Vil fjerne formulering om «å gjera evangeliet kjent»
ØKUMENIKK: Kristen Interkulturelt Arbeid foreslår å legge til at ein bygger på «den humanistiske tradisjon», fjerne formuleringa om «å gjera evangeliet kjent» og å fjerne tilsluttinga til Lausannepakta i vedtektene sine. Dette vekkjer motstand hjå medlemmar.
REAKSJONAR: Landsstyreleiar i KIA, Magne Mjærum, er ikkje overraska over at endringsforslaga vekker reaksjonar. – Eg skjønar at folk reagerer når ein får formuleringane i fanget, men eg håpar dei har forståing for grunnane til at me ynskjer endringa, seier Mjærum.
Alf Simensen
– Det er viktig å seie at me ikkje ynskjer å ta vekk den kristne forankringa, seier landsstyreleiar i Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA), Magne Mjærum.
KIA er ein kristen organisasjon som jobbar med integrering. Over lengre tid har vedtektskomiteen i KIA jobba med større endringar i vedtektene. Men i høyringssvara er det fleire lokallag og medlemsorganisasjonar som reagerer sterkt på dei foreslegne endringane. Den 12. november samlar landsmøtet i KIA seg, mellom anna for å stemme over forslaga til komiteen.
I sitt høyringssvar summerer Bergens Indremisjon, ein del av Indremisjonsforbundet, opp det dei fleste reagerer på. Dei skriv mellom anna at, at endringane etter deira oppfatning inneber «ei teologisk omtolking av KIAs basis. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at å «gjera evangeliet kjent» blir teke bort i forslag til nye vedtekter, og at tilvisinga til Lausannepakta sløyfast. I staden innfører ein ei tilvising til: den humanistiske tradisjon med særleg vekt på menneskeverdet».