Adam og Evas 
fall gjennom 
kulturhistoria

Den amerikanske litteraturforskaren Stephen Greenblatts The Rise and Fall of Adam and Eve 
gir ei spennande og innsiktsfull framstilling av 
dei tydelege spora det bibelske paret har sett 
i europeisk kulturhistorie.

Publisert Sist oppdatert

ESSAY: Magiske trær, eit ribbein som blir til eit menneske og ein slange som snakkar. Forteljinga om Adam og Eva har nesten alle kjenne­teikna til eit eventyr. Til trass for dette har vestleg kulturhistorie vore prega av førestillingar om at Eva og Adam var verke­lege historiske menneske. Kvifor og korleis har dette kome til uttrykk i alt frå teologiske og politiske tekstar til litteratur og bildekunst? Den nye boka til den nordamerikanske litteraturforskaren Stephen Greenblatt har tittelen The Rise and Fall of Adam and Eve. Ho er ei spennande og innsiktsfull framstilling av dei tydelege spora dette menneskelege førsteparet har sett i europeisk kulturhistorie. Greenblatt, som velfortent fekk Holberg-prisen i 2016, er ikkje berre ein skarp forskar. Han er også ein historieforteljar av Guds nåde, og startar ofte talar og artiklar med ein personleg anekdote.

Glimt av Gud

Greenblatt fortel i denne boka om då han som ung gut jamleg gikk i den lokale synagoga. Foreldra hadde innskjerpa at det var livsviktig å lukke augo når rabbien lyste velsigninga. For då var Gud til stades i rommet og den som såg Gud, måtte døy. Etter å ha tenkt grundig gjennom saka, kom Stephen likevel fram til at å få eit glimt av Gud var verd denne risikoen. Etter nokre veker torde han å opne auga under velsigninga. Men alt var som før. Gud var ikkje å sjå. Derimot såg guten mange vaksne med opne auge som om ingenting var skjedd. Greenblatt skriv at denne opplevinga tydeleg lærte han at det er forskjell på fakta og fiksjon. Men også at fiksjon verkar og påverkar livet. Menneska kan nemleg ikkje leve utan forteljingar. Boka er eit forsøk på å forstå meir om ei av dei mest verkekraftige og vakre forteljingane som finst.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS