Vil ha sonen på Stord-skulen med 17 elevar: – Ynskjer eit tryggare og meir transparent læringsmiljø
FRISKULAR: Kenneth og Elin Stenbråten sender sonen Jonah på Stord Kristne Skule som har 17 elevar. Medan politikarar og pedagogikkprofessorar har stilt spørsmål ved læringsmiljøet ved små skular, var storleiken noko av det som appellerte for ekteparet.
VALFRIDOM: Kenneth Stenbråten meiner friskular sikrar valfridom for foreldre, og er glad for at det finnest alternativ for barna slit med å lære i store klasser eller av andre grunnar ynskjer eit anna læringsmiljø. Han og kona Elin er foreldra til ein av dei 17 elevane som vil starte på Stord Kristne Skule neste veke.
Foto: Privat
– Dei lokale, offentlege skulane er under press både på bygningsmasse og talet på elevar. Me ynskjer å gje sonen vår sjansen til å gå i ei mindre klasse med tettare oppfylging, og eit tryggare og meir transparent læringsmiljø, seier Kenneth Stenbråten.
Han og kona, Elin Stenbråten, er foreldra til ein av dei 17 elevane som vil starte på Stord Kristne Skule om ei veke.
Den nystarta skulen håpar å ta imot sine fyrste elevar om ei knapp veke. Dei ventar berre på den endelege driftsløyva, som dei har fått positive signal om at kjem i løpet av veka.
Bestill abonnement her
KJØP