Medkjensle er nøkkelen

Gjennom heile karrieren har den amerikanske diktaren og musikaren Patti Smith gått sine eigne vegar. – I vår tid har vi mista bindeleddet til det guddomlege, seier ho.

Reportasje

Patti Smith har mange tilnamn. Mest berømt er «pønkens gudmor», men «den seigaste kvinna på planeten» og «rock-and-roll-poeten» er også i omløp. Dermed er nok berre litt sagt. Sært barn har mange namn, blir ein freista­ til å seie, for ikkje noko tilnamn fangar skikkeleg den sære, ­visjonære og gjennomført utilpasse Smith.

Ja, ho er seig, men ho er òg skrøpeleg. Ja, ho er pønkrockar, men òg forfattar av dei varaste skildringane av ungdomstida som er skrive, Just Kids. Ja, ho er levande opptatt av si samtid og særs aktiv på Instagram med over 130.000 følgjarar, men ho er òg historisk bevisst: I ånda er ho samtidig med romantiske diktarar som William Blake og Arthur Rimbaud. Ho er eit ­stilikon, men reiser alltid lett med ei feittete lue og nokre krøllete T-skjorter i kofferten.

Overlevar

«Den overlevande» kan ein også kalle Patti Smith. Dei mennene ho har vore nærast knytt til gjennom livet – ­fotografen Robert Mapplethorpe, dramatikaren Sam Shepard og gitaristen Fred «Sonic» Smith, som ho har to barn med, er alle døde. Med få unntak er ho den siste frå sin generasjon (Smith er født i 1946) som er i stadig kunstnarisk rørsle. Og stoffmisbruk, som så mange i omgangskretsen i dei kyniske og hedonistiske 1970-åra bukka under for, har ho halde seg borte ifrå.

– Til unge menneske seier eg alltid: Pass på deg sjølv og arbeid hardt. Hald deg sunn, så du kan arbeide. Eg romantiserer ikkje sjølvøydelegging. Ein skal ta vare på seg sjølv. Uansett kva du vel, kreves det ei viss mengde med hardt arbeid for å bli dyktig, og det må folk forstå. Det er ingen snarvegar, seier Patti Smith på telefon frå Paris.

Produktiv

Ho er heile tida produktiv og fortel korleis ho før intervjuet har arbeidd på to forskjellige nye manuskript, samt rabla ned nokre strofer. Om å skrive er den nyaste boka ­hennar på norsk, som kom ut på Samlaget tidlegare i haust. I USA gav ho nyleg ut diktsamlinga The New Jerusalem – i eit spesialtrykk i få eksemplar. Å vere i gong på mange frontar er ein bevisst strategi for Smith:

– Det er ingenting som å vere entusiastisk for fleire ting. Ein kan bake, dyrke hagen, lese bøker om vitskap eller ta seg av andre menneske, alt mogeleg. Ikkje noko held oss meir levande enn det å vere entusiastisk. Gjer du ting heilhjarta, vil det forlenge livet ditt.

– Kva veit du no, som du ikkje visste då du var yngre?

– Kanskje veit eg ikkje så mykje meir enn før. Men eg er kommen vidare i arbeidet mitt, er blitt endå meir opptatt av det. Vonleg er eg blitt eit betre menneske. Når vi er unge, er vi tankelause. Og samtidig likeglade med andres kjensler.

Stort morsansvar

Smith fortel at ho lært mange andre, heilt enkle ting, gjennom sine eigne kriser og gjennom det å vere mor.

– Ein har eit stort ansvar som mor. Eg har lært kor vanskeleg mi eiga mor hadde det med fire born og fulltidsarbeid – og med meg som var sjuk heile tida. Mor mi er meir heroisk enn eg forstod den gongen. No, når ho er borte, ser eg henne som eit modig og uthaldande menneske, ein beundringsverdig person. Det lærer sorg oss. Vi tek folk for gitt, men når dei er borte, blir dei beste eigenskapane deira forsterka, og vi ser kven dette mennesket var. Vi lærer dei nesten betre å kjenne etter at dei er døde.

– Når du no ser tilbake på livet og karrieren, vil du seie at du har utvikla deg, eller er du framleis opptatt av dei same ­kunstariske og eksistensielle spørsmåla?

– Eg er opptatt av, og har alltid vore opptatt av, å gjere arbeidet mitt. Spørsmål som opptek meg, dukkar opp gjennom arbeidet. Kva vil det seie å vere i live? Kva består våre sorger og utfordringar av? Mitt utgangspunkt er alltid å prøve å forstå den manglande rettferda og grådigheita, mangelen på samhøyr mellom menneske. Det er ei konstant undring for meg. Det er som om vi igjen er oppsett på å øydelegge oss sjølve, kvarandre og miljøet. Vi har bruk for eit skifte av sinnelag, og må for alt i verda ikkje bli frustrerte og demoraliserte, for då blir vi handlingslamma.

Trumps USA

Patti Smith snakkar mellom anna om Donald Trump og den politiske situasjonen i heimlandet USA – «det er verre no enn nokon gong i min levetid, absolutt» – og legg vekt på at dei noverande leiarane i landet dessverre ikkje står aleine. Sjølv­skrytande politikarar og autokratiske tendensar dukkar opp mange stader, meiner ho. Hennar nye bok om Jerusalem er skriven som ein reaksjon på debatten om USAs ambassadeflytting til byen, men ho understrekar at boka er ei diktsamling og ikkje ein kronikk med eit politisk synspunkt. Smith har alltid kjempa for den autonome kunsten som ikkje skal spennast for politiske eller religiøse vogner eller bli blenda av smisk frå velgjerarar som vil bestemme uttrykket. I det heile er ho skeptisk til realistisk kunst som står i eit for nært ein til ein-forhold til verkelegheita.

– Sjølv leitar eg etter å bli rørt og transportert, inspirert til å skape min eigen kunst. Nokre kunstnarar er veldig avgrensa. Du kan anerkjenne kunsten deira utan å synest han er nødvendig eller utvidande, seier Smith.

Ho vil til dømes heller sjå på Hubert og Jan van Eycks altertavle i Gent (1432) enn Andy Warhols suppeboksar. 

Bøn til Gud

Religiøs tru har alltid vore ein avgjerande del av Patti Smiths liv. Ho slo gjennom med plata Horses, som var banebrytande i 1975. Dei kjende orda «Jesus died for somebody's sins, but not mine» vrengte Smith av seg i opningslåten «Gloria». Men dersom ein trur at ho fullstendig avviste kristendommen, tek ein feil. Smith fortel at tru betydde mykje i barndomsheimen hennar:

– Mor mi lærte meg å be, og snakka med meg om Gud. Det har eg alltid vore takksam for. Ho sendte meg seinare på ein bibelskole, men eg erkjente som tolvåring at eg måtte velje mi eiga tru. Eg trong ikkje organisert religion for å kommunisere med Gud. Eg fann mange tolkingar av dei bibelske skriftene som eg ikkje var einige med, men eg var ikkje mot religion. Eg ville berre vere fri.

---

Utgivelsar

  • Skreiv (saman med kjærasten Sam Shepard) og spelte i skodespelet Cowboy Mouth i 1971.
  • Gav ut tre diktbøker i 1972: Seventh Heaven, Early Morning Dream og A Useless Death .
  • Witt kom i 1973, samarbeids­prosjektet The Night i 1976 og Ha! Ha! Houdini! i 1977. I 1978 kom boka Babel , der Smith samla både lyrikk, prosa, bilete og teikningar.
  • Etter ein lang pause kom Smith tilbake nye bøker på 1990- og 2000-talet. Desse bøkene frå det seinare forfattarskapet er tilgjengelege på norsk:
  • Just Kids, M train, Sanka ull og Om å skrive (alle på Samlaget)

  • Horses (1975)
  • Radio Ethiopia (1976)
  • Easter (1978)
  • Wave (1979)
  • Dream of Life (1988)
  • Gone Again (1996)
  • Peace and Noise (1997)
  • Gung Ho (2000)
  • Trampin' (2004)
  • Twelve (2007)
  • Banga (2012)

---

Strekker seg høgare

– Du skriv at du vil bevise Guds eksistens gjennom kamp med orda. Kva meiner du med det?

– Gjennom kunsten strekker vi oss nokre gongar ut etter noko som vi håper å finne, noko nytt, noko som bringer oss til den høgast moglege staden, ei visdommens kjelde eller Gud. Men når eg skriv, er eg ikkje analytisk, så det kan vere vanskeleg å forklare kva eg skriv. Men på det enklaste nivået leitar eg etter noko som kan gå så høgt eller lågt som mogleg, for å avdekke noko nytt. Utvide førestellingane. For William Blake (1757–1827) var til dømes tanken på nattverdfellesskapet med englane heilt vanleg. Men i vår tid har vi mista bindeleddet til det guddommelige.

Patti Smith seier at det fort blir upresist når ein snakkar om religion. Kristendommen i dei amerikanske sørstatane er annleis enn hennar eiga forståing av religion, til dømes.

– Eg snakkar heller om det spirituelle. Religiøse institusjonar verkar å ha mista relevans i samtida. Å velje Kristi veg vil heilt sikkert vere mindre materialistisk enn slik vi ser mange kristne praktiserer religionen. Sjå berre på korleis vi behandlar kvarandre! Det gjeld ikkje berre den amerikanske presidenten. Altfor mange manglar menneskeleg medkjensle. Kristendom skal vere bygd på medkjensle, slik han var i starten. Medkjensle er nøkkelen.

Kyrkjegardar

På reisene og i bøkene sine oppsøker Patti Smith ofte kyrkjegardar. Ho forklarer at det er noko dobbelt med å vere tett på dei døde:

– Eg liker å vere på kyrkjegardar av forskjellige grunnar. Det er ikkje berre eit avgrensa område, der du kan vere saman med dei døde, men òg med dei som har vist respekt for dei døde framfor seg sjølv. Ein er ein del av eit fellesskap med både levande og døde når ein besøkjer ein kyrkjegard. Dei fleste kyrkjegardar er òg veldig vakre. Trea og skulpturane er vakre. Det er kyrkjegardar som verker einsame, og andre som er storslåtte. Eg synes dei er interessante på så mange nivå, ikkje berre åndeleg, men òg estetisk.

– Til sist: Kva for religiøse og eksistensielle råd har du gitt vidare til dine eigne to barn?

– Ver eit godt menneske. Vis medkjensle. Ver ærleg. Og gjer elles det de må gjere. Vi blir jo forma av våre barns historier. Begge mine barn er musikarar. Dei mista sin far tidleg. Vi har vore gjennom mykje og har eit nært forhold der vi kommuniserer mykje. Men heilt enkelt: Ver god og ærleg, det har eg sagt til dei.



Intervjuet har tidlegare stått på trykk i Kristeligt Dagblad. Omsett frå dansk av Lars Petter Sveen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje