Ein gresk tragedie

Vona er asyl i Europa. Røynda blir eit liv i uvisse på ei gresk øy. Vårt Land har vitja leiren som husar nesten 7.000 asylsøkjarar.

Reportasje

Regnet hamrar på plasttak, på presenningar, ned i grusen, samlar seg i veksande bekkar. På vegen ned olivenlunden leitar dei opp nye leier.

Vatn renn inn over alt. Dei som held hus under slitne presenningar blir våte til skinnet. Dei som bur i utette brakker, må ause ut vatn. Soveposar blir våte, klede likeeins. Brød blir til svampar.

Vervarselet seier meir regn i morgon. Og i dagane som kjem.

Det er vinter på Lesvos.

Velkommen til Moria, Hellas' største mottaks- og registreringssenter for asylsøkjarar.

Eit gammalt fengsel bygd for å gje losji til 2.000 personar. Utvida til å huse 3.000. No er 5.000 stua inn bak gjerda som har piggtråd på toppen, soldatar i porten og politi som skal halde ro og orden. Inn bak piggtråden slepp ikkje journalistar.

Storparten bur i kvite brakker, av typen Isobox. Med vinterregn og ingen varme blir dei til det asylsøkjarane kallar «isboksar». Innimellom brakkene står det telt, og inne i fleire telt nye telt. Væta skal haldast ute og varmen inne.

Isboksar

Fordi senteret er sprengt, blir nye asylsøkjarar plasserte i teltleiren på utsida av senteret, i olivenlunden. Her bur opp mot 2.000.

– Eg bur i ein Isobox, saman med 13 andre. Min plass er akkurat så stor at eg får lagt ut teppet mitt på golvet, seier «Reza» og rissar opp plassen med hendene. Som er kalde.

– Me har ikkje noko varmekjelde i brakka. Mange har ikkje det.

Mannen fortel han har flykta frå Iran og søkt asyl i Hellas. «Reza» er namnet Vårt Land har gjeve han. Han og alle dei andre me snakkar me vil ikkje bli identifiserte. Rykta seier at folk som klagar kan bli sendt tilbake til Tyrkia, eller bli luka ut av asylsøkjarbunka.

Rykte svirrar lett i Moria. Presis informasjon er vanskeleg å oppdrive.

Lege har gjeve meg ein diagnose, og eg har fått ein resept. Men eg har ikkje råd til medisinen eg treng.

—   «Latifa»

Ned - opp

I 2015 kom det drygt ein million flyktningar og migrantar til Europa. Flest kom i armadaer av gummibåtar til dei greske øyane som ligg nær kysten av Tyrkia. Berre på Lesvos steig svimlande 500.000 personar i land. Herfrå tok dei seg til fastlandet i Hellas og vandra nordover, inn i EU.

Så, i mars 2016, signerte EU og Tyrkia ein avtale. Tyrkia skal stoppe alle som prøver å ta seg illegalt til Hellas - og dei som klarar å ta seg over det smale Mytilinistredet skal sendast tilbake til Tyrkia, om dei ikkje innfrir krava til å få opphald i Hellas.

EUs betaling til Tyrkia er raus, tre milliardar euro.

Marsavtalen blei ein suksess, for EU-landa. Tilstrøyminga av asylsøkjarar og migrantar stupte. Fluktruta aust i Middelhavet blei stengt. Nesten.

I fjor blei omslaget tydeleg. Talet på menneske som klarte å ta seg til Kos, Leros, Samos, Chios og Lesvos i gummibåtar gjekk opp, opplyser UNHCR, FNs flyktningorganisasjon.

I 2018 blei eit betre år for menneskesmuglarane i Tyrkia. Drygt 72.000 personar prøvde å krysse havstykket mellom Tyrkia og Hellas. 40.000 blei stoppa tyrkisk kystvakt og politi.

I 2017 kom 29.700 illegalt til fem greske øyar. I fjor kom det nesten 3.000 fleire. Hellas må bere asylbyrdene til EU.

Sjuk

– Kom inn.

Afghanske «Latifa» kom i august. Ho helsar velkomen inn under den merka presenningen. Tolv gylne stjerner i sirkel på blå bakgrunn. Supplert av orda «EU Humanitarian Aid».

Døra, ein blå søppelsekk, blir dregen til sides. Inn i mørket. Inn i lukta av sur, våt ved, samla i skogen. Rundt omnen fire menneske.

Ei lommelykt blir tent og hengt opp i taket. Skuggar dansar langs veggane. Lufta er tett. Familien på fire flytta nyleg frå eit telt utan platting. Her rann vatnet gjennom når det regna. No sit dei på trepallar, dekte med pledd. Reisverket er samanraska materialar, isolasjonen er utbretta kartongar med fem bokstavar på. UNHCR. Ytterveggar og tak; plast frå EU Humanitarian Aid.

– Eg er sjuk. Eg har sterke smerter i kroppen. Lege har gjeve meg ein diagnose, og eg har fått ein resept, fortel «Latifa» og finn fram dokumentet frå eit plastomslag. Viktig å verne viktige papir i dette klimaet.

– Men eg har ikkje råd til medisinen eg treng. Eg får berre beskjed om at eg kan gå ned til Mytilini og kjøpe han på eit apotek, men eg har ikkje dei pengane.

Eg vil ikkje klare meg. Eg treng sønene rundt meg.

—   «Latifa»
Stempel

Mytilini er største by på Lesvos, ligg åtte kilometer frå Moria. Dit går asylsøkjarane for å spare pengar. Bussen kostar for mykje.

Dei tre mennene som held hendene over glørne i omnen, er sønene til «Latifa». Yngste er 15, eldste 27. Ho har tre til, dei klarte å kome seg til Tyskland i 2015.

– Då var grensene opne, men me kunne ikkje flykte då, me mangla pengar, forklarar mor.

«Latifa» er eigentleg mellom dei heldige. Ho har fått eit svart stempel i asylpapira, sønene har framleis raudt. Svart betyr at du får flytte inn til eit mottak på fastlandet, eit steg nærare opphald. Raudt betyr at du må bli på Lesvos, altså at du må vente. Kanskje lenge.

– Men me kan ikkje sende mor til fastlandet åleine. Ho er analfabet, ho vil ikkje klare seg så sjuk ho er, forklarar sonen «Hamed».

«Latifa» nikkar, seier seg samd.

– Eg vil ikkje klare meg. Eg treng sønene rundt meg.

EU pressar Hellas til å registrere alle som kjem som asylsøkjarar, men ønskjer ikkje å avlaste grekarane med å tøme leirane og ta i mot asylsøkjarar. Ved årsskiftet sat det nesten 15.000 på øyane, og om lag 57.000 i leirar på fastlandet. Også dei er overfylte.

For jobben med ta i mot og gje asylsøkjarar vern, har EU løyvt 1,6 milliardar euro til Hellas sidan 2015.

Varsko

Mottaks- og registreringssenteret i Moria har fått ei lang rekkje hjelpeorganisasjonar til å rope høgt varsko. I lang tid. Sist ut er Oxfam, ein stor internasjonal organisasjon med britisk opphav.

Mottakssystemet i Hellas evnar ikkje å verne dei mest sårbare som søkjer asyl i landet, lyder konklusjonen i Oxfam-kartlegging som blei lagt fram i januar. Særleg ille er det på dei greske øyane som mottek flyktningar frå Tyrkia. Verst er det på Lesvos.

Med særleg sårbare meiner Oxfam ofre for tortur og seksuelle overgrep, gravide, einslege mindreårige. Sårbare er dei som har flykta frå familie, jobb, vener, studier.

Alle som søkjer asyl i Hellas skal under normale omstende bli vurderte på ein sårbarskala; dei skal få ei medisinsk og psykososial undersøking. I lange periodar i fjor var det berre ein asyllege på Lesvos. På slutten av året var der ingen i vel ein månad.

Ho drøymer om å kome til Frankrike. Eller Canada.

Smerte

I januar arbeidde sjukepleiaren Marthe Valle som frivillig på den einaste klinikken som er igjen inne i Moria-leiren - han er drifta av ein hjelpeorganisasjon:

«Vi tar i mot pasienter som selvskader for å flytte fokuset fra en smerte til en annen, som har opplevd krig og tortur og som sliter med traumer, angst, ptsd, depresjon og søvnløshet, graviditeter (mer elle mindre uønskede), kroniske sykdommer som er veldig vanskelige å holde i sjakk her inne, sårstell etter slåsskamper, ulike infeksjonssykdommer og mennesker som bare trenger noe de ikke helt vet hva er ... en pause, noen smertestillende, eller bare det å bli sett som individ», skreiv ho i sosiale medier etter to dagar.

Å bu på eit overfylt senter under elendige hygieniske forhold vil bere forverre helsa til dei som slit mentalt, understrekar Oxfam. I Moria er det berre kaldt vatn i dusjane og kranane, og det er knapt med dusjar og kranar. Og reinhald er eit framandord.

Den greske asylforvaltninga vedgår, i Oxfam-rapporten, at asylsøkjarar må vente i månadar på Lesvos før dei får møte lege eller psykolog.

Vente må asylsøkjarane også når det kjem til sjølve asylsprosessen. Flyktningar Vårt Land møter i Moria fortel at dei blir ekstra slitne av uvissa. For dei som kjem no vil ikkje første asylintervju finne stad før om lenge. Om eit år, om to, om tre.

---

Lesvos

  • Lésvos - også kalla Lesbos - er den tredje største øya i Hellas.
  • Har 90.000 innbyggjarar, ein tredel bur i Mytilini.
  • Mytilini er største by, ligg på austkysten.
  • Byen blei grunnlagt på 1000-talet f. Kr. av herskardynastiet Penthilidae som kom frå Thessalia på det greske fastlandet.
  • Lesvos er skilt frå Tyrkia med det smale Mytilinistredet.
  • Landbruk (oliven og olivenolje) og turisme er fremste næringsvegar.

---

Parlamentarikarar i europeiske land bør vitje Moria-leiren for å sjå med eigne augo kva slags forhold me må leve under.

—   «Reza»

Slost

Mangelen på tryggleik skaper stor uro på mottaks- og registreringssenteret i Moria. Organisasjonen Refugee Rights Europe har gjort ei spørjeundersøking blant dei som bur der. Funna er nedslåande. 65 prosent seier dei aldri kjenner seg trygge.

– Etter klokka 19 vågar eg meg ikkje ut av husboksen me bur. Må eg på toalettet seinare enn dette, må eg ha med mor som følgje. Det er ikkje trygt for ei ung jente å gå ut i nattemørket åleine, sjølv inne i Moria-leiren der me bur.

«Gulnar» er ein ung tenåring. Ho kom til Lesvos saman med mor og søster, ho fortel om kveldar og netter der folk slost, med og utan knivar.

Iranaren «Reza» fortel om det same. Han forklarar at ofte støyter nasjonalitetar saman, som regel over det han meiner er bagatellar.

– Som denne hendinga her, seier han og viser fram ein mobilvideo:

– Ein irakar ba ei syrisk kvinne dekkje til håret med slør. Då reagerte mannen hennar med sinne.

Videoen viser ein gruppe menneske som gyv laus på kvarandre.

«Reza» blir vekselvis opprørt, oppgitt, sint. Han viftar hissig med høgre peikefing:

– Parlamentarikarar i europeiske land bør reise til Lesvos, vitje Moria-leiren for å sjå med eigne augo kva slags forhold me må leve under. Dei må så spørje seg sjølve, «er dette ei behandling av menneske som søkjer vern i Europa me er stolte av»?

Konflikter

Alle i Moria, både innafor og utanfor gjerdet, har berre eitt utleveringspunkt for mat.

– Difor må me stille oss i kø i fire-fem-tida om morgonen for å få frukost, og me må gjerne vente to-tre timar før me får mat. Dei som ikkje står i køen kan oppleve å ikkje få mat, forklarar «Gulnar».

Ho og søstera slepp å stå opp tidleg. Mora tek jobben med å hente mat. Sju morgonar i veka. Til lønsj og middag ventar på nytt matkøen. Asylsøkjarar kan bruke opp mot 12 timar på å sikre seg føde.

Køen blir ofte ein arnestad for konflikter, fortel fleire Vårt Land møter. Tett i tett, ståande i timar, slikt blir det lett gnissingar av.

Gnissingar blir det også når nær 7.000 menneske skal leve nær på ein liten landsby. Moria har om lag 1.000 innbyggjarar, som har levd tett på flyktningstraumen sidan sommaren 2015.

Asylsøkjarane i leiren, som ligg vel ein kilometer frå landsbyen, blir møtte med både velkomstord og hissig bilfløyting når dei vandrar gjennom Moria.

Medan mange prøver å hjelpe med det kan avsjå – Vårt Land snakkar med ei kvinne som har delt ut både tepper og mat til trengjande, ønskjer andre å få stengt leiren raskast mogleg. Dei opplever han som truande.

Kunnskap

Men på Lesvos er det ingen teikn på at tilstrøyminga vil avta. Nesten dagleg blir nye asylsøkjarar sendt direkte frå strendene til mottaks- og registreringssenteret i Moria.
Afghanske «Gulnar» kom i november, saman med mor og søster:

– Visste de kva som venta dykk på Lesvos, i Moria, då de i november steig ombord i gummibåten i Tyrkia?

– Ja. Ja, det gjorde me.

«Gulnar» smiler keitete, prøver å virke trygg, sikker, rettar på skautet. Ho fortel om tekstmeldingar med informasjon om kva som venta, skildringar av ein overfylt leir med dårlege butilhøve, manglande medisinsk oppfølging, slett hygiene, byråkratisk asylprosess - og veker og månader i uvisse.

– Me fekk informasjon frå noko som hadde reist før oss over havet.

– Og likevel ville de hit?

– Ja. Heilt sikkert.

«Gulnar» fortel at målet er ikkje opphald i Hellas. Ho, søstera og mora skal vidare. Dei som får opphald i Hellas kan søkje om å bli statsborgarar. Desse kan fritt reise vidare i EU.

«Gulnar» vil til Frankrike, eller til Canada. Flukt var einaste utveg. Afghanistan blei for farleg for dei, seier ho.

«Gulnar» meiner ho skal klare å vente den tida det tek å asyl. Ho er ung.

I fjor haust melde Leger Uten Grenser, som har ein klinikk utanfor hovudleiren, at dei kvar veke såg tilfelle der tenåringar prøver å ta livet sitt. Eller skade seg sjølve - dei søkte ei anna smerte enn smerta av å vente, i uvisse.

Same dag som Vårt Land kom til øya, kom 83 i land. Dagen før kom det 34. Dagen før der kom det 43.

Gravlund

Molyvos. Femti kilometer nordvest for Moria. Her er sundet mellom Tyrkia og Hellas på det smalaste. Det var særleg hit flyktningane kom fossande i gummibåtar sommaren 2015. 26.000 i juli, 50.000 i august, 90.000 i september, 135.000 i oktober. Tre nasjonalitetar dominerte fullstendig, syrarar, afghanarar og irakarar.

Så byrja det å gå ned.

Att på strendene ved Molyvos, ein namngjeten badeby i ei langstrakt bukt, låg dei oransje, gråe, raude symbola på menneskevandringa. Eit berg av redningsvestar og gummibåtar.

Då flyktningane slutta å kome samla grekarane saman det dei reisande hadde lagt att - og bygde eit monument. Eit stort område oppe i heia over byen blei dekt av redningsvestar og gummibåtar; av ufatteleg mange redningsvestar.

Redningsvestgravlunden blir det kalla.

Båtar

På nytt finn folk på Lesvos oransje redningsvestar i fjøra. På nytt kjem fullasta gummibåtar til Lesvos.

Same dag som Vårt Land kom til øya, kom 83 i land, melder Aegean Boat Report. Ein båt med 40 til Mytilini, ein med 43 blei plukka opp utanfor flyplassen.

Dagen før kom det 34.

Og dagen før der kom det 43.

Alle blir stua inn i Moria-leiren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje