Unge vel bort Den norske kyrkja: – Ei gudsteneste for 60-pluss

«REKRUTTERINGSKRISE»: Få unge vel Norges største trussamfunn som sin åndelege heim. Møt kyrkjemøtemedlemmet som sjølv går i pinsekyrkje, og oppfordrar Den norske kyrkja til å samarbeide med frikyrkjer.

ole Andreas Grøtte Børnes
ÅNDELEG HEIM: Ole Andreas Grøtte Børnes trur fleire ting trekk unge til karismatiske kyrkjer. – Eg trur mange er opptatt av preika, og har lyst til å få noko ut av den, som å lære om Bibelen og djupare forstå kven Gud er, seier han.
Publisert Sist oppdatert

– Eg trur mykje handlar om det trauste og treige som mange kyrkjer har ved seg, seier Ole Andreas Grøtte Børnes.

24-åringen er teologistudent og engasjert i kyrkjedemokratiet i Den norske kyrkja (DNK), og veit at mange på hans alder vel bort eit kyrkjelydsliv i DNK.

Sjølv går han i United i Oslo, ei pinsekyrkje med liturgi, nattverd og syndsvedkjenning.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS