Mentorar skal hindre unge fangar å verta radikale

Noreg kopierer idé fra Danmark.

Reportasje

Ei ny ordning med mentorar er retta mot unge innsette, som ein trur kan vere i fare for å bli radikalisert i fengselet.

I dag er det rekruttert seks mentorar, under leiing av sosionom ­Siham Sidali. Planen er at teamet skal vere stasjonert i Oslo, og så vil mentorane bli tildelt oppdrag ut frå bekymringar som blir meldt inn frå fengsel over heile landet.

LES OGSÅ: Her ber dei bak låste dører

Personleg utvikling

– Mentorane må ha politiattest, vere over 25 år og ha erfaring med målgruppa. Dei bør også ha eit generelt godt innblikk i ideologiske, religiøse og politiske retningar, skriv direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Marianne Vollan,­ i ein epost til Vårt Land.

– Mentoren vil gi råd og rettleiing, motivere, stille spørsmål, lytte, gi praktisk støtte, og så tvil om bastante oppfatningar.

Vollan understrekar at dei vil sjå på alle typar radikalisering der ein person er villig til å bruke vald for å oppnå sine mål.

LES OGSÅ: Noreg bør ansette imamer i fengsler og sykehus, råder dansk sykehusimam.

Same opplegg i Danmark

Andre land har også prøvd mentorordningar for innsette i fengsel. Det danske pilotprosjektet, som gjekk frå 2011 til 2014, var retta mot personar som var dømde etter dansk terrorlovgjeving, personar som hadde utfort hatkriminalitet og dei som var sårbare for radikalisering.

– Innsette fekk tilbod om individuell rettleiing for å takle tilbakeføring til samfunnet etter sona dom, fortel førsteamanuensis ved Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS), Franck Orban.

Ifølgje Orban ligg den norske modellen tett opp til den danske. Den minner han om Exit-programmet på 1990-talet, som var retta mot nynazistar utanfor murane.

– Der også var det slik at det ikkje nødvendigvis var det ideologiske som står sentralt, men heller tanken om å endre ein kriminell livsstil.

Prioriterer mentorane

Av dei tiltaka mot radikalisering som ­regjeringa lanserte i fjor, har ein valt å prioritere mentorordninga, seier statssekretær i Justisdepartementet, Ove Andre Vanebo.

– Dette er fordi vi meinte det var det viktigaste tiltaket å få på plass først. Vi har ikkje valt å prioritere pengar til livssynsteama, seier han.

– Tilsette i Oslo fengsel ga uttrykk for at dei ynskte ein imam som kollega?

– Det er ein del av tiltaket med eit livssynsteam. Men det må finansierast med pengar vi allereie har, seier Vanebo.

LES OGSÅ: Fanger som ikke vil delta på religiøse møter blir innelåst på cellene sine

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje