Vil ha lågare stengsler for nattverden
Teolog Ola Tjørhom ønskjer nattverdsfellesskap mellom katolikkar og protestantar. Han vil ikkje utelukke muslimar kategorisk.
– Nattverden som minnemåltid handlar heller ikkje berre om å minnast Jesus «oppe i hovudet», men at Kristus er sakramentalt til stades gjennom det vi et og drikk, seier teolog Ola Tjørhom.
Bård Bøe
– Vi treng i utgangspunktet lågare og ikkje høgare stengsler for nattverden, seier professor emeritus i teologi ved Universitetet i Agder, Ola Tjørhom.
Nyleg skreiv vi om den norske studenten Razwan Afsar, som ønskjer å ta del i den kristne nattverden utan å fire på si muslimske tru. Nokre prestar opnar for det, andre set foten ned.
LES HEILE SAKA: Ein muslim søker nattverd