Ein av oss

Fleire har i dag eit forhold til jomfru Maria enn før, trur professor. Men i tradisjonell, norsk julefeiring er det få spor att av Jesu mor.

Reportasje

Kor mykje veit vi eigentleg om jomfru Maria? Det kjem an på kven ein spør, ifølgje professor ved Det teologiske fakultet i Oslo, Marianne Bjelland Kartzow.

– Den vanlege, norske bibellesar eller kulturperson vil seie at det vi veit om Maria, det kjenner vi frå evangelia. Særleg Lukas- og Matteusevangeliet, som fortel om då Jesus vart fødd. Fleire av evangelia fortel også om kva Maria gjorde vidare i livet, seier ho.

LES OGSÅ: – Vår mor

Men det finst også andre kjelder, som skildrar då Maria vart fødd og barndomen hennar.

– Det er det vi kallar eit apokryft evangelium, som ikkje har status som del av Bibelen. Det interessante er at vi kjenner at bilete frå dette evangeliet i mykje av kyrkjekunsten, seier Kartzow, og viser til kyrkja Chora i Istanbul, som er pryda av bilete frå Marias barndom.

– Det er eit evangelium som vi ikkje kjenner så godt til i dag, men som kyrkja derimot har kjent til og brukt.

Refleksjon

Ein tredje plass vi kan lese om Maria, er i Koranen.

– Ho blir faktisk nemnd fleire gongar i Koranen enn i Det nye testamentet ved namn. Heile Sure 19 fortel om Maria, som blir valt ut til å føde ein viktig profet. Vi får ein litt annan variant enn det Lukas fortel i evangeliet, men vi kjenner det likevel att, fortel Kartzow.

– Kan ein stole på desse kjeldene du nemner?

– Som med alt som høyrer til ei tid for lenge sidan, så kan nok ikkje evangelia lesast som ei direkte forteljing om korleis dei historiske høva var. Men vi kan lese dei som ein refleksjon eller kjelde til tru, svarar professoren, som har forska på Det nye testamentet.

Større mangfald

Ifølgje Kartzow er kjeldetilfanget når det kjem til Maria mykje meir variert og spanande i dag enn då ho sjølv vaks opp for 30 år sidan.

– Då var Maria berre den Maria som var i Bibelen. Det var liksom ikkje så viktig å spørje om kor mykje vi visste om henne, heller, for vi hadde det som stod i evangelia, seier ho.

LES OGSÅ: Fjøsfødselen

I dag har vi den kristne bibel-varianten av Maria. I tillegg kjem medvitet om kyrkjekunsten, det katolske fromleikslivet og dei islamske førestellingane.

– Og så har vi det sekulære biletet, med fine Maria-figurar som ein kan kjøpe til jul, der Maria er snill og god og pen. Gjerne med blondt hår og blå auge, med det nyfødde Jesus-barnet, seier Kartzow.

Ho meiner dette er ein konsekvens av at vi er meir opptekne av materielle ting i dagens moderne samfunn.

– Vi lagar eller kjøper julekrybber. Ein tek seg fullstendige fridomar når det kjem til kva ein puttar inni dei, seier ho.

– Er det blitt meir folkeleg, på ein måte?

– Ja, har det ikkje det? Julekrybber finn du ikkje berre i kyrkja, men på kjøpesenter rundt omkring. Og i mange heimar. Du treng ikkje definere deg sjølv som religiøs av den grunn. Det er berre ein hyggeleg ting ein kan ha. Og der har Maria ei sentral rolle.

Nokre spor

Bortsett frå julekrybbene, kva spor er att av Maria i tradisjonell, norsk julefeiring?

Kartzow siterer julesongen Et barn er født i Betlehem:

– «En fattig jomfru satt i lønn og fødte himlens kongesønn». Særleg i nokre av dei gamle salmane ser ein føre seg Maria som ei fattig kone som fødde, seier ho.

LES KOMMENTAREN: Gudfødersken

Over 500.000 personar i Noreg gjekk til gudsteneste på julaftan i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå. I kyrkja finn dei mange spor av Maria, ifølgje Kartzow – i mellom anna bilete, glasmåleri og statuar.

Marias lovsong, frå Lukasevangeliet, blir ofte brukt i norske kyrkjer, både i jula og andre deler av året.

– Her forkynner Maria. Ho oppsummerar mykje av den bodskapen som finst i Lukas-evangeliet, om kvifor Jesus kom. Nemleg for å bry seg om dei som er undertrykte, fattige og små, seier Kartzow.

Maria vert ein del av folket i jula, ifølgje professoren.

– Ho er som oss. Ho føder sin son, gjer sin jobb. Og er med han resten av livet.

Fekk ny rolle

For evangelia fortel om ei mor som var med Jesus heilt til ho sto ved grava hans. Ho var ein av dei sentrale personane i sonens krins.

Etter fødselen i stallen, høyrer vi ikkje meir til Maria før Jesus er blitt 12 år.

– Då er det Lukas som fortel om at dei reiste til Jerusalem. Då er det ho som snakkar med Jesus når dei ikkje finn han att. Han er i tempelet, i samtale med dei vaksne, og seier: «Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Så frå den dagen er han ferdig med mamma, då får Maria ei ny rolle, fortel Kartzow.

LES OGSÅ: Guds kvinnelige ansikt

Maria går frå mor til beundrar og tilretteleggar. Sjølv om evangelia ikkje kan brukast som historiske kjelder, så speglar dei truleg eit typisk kvinneliv på den tida, ifølgje Kartzow.

Låg alder

Om Maria var langt oppe eller nede på rangstigen i samfunnet, veit vi lite om.

– Vi veit at ho var trulova, som betyr at ho kanskje var ei kvinne av ein viss status. Ho var sannsynlegvis ikkje slave, til dømes, for å gifte seg som slave var ikkje vanleg, seier professoren.

Samtidig føder ho sonen sin, Guds son, i ein stall, tilsynelatande utan fødselshjelparar til stades.

– Det er kanskje eit litt usannsynleg scenario, dersom ho var ei kvinne høgt på rangstigen. Kor sannsynleg er det i det heile tatt at ho og Josef la ut på den lange reisa åleine, på eit esel, med stor mage?

LES OGSÅ: Salmen som knuser Jesus-bilder

Maria kan ha vore 12-13 år gammal då ho fødde Jesus. Det kan vere rart å tenke på i dag, men Kartzow minner om at den gjennomsnittlege levealderen var låg på den tida.

– Det var nok vanleg å bli besteforeldre i 30-åra. Så viss dei ikkje fekk barn som tenåringar, var det ikkje sikkert at dei levde så lenge at dei fekk sjå sine eigne barn vekse opp.

Samtidig var fødsel den mest vanlege dødsårsaka for kvinner på den tida, og ein låg prosent av barna overlevde.

Menn var som regel eldre enn kvinner når dei fekk barn. Ein reknar derfor med at Josef var eldre enn Maria, og at han kan ha hatt barn frå før.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje