Avantgarden på nabogarden

Den kunstinteresserte mjølkebonden Erling Ove Flø har kome tett på avantgarden i kunstverda. I heimbygda er det årvisse utstillingar med namn som Damien Hirst, Bjarne Melgaard og Brian Eno.

Reportasje

I det ein rundar svingen ser ein det. Ope hav. Himmel. Ei smal landstripe med spreidde gardshus, traktorar, flokkar med kyr på sommarbeite. Og eit lite kunstgalleri, som er mykje større enn det ser ut til.

Utanfor Studio Hugo Opdal står det eit skilt som markerer avstanden til store kunstgalleri i verda. Galleriet på Flø ligg 5.921 km frå MOMA i New York, 1.520 km frå Louvre i Paris og 570 km frå Nasjonalmuseet i Oslo.

Trass i desse avstandane har gallerist Hugo Opdal lukkast i å få samtidskunstnarar som elles berre stiller ut på slike store kunst-institusjonar til Flø – ei bygd med 170 innbyggarar.

– Vi har hatt utstillingar med kunstnarar som Bjarne Melgaard, Pushwagner og Elmgreen & Dragseth, fortel Opdal. – Ja, og så Damien Hirst da så klart.

– Så klart?

Opdal ler.

– Ja da. Her skjer det utrulegaste. Damien Hirst har faktisk stilt ut her to gongar.

Ambient og rømegraut

Når vi snakkar med galleristen er han i ferd med å førebu den neste, og tiande, utgåva av kunstivalen Go With the Flø. Snart skal biletkunst og lyd-installasjonar av britiske Brian Eno – rekna som grunnleggaren av musikksjangeren ambient – møte folk frå Flø og nabobygdene, som kjem og parkerer langs dei nygjødsla markene, og gjerne ser utstillinga etter å ha ete ein god porsjon rømegraut.

Dette er ein kombinasjon Hugo Opdal har stor sans for.

– Det er mykje snobberi rundt kunstutstillingar, som er med på å gjere terskelen veldig høg for å gå på dei, meiner han, og fortel om då han vitja kunstgalleri i San Fransisco med familien.

– Eg kom der i shorts i fylge med to born, og vart møtt av væpna vakter og ein kald atmosfære. Det var ubehagelig.

---

Avantgarden og bygda

  • I ein serie med artiklar ­fokuserer vi på smal kunst som kan opplevast utanfor byane. Kva skjer i møtet­ ­mellom bygdefolk og samtids­kunst?
  • I dag: Kunstivalen Go with the Flø, i bygda Flø på Sunnmøre.
  • Ein kombinasjon av kunstutstilling og bygdedagar, arrangert av Studio Hugo Opdal og bygdefolket på Flø.
  • Arrrangert for 10. gong i år, den 23. juni. Årets utstilling, med den verdskjende kunstnaren Brian Eno, står ut sommaren.
  • Utvalde tidlegare utstillingar: Damien Hirst, Pablo Picasso, Håvard Vikhagen, Andy Warhol, Edvard Munch, Bjarne Melgaard.

---

– Det er vanskeleg å ha høge skuldrar i møte med kunsten når galleriet luktar av nysteikte sveler og kuskiten på markane utanfor.

—   Gallerist Hugo Opdal

Velkomen inn

På galleriet på Flø ønskjer Opdal derimot at alle skal kjenne seg velkomne inn, same kva for kjennskap dei har til det som heng på veggane.

For å få til dette har han alliert seg med bygdefolket på Flø. I løpet av dei ti åra med kunstfestival har folk i bygda stilt opp med alt frå rundballe-maling til traktorturar, og ikkje minst: matservering, med môrpølse og rømegraut, samt skikkelig sunnmørsk kakebord.

– Det er vanskeleg å ha høge skuldrar i møte med kunsten når galleriet luktar av nysteikte sveler og kuskiten på markane utanfor, ler Opdal.

Problematisk

Ut ifrå Hugo Opdal si eiga teljing har meir enn 60.000 menneske vore på utstillingane i det vesle galleriet sidan oppstarten, både frå utlandet og andre stadar i Norge. Dette har også sine problematiske sider, meiner Laila Midtflø, nabo og eigar av ei av dei langstrekte markane like ved Studio Hugo Opdal.

– All trafikken kunstivalen medfører er belastande, særleg for dei som bur langs vegen, fortel ho.

– Og for dei som bur nært galleriet er det ikkje snakk om noko privatliv dei dagane det står på.

Folk kjem

Trass i dette ser Midtflø på Go with the Flø som noko positivt.

– Hugo har fått til svært mykje bra i bygda vår. Men han har også hatt god hjelp frå dugnadsinnsatsen folk i bygda har lagt ned – folk har verkeleg stått på.
Midtflø trur at dei fleste i bygda får med seg den årvisse kunstfestivalen.

– Men om det er for å sjå på kunsten dei kjem – eller om det er for å sjå på folk – det vil eg ikkje slå fast.

– Likar du sjølv å sjå på kunsten?

– Eg synest det er interessant å sjå kva folk lagar. Men om eg likar det eg ser ... det er jo eit anna spørsmål, seier Midtflø og ler hjarteleg.

- Alle treng litt estetikk i livet!

—   Erling Ove Flø, kunstentusiast og mjølkebonde

Ikkje berre folkeliv

Ein annan av naboane til galleriet, mjølkebonden Erling Ove Flø, trur dei fleste synest det er artig med litt liv i bygda. Sjølv er han mellom dei som er meir oppteken av den utstilte kunsten enn folkelivet rundt den.

– Eg er interessert i kunst, og nyttar sjansen til å få med meg utstillingar når eg er på reise, seier han, og fortel at han på førre vitjing i Oslo fekk med seg utstillinga både på Nasjonalgalleriet, Henie Onstad, Munch-museet og Kunstnernes hus.

Verdsleiande kunst på bygda

Grunna gardsdrifta har det likevel ikkje vore så enkelt for Flø å reise på så mange slike turar. Å ha tilgang på utstillingar med verdsleiande kunstnarar i si eiga bygd har derfor vore ekstra verdifullt.

– Eg held meg orientert, og hadde nok fått med meg litt uansett, men det er klart det er spesielt å få det som føregår i kunstverda på så nært hald. Eg hadde ikkje fått sett så mange utstillingar som eg har no viss ikkje det var for kunstivalen.

Konservativ

Gjennom utstillingane har Erling Ove Flø blitt nærare kjend med ein type moderne kunst han ikkje hadde så stor sans for frå før av.

– Eg har vel vore noko konservativ i kunstsynet mitt, og det er ikkje alt av det som har blitt stilt ut som har falle meg like lett.

– Kva då, for eksempel?

– Nei ... han Bjarne Melgaard har jo ein veldig spesiell stil, som eg ikkje alltid har sansen for. - Men eg trur eg har blitt meir vidsynt i møte med mykje av det som har blitt stilt ut her, seier den kunstinteresserte bonden, som i løpet av åra også har sikra seg litt av denne smale kunsten til stoveveggane sine.

– Eg har kjøpt litt forskjellig, fortel han. – Både originalar og kopiar, det er ikkje så nøye. For meg er det ikkje der verdien ligg, men i gleda av å ha bilete i heimen som eg likar å sjå på.

Alle treng estetikk

Erling Ove Flø er fødd og oppvaksen i den vesle bygda ute ved havet, og har inga formell utdanning innan kunstfeltet.

– Nei, eg har jo lært litt gjennom livet da, fulgt med i media og sånn, seier han. – Men det er vel mest snakk om ei generell og medfødt interesse, som eg trur alle folk har.

– Alle?

– Ja, alle treng litt estetikk i livet! Og den kjem i mange former. Å lage eit kunst-bilete er jo også eit slags handverk, slik å mekke på traktoren er det. Det ligg ein verdi i begge deler.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje