Vid vitenskapelige høgskole overtek Frelsesarmeen sitt arkiv
ARKIV: Over 130 år med diakonihistorie blir flytta til Stavanger og blir meir tilgjengeleg for folk flest når Misjons- og diakoniarkivet ved Vid vitenskapelige høgskole overtek arkivet til Frelsesarmeen.
FØREBUR: Silje Dragsund Aase og Jofrid Vik Hjorteland frå Vid Misjons- og diakoniarkiv er i Oslo for å førebu overføring av arkivet til Frelsesarmeen.
Stine Førland/Vid
Offentlegheita sin tilgang til Frelsesarmeen sitt arkiv har til no vore relativt avgrensa. Frelsesarmeen ønskjer å sikra bevaringa av det mangfaldige arkivet sitt, og gjera det meir tilgjengeleg for både forskarar og allmenta. Misjons- og diakoniarkivet ved Vid skal digitalisera delar av arkivet, og gjera det tilgjengeleg på nett skriv dei i ei pressemelding.
– Dette arkivet inneheld mykje spennande materiale som fortener meir merksemd, seier Silje Dragsund Aase. Ho er arkivleiar ved Misjons- og diakoniarkivet ved Vid Stavanger, og var nyleg i Oslo for å førebu overføringa av Frelsesarmeen sitt arkiv.
Sterke kvinneskikkelsar