege identiteten min, seier Afsar.

Blant anna har han vore på fleire julegudstenester i oppveksten. Som vaksen og student har han endåtil lese høgt frå Lukasevangeliet.

– Eg har lært meir om Jesus i kyrkja enn eg lærte om han på ti år med koranskule, seier han.

Kven er verdige?

I Det nye testamentet kan vi lese om korleis Jesus tok imot alle, både syndarar, tollarar og prostituerte. Eit spørsmål som likevel er kjent for mange kristne, ikkje minst i den eldre generasjonen, er kven som er verdige nok til å ta imot nattverden. Presten har hatt, og har framleis, makt til å nekte nokon å ta del i nattverdsfellesskapet. For somme har dette skapt sår, og det er fleire som kan fortelje at dei ikkje har gått til nattverd fordi dei ikkje kunne svare for livet sitt – trass at nattverden nettopp skulle formidle Guds nåde til oss syndige menneske.

Tilbake i Paulus kirke er dette ein tematikk som prestane er medvitne om. Arne Jor trur ikkje mange opplever dette i dag, men vi skal ikkje så langt tilbake i tid før spørsmålet var høgaktuelt.

– Min eigen far gjekk til nattverd for første gong sidan konfirmasjonen då eg var prestevikar på Hellesylt, fortel Anne Anita Lillebø.

Ho trur at det framleis kan henge igjen noko det gamle skiljet mellom «dei verdige» og «dei mindre verdige», sjølv om ho ikkje er kjent med at avvising framleis går føre seg i norske kyrkjelydar. I så tilfelle burde det ikkje skje. Ho synest prestemakta til å nekte nokon nattverden er problematisk.

– Det er eigentleg svært uetisk å avvise folk i knefallet, seier Lillebø.

Razwan Afsar kan i teorien oppleve avvising om han som muslim skulle gå til nattverd hos ein prest som nektar han dette. Han fortel sjølv om situasjonar der prestar har sagt til nattverdssøkande at «deg hoppar vi fint over». Bør prestar i Den norske kyrkja hoppe «fint over» Afsar om han kneler ved altarringen?

Ingen eksklusjonsmarkør

Eg ringer professor i systematisk teologi på MF vitskapleg høgskule, Jan-Olav Henriksen. Han har ein sentral posisjon på institusjonen som utdannar flest prestar her i landet.

– Kan ein muslim delta på ein kristen nattverd?

– Det går ikkje an å svare ja eller nei til det, det kjem an på kva slags vinkel ein vel. Det kyrkjerettslege og dogmatiske utgangspunktet til Den norske kyrkja er at nattverden er for alle døypte. Slik sett blir svaret nei. På den andre sida er det ope nattverdsbord i Den norske kyrkja, så det er ingen som stiller spørsmål til dei som deltar om dei er døypte. Det blir vanlegvis heller ikkje sagt at «alle som er døypt, kan delta», men at «alle kan delta som vil ha fellesskap med Jesus».

– Det kan vel ein muslim svare ja til, sjølv om Jesus er ein profet i islam?

– Nettopp. Det står også i nattverdsliturgien at vi skal «gjere dette til minne om meg», som Jesus seier. Ein som ønskjer å ta nattverden til minne om Jesus, kan forstå seg som invitert, og det kan nok ein muslim også gjere. Muslimen vil derimot ikkje kunne ta imot nattverd som soning for synder.

Henriksen peiker på at det er ein ting kva muslimen sjølv finn adekvat, og ein anna ting korleis kyrkja bør avgrense – eller opne – nattverdsfellesskapet.

– Det er ingen grunn til at kyrkja skal bruke nattverden som ein eksklusjonsmarkør. Samtidig er det ikkje våre eigne meiningar som bestemmer kva nattverden er. Nattverden er ein realitet som vi skal snakke tydeleg om. Det er snakk om eit reelt fellesskap med Jesus for dei som ønskjer å høyre til i dette, seier teologiprofessoren.

Respektlaust eller positivt?

– Dersom muslimar ser på nattverden som eit minne- og fellesskapsmåltid, skal dei få lov til å delta utan at kristne treng å kjenne seg trua av det?

– Frå eit luthersk synspunkt er nattverden meir enn eit minne- og fellesskapsmåltid, sjølv om dette er to viktige element. Jesus er reelt til stades i vinen og brødet, og fellesskapet med han tek utgangspunkt i det han har gitt gjennom døden og oppstoda. Nattverden er eit frampeik til Jesu oppstode, og den dimensjonen må vere vanskeleg for ein muslim å anerkjenne.

– Kva skal ein prest gjere dersom ein muslim oppsøker nattverden?

– Då synest eg ikkje presten skal nekte vedkommande å ta del. Slik verda er blitt, er det heller ikkje like tydelege grenser mellom dei religiøse tradisjonane. Dermed vil ein del menneske med religiøs «hybrididentitet» delta i ulike religiøse ritual, noko vi må ta til etterretning. Når ein muslim ønskjer å ta kristen nattverd, oppfattar eg det som eit uttrykk for dette, og det er heilt okay.

Eg ser for meg at vi på sikt må diskutere dette.

—   Jan-Olav Henriksen

Men det finst eit «men», ifølgje Henriksen. I tillegg til det individuelle perspektivet finst det også eit kollektivt perspektiv.

– Det kan oppfattast ulikt når ein person kjem frå ein annan tradisjon og vil delta i eins eige ritual. Er det greitt eller problematisk? Nokon vil oppleve det som respektlaust, mens andre vil oppfatte det som positivt. Då må kyrkjelyden i fellesskap finne ut korleis ein stiller seg til at menneske frå andre trustradisjonar ønskjer å ta del i nattverden. Det er sjølvsagt også eit spørsmål korleis fellesskapet som muslimen opphavleg høyrer til, vil oppfatte det dersom han eller ho deltar i kristen nattverdsfeiring.

– Kan det bli behov for å diskutere dette spørsmålet vidare i kyrkja sentralt?

– Eg ser for meg at vi på sikt må ha diskusjonar kring spørsmålet. Men eg veit ikkje om diskusjonane kjem til å føre oss nokon annan stad enn der vi er i dag: Nattverdsbordet er ope for alle som ønskjer å delta, men samtidig må vi oppretthalde at han er for dei som er døypte, seier Jan-Olav Henriksen.

Historisk blikk

Ein av dei sentrale personane i det som kan bli ein vidare diskusjon kring tematikken, vil vere biskop i Oslo bispedømme, Kari Veiteberg. Ho ønskjer ikkje å seie noko bastant om muslimar kan gå til kristen nattverd eller ikkje. Ho vil gjerne lese Razwan Asrafs masteroppgåve først, noko ho førebels ikkje har rukke.

– Det er mange lag og spørsmål her, og mykje som står på spel, seier ho. – Men det er velkome at nokon har forska på dette interessante temaet. Eg vil tru det er historisk i norsk kontekst at ein muslim har dette blikket på kristen nattverdspraksis.

Det er få prestar i dag som viser bort nokon som søker til altaret. Slik var det også då biskopen jobba Kirkens Bymisjon.

– Samtidig er det viktig å ikkje tilsløre at vi i nattverden får ta imot Kristi kropp og Kristi blod. Dette er eg litt var for å påføre andre, så eg inviterer helst inn i andre måltidspraksisar enn nattverden, seier Veiteberg.

Meir fellesskap

Dersom ein inviterer til kjærleiksmåltid, eit agape-måltid, kan ein lettare ha interreligiøst fellesskap. Dette har Veiteberg sett blitt gjort i fleire samanhengar.

– Eg synest vi må få ein slik dimensjon ved nattverden sterkare tilbake – med vekta på fellesskapet framfor ei meir individuell tilnærming. Dette aspektet ligg også bak den utvidinga av nattverdsfellesskapet som allereie har gått føre seg nokre tiår, der til dømes barn no kan gå til nattverd. Der eg sjølv ofte feirar nattverden (i Tøyenkirken i Oslo, journ.anm.), høyrer han saman med eit suppemåltid som understrekar fellesskapet, fortel Veiteberg.

– Eg vil ikkje seie at suppemåltidet er annanrangs.

– Fellesskapet er openbert ein svært viktig del av nattverden. Samtidig har vi den kristne dogmatikken som seier at brødet og vinen er Jesu kropp og blod. Dette vil i dobbel forstand vere vanskeleg å svelgje for ein muslim?

– Det vil vere vanskeleg å svelgje. Og det skal vere vanskeleg å svelgje. Eg tenker ikkje at religionar skal gå opp i ei høgare eining, men at vi kan anerkjenne forskjellane våre samtidig som vi står side ved side. Vi kan godt snakke om einskap og praksisar vi kan dele, men også anerkjenne verdien av det som er ulikt, seier Veiteberg.

Smertefulle skilje

Nattverden står ikkje i dag som det viktigaste teiknet på einskap i den kristne verdskyrkja. Det er nok å tenke på at katolikkar og protestantar framleis ikkje kan gå til nattverd saman, trass økumeniske tilnærmingar gjennom lang tid. Eit typisk døme er når eit medlem i Den norske kyrkja er på ferie i eit katolsk land og går til messe. Når det blir nattverd, er ho avskoren frå å delta i fellesskapet på lik linje med dei andre truande. Dette kan for somme vere smertefullt.

– Den muslimske studenten er med på å utvide dette spørsmålet med tilnærminga si. Vi står på mange måtar saman i bøna og i arbeidet for rettferd og fred. Så hentar vi styrke til dette i ulike rituelle tradisjonar, seier Veiteberg.

Oslo-biskopen fortel at spørsmålet også har stått høgt på agendaen i Kirkenes Verdensråd: Kan vi ha kristen einskap når vi ikkje kan feire nattverden saman? Sjølv har ho tidlegare deltatt i liturgiske nettverk der ho feira nattverd saman med katolske trussøsken.

– Ofte veit vi ikkje kven dei som kjem til nattverdsbordet er. Vi veit ikkje namn og yrke, eller kva som skjuler seg i det indre.

Mykje å arbeide med

Spørsmålet om nattverdsfellesskap ikkje berre på tvers av konfesjonar, men på tvers av religionar, er likevel eit langt steg vidare i diskusjonen. Oslo-biskopen vil gjerne vere med i denne samtalen. Ho er definitivt medviten om at kyrkja ikkje alltid har brukt nattverden på ein god måte. Somme gonger er folk blitt nekta nattverden, som absolutt skulle ha fått han.

– Vi har mykje å arbeide med. Eg har ofte lese dei tre første versa i Lukas 15 saman med dei som har lurt på om dei er verdige nok til å gå til nattverden. Når Jesus brukte tid saman med tollarar og syndarar, kan vi også tenke at «ja, kanskje er det plass til meg, òg», seier Kari Veiteberg.

Vi veit ikkje namn og yrke, eller kva som skjuler seg i det indre.

—   Kari Veiteberg

Brødet og vinen

Inne i Paulus kirke står Razwan Afsar saman med Arne Jor og Anne Anita Lillebø med nattverdselementa framfor seg. Diskusjonen står om denne vinen og dette brødet. Er det mogleg for Afsar å ete og drikke?

– Har du sett nattverdsoblatar før?

– Iallfall fire gonger, seier Afsar.

– Eg kjenner ei som har sommarjobb med å lage slike oblatar, seier Lillebø. – Arne (Jor) brukar ofte å bake brødet sjølv.

Rundt oss dannar det flotte interiøret i Paulus kirke ei mektig ramme for spørsmålet som Razwan Afsar har brakt til kyrkjetorget. Han tenker ikkje å ta nattverden her og no. Men truleg blir det ikkje lenge til.

– Korleis er kjensla av å stige inn i kyrkjerommet?

– Det er fantastisk å vere her, heilt ærleg. Det er noko med stemninga. Rommet er ladd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje