Rettferd for alle

Religionsdialog og kvinnesak kjem ut på eitt for Anne Hege Grung. Det handlar om likeverd og respekt.

Reportasje

Då Anne Hege Grung blei ordinert som prest, var det mange i lokalsamfunnet på Nøtterøy som heldt seg borte. Årsaka var at ho var kvinne. Ein ven av henne som møtte opp, fekk vanskar med det kristne miljøet sitt i etterkant. Han hadde vore med på å «legitimere» ein praksis i strid med Guds ord. 1992 er lenge sidan. Men det er ikkje lenge ­sidan. Det var teologien som for alvor opna Grungs auge for kvinnesak. Ho hadde merka tendensane i Ten Sing-koret også, at det var gutane som ­dominerte. Men først då ho begynte å studere i ­hovudstaden, blei ho møtt med ei oppmoding om å halde tåta – kvinner blei så lett rivne med av sine eigne kjensler.

Karakteristikken frå ein medstudent, ein klassisk mannleg hersketeknikk, kunne neppe ha vore meir feilplassert. Teologen som nyleg blei utnemnt til leiar av Norsk Kvinnesaksforening, er snarare roleg, reflektert og engasjert. Ho snakkar lågmælt, men med ettertrykk. Om bestefaren som var lekpredikant, og ein del av det same miljøet som var kritiske til henne som prest.

– Besteforeldra mine kom i ordinasjonen. Bestefar gråt og takka biskopen for at kyrkja kunne bruke nokon i hans familie, seier Grung.

Om ho skulle bli riven med av sine eigne kjensler, er det i så fall her, når ho tenker på bestefarens kjærleiksfulle aksept.

Kyrkja har aldri vore ein framand­ stad for Anne Hege Grung. Foreldra tok henne med som barn, og ho gjekk også på søndagsskulen. Men ho stussa på forteljingane om himmelen.

– Dersom det var så fint i himmelen, kunne vi ikkje berre døy alle saman, her og no? Eg grubla veldig mykje då eg var liten. Kvifor svarte ikkje Gud når eg bad? Og kva betydde eigentleg det ­presten sa?

Vekt i Ten Sing

Grung vaks opp i grisgrendte strok på Nøtterøy, utan så mange leikekameratar i nabolaget. ­Søskena var ein del yngre. Det blei med andre ord god tid til grubling. Etter kvart kom bøkene, som opna opp nye rom. Ho var altetande, frå Bobsey-barna til Bibelen, sjølv om lesinga av sistnemnte i første omgang stranda eit stykke ut i Mosebøkene.
Så, på ungdomsskulen, fekk ho begynne i Ten Sing. Det kristne «raddis»-miljøet, som ho kallar det, vekte eit sterkt politisk engasjement i henne.

– Vi hadde lange diskusjonar om politikk og menneskerettar. For oss hang det politiske engasjementet saman med den kristne trua. Det var naturleg å vere motivert av den kristne tanken om menneskeverd og rettferd.

---

Anne Hege Grung

  • 54 år
    Gift, ingen barn
    Kjem frå Nøtterøy i Vestfold og Telemark
    Bur i Oslo
    Ble i fredag utnevnt til ­professor i interreligiøse ­studier ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo
    Nyvald leiar for Norsk Kvinnesaksforening

---

Konfirmert åleine

Konfirmasjonstida blei spesiell. Grung blei konfirmert åleine fordi familien skulle flytte utanlands. Faren var pilot, destinasjonen var Bangkok. Konfirmasjonen hennar gjekk difor unna på rekordtid, etter eit par privattimar med kateketen.

– Eg syntest det var forferdeleg­. Mest fordi eg ikkje likte å stikke meg ut. På den tida var eg nokså­ sjenert. Eg ville berre søkke i jorda­, fortel ho.

Opphaldet i Bangkok blei kort, men ho ber framleis med seg den sterke erfaringa av å vere heilt ny og ikkje kjenne nokon av reglane. Ei anna erfaring gjorde ho seg etter vidaregåande, under opphaldet hos Ungdom i Oppdrag på Grimerud. Då dei andre ungdommane drog på misjonsturné til Amsterdam, valde Grung å bli heime i Noreg. Ho likte ikkje ­tanken på at dei skulle ned og «frelse» dei prostituerte i Red Light District frå eit forferdeleg liv. For henne mangla det likeverd.

Eksistensielt sug

Den eksistensielle grublinga førte henne inn i teologien, først på MF vitskapleg høgskule og deretter på Det teologiske fakultet på Blindern. Ho likte den kunnskapsbaserte inngangen til trua. Sjølv då ho hadde medstudentar som var mot kvinnelege prestar, var teologistudiet ein opptur.

– Teologi er eit av dei mest mangfaldige studia du kan ta. Du lærer historie, filosofi, etikk, retorikk, teksttolking. Teologi er ei skikkeleg god allmenndanning, seier Grung.

Sjølv kjente ho det eksistensielle suget så sterkt at ho droppa­ dei opphavlege planane om statsvitskap, og stod teologi­løpet ut.
Undervegs i løpet fekk ho eit opphald i Sør-Afrika, i 1988, midt i apartheidtida.

– Dette blei formande for meg, ja, heilt avgjerande. Her såg eg kor destruktiv og kor konstruktiv teologi kan vere. Kristen teologi blei brukt både til å legitimere apartheid og brutalitet, og til å understreke at alle menneske er like for Gud.

---

Fire raske

  • GUD ER: Større.
    EG KLARER MEG IKKJE UTAN: Kaffi og saltvatn.
    PÅ GRAVSTEINEN MIN SKAL DET STÅ: «No har ho fri.» (Men eg er samtidig veldig nøgd med ­livet mitt. Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så spennande!)
    BOKA ALLE MÅ LESE: Siderhusreglene av John Irving.

---

Dialogvilje

Prinsippet om likeverd har alltid stått sterkt hos Anne Hege Grung. I studenttida var ho opptatt av å ikkje berre menge seg med like­sinna, men utfordre skilja mellom «innanfor» og «utanfor». I vaksen alder er ho kjent for det mange­årige arbeidet med religionsdialog.

– Eg blei interessert i dialogarbeid under den første Golfkrigen i 1991. Eg kunne sjå frå den eine dagen til den neste korleis muslimar blei det nye fiendebiletet, fortel ho.

Grung engasjerte seg etter kvart i kontaktgruppa mellom Mellomkyrkjeleg råd og Islamsk råd, og i fleire år jobba ho ved dialogsenteret Emmaus på Grünerløkka i Oslo. Her var ho leiar då USA blei utsett for terrorangrep den 11. september 2001, ei hending som førte til fornya frykt for muslimar.

– Det var heilt surrealistisk. På kva slags grunnlag kan ein stemple ei stor gruppe med menneske som fiendar? Men det var svært meiningsfullt å vere ein del av eit kontaktmiljø som hadde strukturar på plass.

Grung synest eigentleg at dialogviljen i dei fleste religiøse miljø i Noreg er stor. Ho ser få døme på folk som slår kvarandre i hovudet med Bibelen og Koranen.

– Kristne og muslimar ser ulikt på Jesus. Kva er ditt eige bilete av han?

– Jesus er den som spør. Han spør og lyttar. Og han avslører urett utan å knuse menneska han avslører. Biletet mitt av Jesus har endra seg over tid. I barndommen oppfatta eg han ofte som ein mild mann som sørgde over ting vi menneske gjorde feil. No trur eg på ein meir spennande Jesus. Han er kreativ og kan sette ting på hovudet. Og han kan utfordre, samtidig som han ber i seg håpet om fellesskap og siger over dødskreftene.

– Kva tenker du om Jesu oppstode?

– Eg trur på ein kjærleik som vinn over dødskrefter, det gjer eg. Og som truande trur eg på oppstoda. Det er ei tom grav der.

– Jesus stiller framleis spørsmål?

– Ja. Men uansett kva ein sjølv tenker om spørsmålet, er det fint å vere med i eit fellesskap som feirar Jesu oppstode.

Fascinert av islam

– Er det noko i islam som fascinerer deg?

– Ja, bønnelivet. Ramadan og id-feiringa. Alt er sterke uttrykk for religiøs praksis. Fromheita og rettferdstanken. Eg er ofte blitt slått av fromheita til muslimar eg har møtt. Og det som har lært meg aller mest, er kanskje det sosiale engasjementet. Det har gjort inntrykk.

Grung seier likevel at ho har vore nærmare å melde seg ut av Den norske kyrkja enn å konvertere til islam. Utmeldinga ville i så fall ha vore ein protest mot kyrkja meir enn ein protest mot Gud.

– Eg trur at det kan skje ting med deg i livet som gjer at du mister trua. Iallfall dersom du ser på tru som noko individuelt. Men å miste trua kan også vere ein del av truspraksisen. Sjelas mørke natt. Og du kan velje å vere med vidare i eit fellesskap som ber trua for deg.

– Har du sjølv kjent på eit slikt gudsfråvær?

– I augeblikk har eg det. Då har eg tenkt at tida går. Eg har ikkje kjent meg så trua av det.

Bryte isolasjon

Ved slike opplevingar kan det for enkelte vere til hjelp å samtale med andre. Anne Hege Grung underviser i sjelesorg ved Det teologiske fakultet.

– Sjelesorg er viktig for å bryte isolasjon, som mange kan oppleve når ein har det vanskeleg. Omsorgsfulle, hjelpande samtalar er ein radikalt opnande praksis som kan bygge håp om fellesskap. Gjennom sjelesorga blir ein gjenkjent og akseptert. Du møter ein nåde, seier Grung.

– Det første eg anbefaler studentane mine, er å finne seg ein sjelesørgjar. Det er viktig å vere ikkje berre den som skal hjelpe, men den som tek imot hjelp.

Grung har sjølv ikkje jobba som kyrkjelydsprest, men den første jobben hennar var som studentprest i Norges Kristelige Studentforbund. Ho hugsar tilbake på gudstenestene med glede. I dag er ho for sjeldan i kyrkja, meiner ho. Innrømminga kjem av seg sjølv, som eit aldri så lite skriftemål.

– Kva med bøn? Ber du?

– Det driv eg med. Eg er særleg­ glad i bøna som er skriven av Svein Ellingsen: «Du gode Hellig­ Ånd fornyer alt. Til liv i gledens fylde er vi kalt.»

Ho saknar også å drive meir med meditasjon, som ho begynte med i tida som dialogprest.

– Først blir det stille, før det blir bråkete. Du kjem i kontakt med deg sjølv på ein ny måte, og må lære deg å akseptere og romme tankane og kjenslene dine. ­Tankane skal også få lov til å komme og gå. For meg var nok dette ein nøkkel. Dersom eg ikkje skal tenke på ein elefant, tenker eg på han heile tida.

Skape rom

Framover skal Grung arbeide for likestilling og kvinners menneskerettar som leiar av den eldste og viktigaste kvinnesaksorganisasjonen i landet­. Han blei stifta på initiativ frå Gina Krog og Hagbart Berner i 1884, samtidig med parlamentarismen. Den første store kampen blei vunnen i 1913, då kvinner fekk stemmerett.

Noreg er i dag eit av verdas mest likestilte land, men framleis er kvinnesak viktig for å skape større rom og fleire moglegheiter både for kvinner og menn. Vi har også eit internasjonalt ansvar, eit solidaritetsarbeid.Leiar­vervet i Norsk Kvinnesaksforening er for Grung ei naturleg vidareføring av interesse- og forskingsfelt gjennom mange år. Som teolog tek ho med seg ­blikket for det religiøse. Dessutan har kvinnesaksarbeid ein sentral ting til felles med religionsdialog.

– Både religionsdialog og kvinnesak handlar om likeverd og respekt. Begge deler er viktige former for demokratisering. Vi må etablere mest mogleg­ likeverd og høyre flest mogleg stemmer, så vi får eit integrert storsamfunn og ikkje mange små ­parallellsamfunn.

Skadeleg religion 

– Er det ei misoppfatning at kvinner har mindre fridom i islam enn i kristendommen?

– Det går ikkje an å svare ja eller nei på det, for det er så kulturelt ulikt. Det er større medvit blant muslimar i Vesten at ein må nytolke dei religiøse kjeldene for å nytolke kvinner si stilling. Men at det kan vere eit hardare arbeid i muslimske miljø enn i mange kristne miljø, det trur eg, seier Grung, før ho legg til:

– All religion kan potensielt sett vere svært skade­leg for kvinner.

– Korleis?

– Fordi religion er så inngripande i det personlege rommet. Dei store verdsreligionane har svært tydelege skildringar av mannen og kvinna sin plass. Det representerer ein fare for kvinner. Difor er det viktig å jobbe med kjønnsrettferd opp mot religionane, seier Grung, som har ein doktorgrad på nettopp denne tematikken.

– Kvinner er jo i stor grad drivande i alle religionar eg kjenner til.

LES MER HER:

• De valgte bort sin egen sønn. Så valgte de å begrave ham

• Muhammad Rafiq ba til Gud da han overmannet terroristen

•  Venter norsk pilegrimsrekord i sommer

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje