Tru er tru, tvil er tvil

Korleis er det å lære om tru når det abstrakte ikkje gir så mykje meining?

Reportasje

Niklas Djupvik Kjekstad (15) knelar ved alterringen. Så set han seg ned. Ser opp mot altertavla, som viser eit måleri av Jesus som står opp frå dei døde.

– Og skremde romarar, seier Niklas.

Måleriet er det finaste i Bragernes kyrkje, tykkjer 15-åringen. Som konfirmant er sjølve kyrkja det aller viktigaste for Niklas, som har ein autismediagnose. Familien soknar eigentleg til ei anna kyrkje, men han ville hit. Han kjenner seg heime her. I hans eigne ord:

– Eg har vakse opp her.

Han viser oss døypefonten og seier eitt ord: Agnes. Veslesystera vart døypt her. Han tek oss med til galleriet, peikar på glasmåleria og fortel: Her vert Jesus torturert, her snakkar dei i mange forskjellege språk. Kanskje japansk, trur han. Jo meir detaljar der er, dess betre er det.

Han står sjeldan i ro.

– Kva tenker du om den store dagen, når du skal gå fram i ein kvit kjortel og knele, spør mora hans.

– Eg veit ikkje, svarar han fort.

Det er stille i kyrkja. Den kan romme 700 menneske, no er vi berre fire personar her inne. Niklas kviskrar likevel.

– Kva sa du, spør mora.

– Peter, kviskrar han igjen og peikar på eit måleri.

– Er det fint å vere konfirmant, tykkjer du?

– Ja, svarar han, før han snur seg og går vidare.

Lære om Gud

Tidlegare var konfirmasjonen eit overgangsritual. Om ein ikkje kunne svare for seg på konfirmasjonsdagen, hadde det store følgjer for vaksenlivet. Ikkje kunne ein gifte seg, og heller ikkje vitne i retten eller utføre militærteneste.

I dagens samfunn er det eit viktig ideal at ungdomen skal få velje sjølv. Om det ikkje kjennest riktig å konfirmere seg i kyrkja, finst det andre alternativ. Også kyrkja sitt syn på konfirmasjonen har endra seg mykje.

I dag skildrar Den norske kyrkje konfirmasjonstida slik:
I konfirmasjonstiden får du muligheten til å utforske mange viktige spørsmål sammen med andre. Som konfirmant får du lære mer om Gud og deg selv, står det på kyrkjas nettsida.

Plan for trusopplæring, som vart vedteken på Kyrkjemøtet i 2009,  vektlegg inkludering. Trusopplæringa skal vere tilrettelagd for alle, uavhengig av funksjonsevne og føresetnadar, står det i planen.

Men korleis er det å «utforske» store spørsmål for dei med spesielle behov? Er det plass til det åndelege i eit verdsbilete der alt må vere så konkret som råd?

LES MER: 

---

Autisme

  • Ei utviklingsforstyrring der symptoma vanlegvis kjem i løpet av barnets tre første leveår.
  • Meir vanleg blant gutar enn hjå jenter.
  • Omfattar vanskar med gjensidig sosialt samspel, kommunikasjon og repeterande åtferd.
  • Somme har alvorleg psykisk utviklingshemming og svært lite språk, medan andre har gode intellektuelle evner og normalt språk.
  • Barneautisme, atypisk autisme og Asperger syndrom er dei mest vanlege diagnosane. Kjelde: fhi.no

---

Større ansvar

Hilma Nikolaisen fekk sonen Miika då ho var 21 år gamal. Ho vaks sjølv opp i ein heim der kristendomen gjennomsyra det aller meste, og ho ville vidareføre mykje av dette til sonen. Etter kvart fekk Miika diagnosen autisme. Nikolaisen merka fort at han tok alt frå bibelhistoriene bokstavleg.

– Ein stolar som regel på at intellektet kan sile ut kva som er relevant og kva som berre er ei historie. Men det var vanskeleg å sjå at han var intellektuelt kapabel til å forstå, seier ho.

For sonen vart bibelforteljingane «sanninga», utan noko rom for diskusjon. Alle som ikkje meinte det, tok feil.

Nikolaisen måtte ta ein runde med seg sjølv. Om kristendomen skulle vere ein del av livet deira, skulle det vere noko som laga meir tryggleik og som skapte forståing for andre menneske. Dei skulle snakke saman om kjærleik, livet, døden, om å vere elska. Velje ut det som var viktig og, viktigast av alt, passe på at sonen var trygg.

Som barn kunne ho sjølv vere plaga av tankar om den allmektige guden, tankar som avla frykt og dårleg samvit for å ikkje gjere «det rette». Dette ville ho ikkje vidareføre til neste generasjon.

– Når ein har eit barn som Miika, ser ein kanskje i større grad at ein er ansvarleg for å legge til rette for eit sunt åndsliv, seier ho.

Då det nærma seg tid for konfirmasjon, var Nikolaisen usikker. Står Miika for det kyrkja er i vårt samfunn, spurde ho seg sjølv. Gjer eg det?

– Eg var veldig tydeleg med han. Eg prøvde å forklare, repetere, kva dåpen var. Eg sa at konfirmasjon er heilt frivillig og at ein kan gjere det på mange måtar. Han viste ingen stor interesse for det åndelege, men han visste at det ville vere ein stor fest med vener og familie, og mykje potensiell lego i sikte.

Nedtur

Niklas står på kjøkkenet og vaskar hendene sine godt. Deretter gjer mora det same.

– Vi er litt bekymra for det koronaviruset, forklarar ho og nikkar mot sonen.

Dette er fire dagar før skulane vart stengt og heile landet stoppa opp.

– Det er veldig nyttig å ha ein som er så oppteken av rutinar, for då hugsar eg også på det, seier Djupvik og tørkar hendene sine.

Ho ber Niklas hente nettbrettet sitt. Så viser dei oss konfirmasjonsopplegget han følgjer. Det er eit nettbasert program som Sjømannskyrkja står bak.

På skjermen er der ei lita boks der Niklas kan skrive inn svaret på kvart spørsmål. Ved sidan av boksa er der eit bilete av kateketen i Bragernes kyrkje. Når han er ferdig å svare, sender han det til henne. Så godkjenner ho og han kan gå vidare til neste tema.

No er Niklas komen til kapittelet om tru og tvil.

Mor Djupvik smiler med eit sukk.

– Det var ein nedtur. For det var ganske gøy å finne ting i Bibelen, som vi gjorde i starten.

Spørsmåla i det nye kapittelet handlar om kva tru og tvil er. Då svarte Niklas: Tru er tru, tvil er tvil.

– Vert det vanskelegare når temaet er meir abstrakt?

– Eg er ikkje så sikker på om det er vanskeleg for han å forstå. Men det er akkurat som det ikkje gir så mykje meining no. Det kan kanskje gi meining i ein konkret situasjon seinare.

For komplisert

Heilt i starten av konfirmasjonsundervisninga, var det leir. Niklas var velkomen til å delta på leiren, som var heilt i starten av undervisninga i fjor haust. Han kunne ta med seg ein vaksen, utan ekstra kostnadar. Men ingen av foreldra hadde høve til å tilbringe ei heil veke på leir. I tillegg var dette veka før skulestart, og slike overgangar kan vere krevjande når ein har ein autismediagnose.

– Eg veit ikkje om vi vart skuffa. Det var berre ein av dei tinga som vart for komplisert. Derfor var Niklas og vi samde om at han kanskje skulle droppe det.

Ho understrekar at Bragernes kyrkjelyd har lagt til rette og vore imøtekomande heile vegen.

– Likevel er det slik at alle ekstra ting... Ja, det treng vi ofte hjelp til. Vi hadde ikkje greidd å følgje opp Niklas undervegs i konfirmasjonstida utan hjelp frå fritidskontakten hans og familie.

Sonen har vore med på besøk til krematoriet, forteljarkveld og andre opplegg i kyrkja. Dei har sjølve vore med han til gudsteneste nokre gongar.

– Ein konfirmant med autisme er avhengig av eit godt støtteapparat for å kunne delta og vere ein aktiv konfirmant. Men vi er så vande med at det er slik, at vi ikkje tenker så nøye over det.

Symbolspråk

Ole Herman Berg (18) har gått i vanleg barnehage og skule heile livet. Som 14-åring følgde han også den vanlege konfirmasjonsundervisninga i Haug kyrkje i Hokksund.

Som femåring fekk han diagnosen Phelan-McDermids syndrom (PMS), som førstemann i Noreg. Han manglar ein bit av eit gen. Hjå dei med autismediagnose, er det om lag 1 prosent som har den same genfeilen.

Hovudproblemet er, ifølgje mor Torunn Borgersen, forseinka utvikling av tale. Dei har heile tida vore opptekne av å lære sonen ord. Tidlegare brukte han ein perm med symbol i, som han brukte når han ville kommunisere med andre.

Peikeprating, som mora kallar det. I det siste har han god hjelp av ei talemaskin. Han forstår godt, men treng ofte hjelp av den til å svare.

Då Ole Herman var konfirmant, var det naturleg for foreldra at det skulle skje i kyrkja, slik som storebrørne hadde valt. Borgersen skildrar familien som kristne, i den forstand at dei går i kyrkja kvar julaftan. Rundt konfirmasjonstida la dei til fleire symbol om religion i permen hans. Eit symbol for prest, kyrkjetenar, Gud og bibel, for å nemne nokre.

Dei fekk ein perm av kyrkjelydspedagogen, med symbol for alt dei skulle gå gjennom i undervisninga. Nesten som dei gamle flanellografane, fortel Torunn Borgersen.

Då han skulle knele ved alterringen på konfirmasjonsdagen, gjorde ikkje Ole Herman det. Men då kom presten på utsida av alterringen og la handa over han der. Dei var alltid på plass om han trengde hjelp, fortel mora.

Jesus

Etter konfirmasjonen vart Ole Herman spurt om han trudde på Gud. Då peika han på symbolet av Jesus i boka si.

– Eg les det som at han vart litt truande under konfirmasjonstida, seier mora.

– Er det mogleg å seie noko om kva tru er for han?

– Eg trur det er å få ein tryggleik.

Ho var lenge bekymra for korleis Ole Herman ville ta det når besteforeldra, som han er sterkt knytt til, går bort. Under konfirmasjonsundervisninga fekk dei besøk av eit gravferdsbyrå i kyrkja, som viste kva som skjer ved eit dødsfall.

– Tryggleik og det å ha mest mogleg informasjon. Det er det trua vil handle om for han, meiner mora.

– Har det bydd på utfordringar å introdusere han for tru?

– For andre på autismespekteret vil kanskje dette vere heilt umogleg å skjøne. For Ole Herman, som er heilt avhengig av symbol og bilete, blir biletet av Jesus like konkret som presten. Vi kan peike på altertavla for å vise at Jesus på korset er den same Jesus som han har eit symbol av i boka si. Då lærer han at det kan vere to symbol av same person, forklarar ho.

---

Phelan-McDermids syndrom

  • Inneber moderat til alvorleg funksjonshemming. Der er somme typiske fysiske og åtferdsmessige trekk, men desse er ikkje alltid til stades. Det er store variasjonar innanfor diagnosen.
  • Dei fleste tilfella av diagnosen skuldast ein delesjon – at det manglar en bit av arvestoffet.
  • Det er usikkert kor mange som lever med diagnosen på verdsbasis. Over 600 tilfeller er stadfesta.
  • Kjelde: Frambu, kompetansesenter for sjeldne diagnosar

---

Barnekroken

Tilbake til Bragernes kyrkje i Drammen. Niklas (15) går opp midtgangen, mot hovuddøra. Han stoppar litt opp og ser på mora.

– Eg ser kva du tenker på. Det er ikkje lys der, men du kan gå bort likevel, seier ho til han.

Han smyg seg bak den bakarste kyrkjebenken. Over han heng eit skilt: «Barnekroken». Han går bort til bokhylla og tek fram ei bok. Pinseforteljinga, står det på den.

– Du brukar å sjå i den?

– Ja.
– Kva er det du likar ved den?

– Bileta.

Han blar gjennom heile boka. Stoppar opp med jamne mellomrom, peikar på bileta og ser opp med iver i auga.

– Ok, dette biletet likar eg, seier han.

Det er sauer der og øgler i trea. Han hentar fram fleire bøker, fortel om Samson og filisterane, og den miskunnsame samaritanen. Aller best likar han forteljinga om korleis verda vart skapt. Han må tenke seg om litt før han formulerer seg.

– I byrjinga var det ingenting. La det bli lys.

Ansiktet hans lyser opp.

– Og lys vart det, seier han og smiler.

– Brukar du å sitje her og lese?

– Nei.
Svaret kjem raskt, med eit ørlite fnys. Ved sidan av han står det eit lite, lågt bord med stolar til. Den nokså hengslete og lange guten har vakse frå dei for lengst, det er openbert. Dumt spørsmål.

– Du tek dei med deg?

Han nikkar. Han brukar å setje seg der under gudstenesta, heilt i enden av kyrkjebenkane. Så kan han gå og hente bøker når han vil.

Klangbotn

Djupvik trur det er mange foreldre som tenker at det kan vere like greitt å ikkje gjennomføre ein konfirmasjon.

– Som foreldre med barn med spesielle behov, blir ein ofte sliten av å måtte forklare kva som må til for at ting skal gi meining. Ein blir lei av å vere den som kjem og skal ha spesialbehandling.

For henne er det likevel viktig at Niklas får konfirmere seg. Det handlar mellom anna om håp og nåde.

– Dette finn eg ikkje så mange andre stadar. Som når Niklas var liten og ikkje hadde språk. Då følte eg at eg trengde veldig mykje nåde og styrke sjølv også. Og då fekk desse gamle omgrepa ein større tydnad, fordi alt vart eksistensielt.

– Det gir gode rammer?

– Heller ein klangbotn eller ei djup forankring som eg gjerne vil gi vidare til mine barn.

Ho har ikkje behov for å problematisere tru overfor Niklas. Ho tykkjer derimot det er frigjerande å tenke heilt annleis. Å spasere inn i den biletverda sonen er oppteken av.

– Den kristne kulturen eg har vakse opp i har vore veldig fokusert på ord. Ord, tanke, tru og tvil. Niklas har på ein måte endra mitt syn på kva tru kan vere.

Eg er ikkje så sikker på om det er vanskeleg for han å forstå. Men det er akkurat som det ikkje gir så mykje meining no.

—   Laura Djupvik, mor til Niklas

Dei deler ein fascinasjon for bibelhistoriene.

– Det er så mykje menneskeleg erfaring der. Det er til god hjelp for oss begge.

Ein gong då sonen var mindre, fekk han eit autistisk anfall. Han var umogleg å få kontakt med, han berre skreik og rista. Då han fekk roa seg, sa Niklas: De leitte etter meg, men de fann meg ikkje.

– Eg skjøna med ein gong at han tenkte på Jesus i tempelforteljinga. Og han hadde lite språk på den tida, det var ikkje ofte han sa noko.

Det er potensielt mykje einsemd i det å ha ein diagnose i familie, meiner ho.

– Du blir isolert og du vert sosialt utanfor. Det går ut over alle relasjonar. For meg er det eksistensielt. Kyrkja gir plass til noko anna i einsemda. Det er liksom byrjinga på noko større. Og det trur eg det er fint at Niklas får erfare som ung. Når han vert kjent med kyrkja, vert han kjend med noko mykje større enn dei søndagane han eventuelt måtte vere her.

Vaksen, på sin måte

Då Hilma Nikolaisen fortalde sonen Miika (16) at Vårt Land hadde tatt kontakt, spurde ho han om det var greitt at ho snakka om han i avisa. Ja, det var fint, hadde han svara.

– Eg spurde også om han tykkjer det er greitt å lære barn å tru på ein Gud. Og han sa: Ja, så lenge ein ikkje tvingar dei.

Miika konfirmerte seg i Fagerborg kyrkje, der han hadde gått i barnehage som liten. Han følgde nokre samlingar i den vanlege undervisninga, i tillegg til at han fekk nokre individuelle prestesamtalar. For Nikolaisen var det vemodig å sjå dei andre ungdomane som var i ferd med å finne ut av sine liv, medan hennar son på mange måtar var på same stad som før.

– Men han kunne vere der og vere heilt trygg på seg sjølv. Det er ein ekstrem styrke. Og han blir også vaksen, på sin måte.

I dag opplever ho at han er rolig i sitt verdsbilete. Han er avslappa når det gjeld tru og har ei meir kulturell forståing av Gud, fortel mora.

– Mange kristne vil kanskje tenke at du har tapt noko då. Men trusopplæring er i utgangspunktet eit ekstremt stort ansvar. Det trengs eit vakent auge for å sjå kva det enkelte barnet har behov for. Dette må vere det primære fokuset i møte med alle barn.

Nestekjærleik, aksept og toleranse har vore sentralt for truslivet til Nikolaisen og sonen.

– For mitt barn, er det noko av det viktigaste å legge vekt på. For å gi rom til alle, må alle gjere det rommet, også dei som kanskje er annleis.

LES MEIR

Knut Vollebæk er koronasmittet: – Viruset vil forandre verden, forhåpentligvis til det bedre.

Lei karantenelivet allerede? Les om Tyfus-Mary som satt i karantene i 26 år.

Kristne organisasjoner når unge gjennom gaming.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje