Vil at ungdom skal bli med biskopar på jobb

REKRUTTERING: Ungdomsutvalet i Den norske kyrkja oppmodar alle kyrkjelege tilsette, og biskopar spesielt, til å ha med seg ungdom på OD-dagen. – Me må synleggjera kyrkja som arbeidsplass.

Nestleiar i Den norske kyrkjas ungdomsutval, Thomas Granheim Iversen og Biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen.
TESTE UT: Nestleiar i Den norske kyrkjas ungdomsutval, Thomas Granheim Iversen og biskop Stein Reinertsen er einige om at ein må teste ut nye rekrutteringstiltak i DNK. Får dei viljen sin dukkar det opp ungdom på fleire bispedøme- og kyrkjekontor rundt om i landet den 4. november.
Publisert Sist oppdatert

– Kor stas er det ikkje for ein ungdom å jobbe saman med ein biskop på OD-dagen, spør nestleiar i Den norske kyrkjas ungdomsutval, Thomas Granheim Iversen.

I eit brev oppmodar utvalet biskopar og andre kyrkjelege tilsette til å tilby å ha med seg skuleelevar på OD-dagen.

Årets Operasjon Dagsverk-aksjon er til inntekt for eit prosjekt som vil skape trygge møteplassar og hjelpe ungdom som slit på skulen i Sør-Afrika, regi av KFUK-KFUM Global.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS