Medkjensle er nøkkelen

Gjennom heile karrieren har den amerikanske diktaren og musikaren Patti Smith gått sine eigne vegar. – I vår tid har vi mista bindeleddet til det guddomlege, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Patti Smith har mangetilnamn. Mest berømt er «pønkens gudmor», men «den seigaste kvinna på planeten» og «rock-and-roll-poeten» er også i omløp. Dermed er nok berre litt sagt. Sært barn har mange namn, blir ein freista­ til å seie, for ikkje noko tilnamn fangar skikkeleg den sære, ­visjonære og gjennomført utilpasse Smith.

Ja, ho er seig, men ho er òg skrøpeleg. Ja, ho er pønkrockar, men òg forfattar av dei varaste skildringane av ungdomstida som er skrive, Just Kids. Ja, ho er levande opptatt av si samtid og særs aktiv på Instagram med over 130.000 følgjarar, men ho er òg historisk bevisst: I ånda er ho samtidig med romantiske diktarar som William Blake og Arthur Rimbaud. Ho er eit ­stilikon, men reiser alltid lett med ei feittete lue og nokre krøllete T-skjorter i kofferten.

Overlevar

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS