Vil styrke forholdet til Forsvaret: Gjev dei ny biskop
DEN NORSKE KYRKJA: Oslo-biskopen skal ikkje lenger ha tilsyn med feltprestane. Årsaka er eit auka fokus på kyrkja sitt bidrag i krig og krise.
FÅR NY BISKOP: Feltprest kaptein Terje Salvigsen under Cold response-øvinga i Troms. Han har ein av omlag 50 stillingar i Forsvarets trus- og livssynskorps.
Erlend Berge
Preses har «ei særleg rolle i kyrkja nasjonalt og kan bidra til å i endå større grad vareta relasjonen mellom kyrkja og forsvaret på eit nasjonalt nivå», står det i sakspapira til Bispemøtet som vart samla denne veka i Oslo.
Alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK) sit i Bispemøtet, som normalt har møte tre gonger i året.
Dei har altså bestemt at det ikkje lenger skal vera biskopen i Oslo som har tilsynsansvar for DNK-vigsla prestar som er tilsette i Forsvaret, såkalla feltprestar. Frå og med 1. april skal preses, som no er Olav Fykse Tveit, ha dette ansvaret.