
– Kvifor er det så normalisert at vi skal drikke oss frå sans og samling kvar einaste helg?

Sunniva Skartveit (21) sat igjen med mange tankar etter ei fadderveke og fleire helger på byen.

Då ho fann eit anna miljø, fekk ho eit meir bevisst forhold til alkohol.

– I mange kristne miljø så snakkar ein ikkje om fest. Og på fest er det ikkje snakk om det kristne miljøet.
