– Vår mor

For katolikkar er det uforståeleg at jomfru Maria ikkje har ein større plass blant alle kristne.

Reportasje

– Kvifor er akkurat Maria så viktig for katolikkar?

– Ho er viktig for oss fordi ho var viktig for Jesus. Ho er viktig for Jesus. Det er det korte svaret, seier Ole Martin Stamnestrø, generalvikar for Midt-Noreg stift.

– Maria er Jesu mor og difor er ho også vår mor. Vi har fått henne i gåve frå Gud. Det vart tydeleg då Jesus, frå korset, sa til Johannes: sjå, der er mor di.

LES OGSÅ: Sjekk ut vår nye adventsside!

Førebilete

Ifølgje Stamnestrø er kjærleiken til Maria sterk blant katolikkar flest.

– For oss norske katolikkar er ho viktig både teologisk og i vårt daglege fromleiksliv. Ho er eit stort førebilete, eit menneske som er slik Gud ynskjer at menneske skal vere.

– På kva måte?

– Ho har omsorg for oss. Ho ber for oss. Maria hjelper oss å kome nærare Jesus.

LES OGSÅ: Slipper jul i skjul

Marianne Bjelland Kartzow, professor ved Det teologiske fakultet i Oslo, er imponert over kor katolikkar har greidd å ivareta Maria som førebilete.

– Det er ein utruleg fascinerande fromleikstradisjon. I den protestantiske kyrkja driv vi med Kristus og har nok med det, seier ho.

– Kvifor er det slik?

– Fordi den kyrkelege fromleiken har utvikla seg forskjelleg innanfor ulike kyrkjesamfunn. Læra om Kristus i katolisismen har via større plass til Jesu mor.

Ifølgje Stamnestrø er det uforståeleg for katolikkar at Maria ikkje har ein meir sentral plass blant alle kristne.

Mor og son

For katolikkar har jomfru Maria ein sentral plass heile året. Men i jula blir forholdet mellom mor og son framheva.

– Ho bar Gud inne i kroppen sin i ni månadar. I jula blir vi minna på at Jesus, i tillegg til å vere ein sann gud, også er eit sant menneske, seier Stamnestrø.

LES OGSÅ: Mørke skapte lys salme

Den 8. desember feirar katolikkar at jomfru Maria vart unnfanga upletta. Då veit dei at jula er nær.

– Heilt sidan syndefallet har Gud førebudd menneska på si kome. Denne dagen er den aller siste førebuinga. Gud skaper eit reint rom for seg sjølv på jorda, forklarar han.

For katolikkar er det julekrybba som er den viktigaste av all julepynt, der Maria har sin plass heilt inntil Jesus.

Openberringar

Sidan år 40 etter vår tidsrekning, har om lag 2.000 menneske hevda å ha sett Maria. Den katolske kyrkja har stadfesta eit fåtal av openberringane som autentiske. Krava kyrkja har er at dei må vere mirakuløse og samtidig ha ein positiv påverknad på omgjevnadane.

– Kva fortel det oss at så mange meiner å sjå henne, verda rundt?

– Det minner oss på noko veldig viktig, nemleg at sambandet mellom himmel og jord er tett, også i våre dagar. Maria-openberringane viser at sløret som skil jorda frå himmelen er lett, seier Stamnestrø.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje