Knausgårds kamp med Gud

Gjennom store delar av forfattarskapen er Karl Ove Knausgård i samtale med Bibelen og kristen tru. Han tek ut avstand, men stirer mysteriet i kvitauget.

Reportasje

Dersom du tek Bibelen ut av bokhylla, opnar han og les dei første sidene, er det godt mogleg at du les ein tekst som Karl Ove Knausgård har vore med på å omsette til norsk. Forfattaren som nyleg fylte femti år, og som det seinaste tiåret har gjort verdsomspennande suksess med gigantverket Min kamp, har sjølv skrive seg inn i kategorien verdslitteratur. Kanskje er det ikkje så rart at nettopp Knausgård også er ein av dei tolv skjønnlitterære forfattarane som har vore med på å gi ny norsk språkdrakt til Bøkenes bok.

Småkjettersk

Knausgårds språkfaglege arbeid med Bibelen føyer seg til eit forfattarskap som i stor grad interesserer seg for bibelske tematikkar og spørsmålet om Gud. Dette blei særleg tydeleg då han kom med romanen En tid for alt (2004), som blant anna blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

I romanen skildrar Knausgård tre viktige bibelske personar: Kain, Noa og Esekiel. I tillegg utformar han ein småkjettersk teologi om englane, der han gjennom si gullkanta legering av essayistikk og romanforteljing dreg oss med gjennom historia om englane – frå Edens hage og fram til måkane langs sørlandskysten i vår eiga tid.

Bibelkunnskapen og innlevingskrafta som skal til for å skrive ein roman som En tid for alt, er stor. Knausgård skriv om Kain som drep bror sin, han skjer over strupa på han med ein kniv. Han skriv om Noa som står i båten og ser babyen dei seglar ifrå, ein av mange som snart skal komme til å drukne. Han skriv om den visjonære, nærmast galne, profeten Esekiel. Og alle desse bibelske skapnadene trer fram for oss i kjøt og blod.

Skuld, skam, forsoning

Den bibelsprengte En tid for alt står likevel ikkje åleine med si djupneboring i dei eksistensielle spørsmåla. Interessant er det også at dei lange bibelpassasjane i En tid for alt flettar seg inn i historia om Henrik Vankel og hans brotsverk og skam, som vi først høyrde om i debutboka Ute av verden. Dette er linjer som får halde fram i Knausgårds Min kamp-prosjekt, og til ein viss grad også i årtidsbøkene. Dei bibelske tematikkane om skuld, skam og forsoning er såleis nærverande gjennom store delar av Knausgårds forfattarskap. Eg har tidlegare peika på korleis Knausgård ikkje berre verkar sterkt påverka av den franske forfattaren Marcel Proust og hans På sporet av den tapte tid, men også av den oldkyrkjelege tenkaren Augustin og hans klassikar Bekjennelser.

Syndevedkjenninga er ein viktig del av Knausgårds litterære metode, og ein praksis som både tek oss inn til sentrum av skamma og som har kraft i seg til ei førebels frigjering.

Evangeliet etter Knausgård

Eit spørsmål vedrørande denne syndevedkjenninga er i kva grad Knausgård også skriftar til ein representant for det guddommelege – ein sjelesørgjar, prest, eller Gud sjølv – eller om han berre opphøgjer heile den lesande offentlegheita til upersonleg skriftefar. Tekstane hans vitnar om begge deler, slik forfattaren heile vegen søker både det guddommelege og det sant menneskelege. Det får meg til å tenke at Karl Ove Knausgård ikkje skulle ha vore 1800-talsmenneske, som han seier det i Min kamp 2, men at han skulle levd på Jesu tid. For eit evangelium som då ville blitt skrive! Samtidig: Knausgård trur ikkje på Jesu guddom, at Jesus var Guds son. Og det er gjennomgåande det menneskelege som interesserer han mest.

Gjetar i Betlehem

Når dei mange bøkene hans likevel er spekka med refleksjonar kring Gud, fortel totalbiletet om ein pågåande kamp. Englane dukkar opp der Henrik Vankel sit i det lågaste låge. Og slik kjerubane ved inngangen til Edens hage kastar eit underfullt lys over den tidlege bibelhistoria, fortel Knausgårds samla tekstar om eit menneske som kan minne om ein gjetar frå Betlehemsmarkane: Han ser lyset frå englane og går heilt inn til underet. Derfrå kan han fortelje. Samtidig tek han ut avstand. Knausgård står fram som ein ikkje-truande, ein ateist, som på eit eller anna vis har funne fram til barnet i krubba.

---

Knausgård og Gud

  • Bibelske tematikkar og spørsmålet om Gud, det guddommelege og det heilage er nærverande gjennom store delar av Karl Ove Knausgårds forfattarskap. Knausgård (f. 1968) debuterte i 1998 med Ute av verden. Den andre boka hans, En tid for alt (2004) fortel englane si historie på jorda. Det sjølvbiografiske romanverket Min kamp, som kom ut i seks band i perioden 2009-2011, vart eit gigantisk internasjonalt gjennombrot.

---

Med det krevjande farsbiletet som utfaldar seg i Knausgårds bøker, er det ikkje overraskande om også gudsbiletet hans er komplekst.

Frykt for far

Opplevingar i Knausgårds eigen barndom har vore med å forme personlegdomen hans, det treng ein ikkje vere utdanna psykolog for å sjå. Og han skriv det rett ut sjølv. Ei drivande kraft i mange av Knausgårds tekstar, og særleg i Min kamp, er frykta for faren. I Min kamp 3 fortel Knausgård korleis han som barn kunne be til Gud om at faren ikkje skulle oppdage og straffe han: «Kjære Gud, tenkte jeg. La ingenting skje, så skal jeg love å aldri mer gjøre noe galt. Aldri, aldri, jeg lover det høyt og hellig. Amen.» (s. 69)

Med det krevjande farsbiletet som utfaldar seg i Knausgårds bøker, er det ikkje overraskande om også gudsbiletet hans er komplekst. Mykje tyder på at det går an å lese inn ein religiøs faktor i den skamkjensla som er sjølve motoren i Knausgårds forfattarskap. I siste instans kan det formulerast slik: Knausgård skammar seg, fordi han kjenner seg sett av Gud.

Jesus i havet

I starten av Min kamp 1 fortel Knausgård om korleis han på eit tidspunkt i barndommen ser omrisset av eit ansikt i havet, på fjernsyn. Han er opptatt av at foreldra hans skal komme til same erkjenninga – det var eit ansikt der! – men han håper forgjeves, sjølv om han ber til Gud. Knausgårds skarpe blikk blir ikkje premiert, snarare fryktar faren at det er eit bilete av Jesus sonen hans har sett i vatnet. Dette er ikkje tilfelle, og faren pustar letta ut. «Han finner det litt pinlig at jeg er kristen; alt han ønsker av meg, er at jeg ikke skal skille meg ut fra de andre ungene, og av alle ungene det kryr av i byggefeltet, er det ingen andre enn hans yngste sønn som kaller seg kristen», skriv Knausgård heilt i starten av Min kamp 1.

Knausgård blir kristen

Knausgårds uttalt «kristne» periode varer relativt kort, frå åtte-ni-årsalder og fram til han byrjar på ungdomsskulen. Forfattaren skildrar sitt kristne eg i Min kamp 3, der han ber til Gud for kompisar som bannar, til dømes. Årsaka til denne kristne vendinga finn vi, som så mykje anna her i verda, i litteraturen. Den unge Karl Ove ligg sjuk og får ein bunke med bøker frå faren, deriblant ei rekke bøker frå kristne forlag. Desse gjorde sterkt inntrykk på niåringen, ei av dei til og med uutsletteleg.

Knausgård gret over urettferda og vondskapen som kjem til synes i historia om ein farlaus gut som bur heime og pleier den sjuke mor si, og som blir jaga og plaga av ein slem gutegjeng: «Jeg gråt over urettferdigheten, jeg gråt over ondskapen, og den dynamikken, hvor det gode ble holdt skjult og urettferdighetens trykk økte til bristepunktet, rystet meg i det innerste av min sjel, og førte til at jeg bestemte meg for å bli et godt menneske. Fra da av skulle jeg gjøre gode gjerninger, hjelpe til der jeg kunne, og aldri gjøre noe galt. Jeg begynte å kalle meg kristen.» (Min kamp 3, s. 268)

Dydsmønster

Den kristne Karl Ove ber til Gud når han vaknar og når han legg seg. Han ber kameratane sine, ein og ein, om å ikkje gå på epleslang. Han formanar ein anna kompis om ikkje å banne. «Jeg reiste meg for eldre mennesker på bussen, spurte om jeg skulle hjelpe å bære for dem når de kom ut av butikken, hang aldri etter biler, knuste aldri noe, forsøkte ikke å drepe fugler med sprettert, så meg for når jeg gikk, så jeg ikke skulle tråkke på maur eller biller, og til og med når jeg plukket blomster på våren sammen med Geir eller noen andre for å gi til mamma eller pappa, søkk det i meg ved tanken på det livet jeg tok.» (Min kamp 3, s. 269) I det store og heile teiknar Knausgård eit bilete av sitt kristne niårige eg som eit dydsmønster. «Å være kristen handlet om å være god og snill. Det ville vi alle sammen, men så falt vi fra, en etter en, etter hvert som vi nærmet oss puberteten», skriv han i Min kamp 6 (s. 652).

---

MER OM KNAUSGÅRD

---

Anti-kristen

Når Knausgård byrjar på ungdomsskulen, er det brått slutt: «Med Lars som venn prellet alt som kom fra Tybakken, av på meg. Samtidig hadde jeg selv endret meg, det skjedde nesten over natten, jeg gikk ikke lenger inn for å gjøre gode gjerninger, tvert imot begynte jeg å banne, jeg begynte å gå på slang, jeg kastet steiner for å knuse gatelykter og brakkeruter, jeg kunne svare obsternasig i timene, og jeg sluttet å be til Gud. Hvilken frihet lå vel ikke i det!» (Min kamp 3, s. 401)

Knausgårds ungdomstid er prega av denne «fridomen». Ikkje berre er han med på å sabotere undervisninga på konfirmasjonsleir, som vi får eit ymt om i Min kamp 5. Når forfattaren ser tilbake på den seksten – syttenårige Karl Ove, kallar han seg for ein «glødande anti-kristen».

Det er eit spørsmål kor «anti-kristen» Knausgård eigentleg verkar på denne tida. Det ligg moglegvis eit gryande opprør i tiandeklassingen si bøn frå året før: «Kjære Gud, la kjønnsorganet mitt rette seg ut når det blir fylt av blod. Jeg ber bare om dette en gang. Så vær så snill å la det gå i oppfyllelse.» (Min kamp 1, s. 76) Og han understreker fleire gonger at han er ateist, særleg når han omtaler forelskinga i den kristne jenta Hanne (Min kamp 4). Det «anti-kristne» verkar likevel som ei sublimering for undertrykte drifter, der kristne jenter på Sørlandet er både brems og katalysator for Knausgårds seksuelle utvikling.

Kristiansands Gud

Ei scene i debutromanen Ute av verden gir ein peikepinn om at religionskritikken hos den unge Knausgård ikkje minst er ein kritikk av «den sørlandske kristendommen». Etter tidlegare å ha harselert over korleis nemnet Jesus kan bli uttalt på sørlandsdialekt – Jé-suss – rakkar forteljaren i Ute av verden ned på «guden i Kristiansand», som han ikkje vil ha noko med å gjere.

Kristiansand-kristendommen står langt ifrå det kompliserte og subtile som romanpersonen Henrik Vankel dyrkar, der er trua «etter boken, rett fram og så enkel at et barn kan forstå den». Difor kan ikkje Vankel seie: Eg trur!

Over fleire sider i romanen skildrar Knausgård eit tenkt møte mellom den 16 år gamle Vankel og Gud, eit møte som både er morosamt og som rommar ein del viktige innsikter. Vankel spør blant anna Gud om det finst liv på andre planetar – svaret er «Nei» – men viktigare er Guds spørsmål til Vankel: «Fornekter du meg?» Vankel svarer: «Fornekter og fornekter. Jeg tar vel mer avstand.»

Gud og avstand

I denne spenninga finst også Karl Ove Knausgårds ateisme, slik ho står fram i bøkene hans, og der eg framleis tek høgde for at han i flesteparten av bøkene først og fremst er ein romanperson. Knausgård kan til dømes skrive at Karl Ove aldri ber til Gud, eller at han ikkje hadde bedd til Gud sidan han var barn, og samtidig fylle romansidene med bøner frå eit heilt liv. På vidaregåande ber han til Gud om at han må slutte å vekse: «Jeg trodde ikke på Gud, men jeg hadde bedt til ham da jeg var liten, og når jeg gjorde det nå, var det som om noe av barnets håp kom tilbake. Kjære Gud, la meg stoppe å vokse, ba jeg. La meg bli en nitti, la meg bli en nittien eller nittito, men ikke mer! Jeg lover å være så god som jeg kan om du gjør det. Kjære Gud, kjære Gud, hører du meg nå? / Å, jeg visste det var dumt, men jeg gjorde det likevel, for frykten var ikke dum, den var bare vond.» (Min kamp 1, s. 75)

Knausgård nøyer seg ikkje med å be til Gud, eller å døype barna sine i kyrkja.

Intens bøn

Desse ulike bønnene retta mot Gud, finn vi att også i Knausgårds vaksne liv. For den vaksne Knausgård er bønna på den eine sida noko han ikkje har drive med sidan han var gutunge, samtidig som ho stadig dukkar opp i ulike samanhengar. Slik fortel Knausgård til Linda, i ettertid, om korleis han bad til Gud då han møtte henne på Nordens folkhögskola Biskops-Arnö: «Jeg ber aldri til Gud, det har jeg ikke gjort siden jeg var liten, men da gjorde jeg det. Gjør sånn at Linda kommer ut og går ned hit til meg, sa jeg. Kjære Gud, kan du det? Og så gikk døren opp! Og så kom du ut! Husker du det?» (Min kamp 6, s. 893).

Den direkte tiltalen til Gud er noko som for Knausgårds del ikkje minst ser ut til å oppstå i desperate situasjonar. Sterkast er det kanskje når Linda i Om våren (s. 142) har tatt for mykje sovemedisin og blir køyrt i sjukebil til sjukehuset. Knausgårds «Gud, hjelp meg nå, tenkte jeg.
Hjelp meg, Gud.» er fylt til randa av intensitet.

Går til nattverd

Knausgård nøyer seg ikkje med å be til Gud, eller å døype barna sine i kyrkja. Ei scene i Min kamp 2 er særleg interessant. Der overraskar han familien ved å gå til nattverd, under dåpen til den eldste dottera, Vanja. Knausgård skildrar hendinga slik: «Det ble nattverd. Jon Olav og hans familie gikk opp og knelte ved alteret. Av en eller annen grunn reiste jeg meg opp og gikk etter. Knelte ved alteret, fikk oblat på tungen, drakk altervin, ble velsignet, reiste meg og gikk tilbake, med mammas og Kjartans og Yngves og Geirs mer eller mindre vantro blikk på meg. / Hvorfor hadde jeg gjort det?
Hadde jeg blitt kristen?
Jeg, som fra tidlig ungdom av hadde vært glødende anti-kristen, og som i hjertet var en materialist, hadde i løpet av et sekund, uten egentlig å tenke, reist meg opp, gått langs kirkegangen og knelt ned foran alteret. Ren impuls hadde det vært. Og da jeg møtte disse blikkene, kunne jeg ikke forsvare det, kunne ikke si at jeg var kristen, og kikket ned, lett beskjemmet.» (s. 431)

Å vere god

Episoden er interessant på fleire plan, og utgjer ei slags nøkkelscene i Knausgårds omgang med dei store spørsmåla. Han går til Herrens bord og får sakramentet – på impuls. Og attpåtil: Denne opne tilnærminga til det kristne mysteriet fører til nye rundar med skam. Som Knausgård sjølv kommenterer det: «Ikke bare hadde jeg døpt min datter uten å være kristen, nå tok jeg faen ta meg nattverden også!» Forfattaren trur som nemnt ikkje at Jesus er Guds son, dette omtaler han som «en vill tanke som aldri kunne falle meg inn å tro på». Men drivkrafta til å ete Jesu kropp og blod ligg for Knausgård i barndommens gamle kristne ønske om å vere god.

Knausgård har rett. Juleevangeliet er umogleg å forstå fullt ut.

Sterke ritual

Knausgårds nattverd fortel også noko om styrken i det kyrkjelege ritualet, det har krefter i seg til å gå på tvers av opplevd tru og ikkje-tru. Det same er tilfelle med gravferda for Knausgårds far. Det er aldri aktuelt for sønene Karl Ove og Yngve å gi faren ei human-etisk gravferd, sjølv om faren var meldt ut av Den norske kyrkja. Det er Karl Ove som insisterer på at slik må det bli – «jeg vil det». Når Knausgård i Min kamp 2 fortel om nattverdgangen, trekk han trådane attende til denne gravferda: «Begravelsen, selve ritualet, var nesten noe fysisk å holde seg fast i for meg.»

Viktig var også møtet med presten, som Knausgård fortel meir utførleg om i Min kamp 5. «Jeg ville ha en tradisjonell seremoni, med salmer, preken, jordpåkastelse, minst mulig personlig, størst mulig avstand», skriv Knausgård. I staden opplever han at presten stiller han spørsmåla «Hvem var din far?» og «Hvem var din far for deg, Karl Ove?»

Demninga brest

Det sistnemnte spørsmålet opnar noko i Knausgård, som fortel om si enorme redsle for faren: «Jeg har sett ham to ganger denne uka, men jeg er fortsatt ikke sikker på at han virkelig er død, om du forstår hva jeg mener. Jeg er redd for at han skal komme og ... ja, være sint på meg. Det er så enkelt som det. Han hadde et grep om meg, og det har aldri sluppet taket. Jeg er glad for at han er død. Egentlig er det det jeg er. Det er en stor lettelse. Og det har jeg sinnssykt dårlig samvittighet for.» (s. 575)

Samtalen endar med at det losnar noko essensielt i Knausgårds indre liv, som om det er ei demning som brest: «Jeg gråt og gråt, og jeg tømte meg for alt jeg hadde, og han hørte på. En time satt jeg der og gråt og fortalte om pappa. Da jeg skulle gå, tok han meg i hånden og takket meg, så på meg med sitt milde blikk, og jeg gråt igjen og sa at det var jeg som skulle takke, og da jeg gikk ut derfra, gjennom gangen og ned trappene, ut i boligfeltet og bort til hovedveien, var det som om noe hadde sluppet taket, som om jeg ikke lenger bar det selv, det jeg hadde båret på.»

Denne opplevinga, Knausgårds kjensle av at han ikkje lenger ber børene sine sjølv, er til forveksling lik kjernen i det kristne evangeliet. Dette blir ikkje poengtert eller sagt noko om. Opplevinga står der like fullt, til sams med prestens ord i gravferda om at det gjeld «å feste blikket».

Fleire paradoks

Fører desse hendingane – møtet med presten, ritualet i gravfreda, skriftemålet, bønnene, dåpen og nattverden – til at Knausgård nærmar seg Gud? Det ligg eit paradoks både i spørsmålet og i svaret. For som eg var inne på: Knausgård er lik gjetaren som står ringside ved underet og samtidig ikkje kan settast i bås.

«Hvordan stiller du deg til spørsmålet om Gud?» blir han spurt på rundreise i USA. «Jeg tror jeg går og legger meg. Det har vært en lang dag.» (I kyklopenes land, s. 99)

Likevel er altså spørsmålet om Gud, det guddommelege, det heilage, nærverande gjennom store delar av forfattarskapen. Knausgård er til og med opptatt av å påpeike sine protestantiske sider i fotballboka Hjemme – borte, skriven saman med svenske Fredrik Ekelund. Det protestantiske hos Knausgård har ikkje berre med luthersk teologi å gjere, snarare er det uttrykk for ei viss livshaldning, som hallar i retning puritanisme.

Mitt inntrykk er at Knausgård kontinuerleg kjenner kallet til det gode, at han kjenner skam for ikkje å nå opp til idealet, og at store delar av forfattarskapen har handla om å skrive seg fri frå både puritanismen og skamkjensla.

Nåde

Kristendommen har ein annan idé knytt til det same dilemmaet, kalla nåde. Knausgård diskuterer då også nåden i fleire tekstar, tanken om at «i nåden er alle er like»: «Radikaliteten i det er stor og nesten utenkelig. Men det er det, og ingenting annet, kristendommen handler om. Det er ikke forskjell på noen. Det verste mennesket er like mye verdt som det beste. Jesus sa: slår noen deg, vend det andre kinnet til. Han er menneske som deg, han er deg. Slå ham ikke.» (Min kamp 6, s. 357; sjå også essayet «Nåde» i Sjelens Amerika)

Når Knausgård tilsynelatande ikkje kan slå seg til ro med den kristne nåden, er det truleg fordi han rettar blikket mot himmelen utan å finne det han søker: «Jeg kunne ha knelt, foldet hendene og rettet dirrende bønner og klager mot Gud, Vår Herre, men jeg levde i feil tid, for når jeg så opp mot himmelen, så jeg bare et veldig, tomt rom.» (Min kamp 6, s. 612)

Kunsten og det heilage

Kvar finn Knausgård då meining, livsalvor, venleik og værensfylde? Svaret er ikkje overraskande: I kunsten. I litteraturen. «Kunsthistorien er ingenting annet enn historien om menneskenes representasjon av det hellige», skriv Knausgård. (I kyklopenes land, s. 110) I vesentlege delar av forfattargjerninga si arbeider Karl Ove Knausgård med kunsten og det heilage. Han gjer det i omsettinga av Bibelen. Han gjer det i ei rekke refleksjonar om det heilage og det guddommelege, spreidd over ei rekke tekstflater. Og han gjer det sjølvsagt i En tid for alt. Korleis er det mogleg for ein forfattar å vere nærmare det guddommelege – og samtidig menneskelege – enn Knausgård i denne romanen? Og så finst det samtidig ein avstand der.

Verdas største mysterium

Berre i korte augeblikk er det som om Knausgård fangar «kjernen i kristendommen» – som eg her vil kalle for julebodskapen. Denne «uttrykker dens innerste sannhet og egentlige vesen, nemlig at Gud i Kristus ble menneske, ble født inn i det menneskelige, en levende kropp som i noen og tretti år var her, i vår verden. Tanken er så radikal at den er umulig å ta inn, langt mindre forstå, annet enn i plutselige, følelsesladete øyeblikk av innsikt.» (Min kamp 6, s. 650)

Knausgård har rett. Juleevangeliet er umogleg å forstå fullt ut. Og inkarnasjonen er framleis verdas største mysterium.

For meg er det ikkje så viktig om Knausgård kneler ved krybba eller skildrar henne på sitt mest karakteristiske. Bøkene hans opnar uansett for underet. Så må forfattaren, som alle andre, finne ein avstand som passar. Han er alltid tett på livet, med sitt eige blikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje