Undersøking: Sjeldan at unge tenkjer dårleg om Jesus

NYSGJERRIG GENERASJON: Nesten halvparten av ungdommane i ei ny, internasjonal undersøking meiner at Jesus er kjærleg og gjev håp. – Gjev inntrykk av ein open, inkluderande og nysgjerrig generasjon, meiner direktør.

Elever på videregående skole. Tenåringer.Elevene slapper av ved bokskap. Har pause.
IRRELEVANT: Berre sju prosent av tenåringane i undersøkinga meiner Jesus er dømande og seks prosent meiner han er irrelevant. «Det globale inntrykket av Jesus er at han er pålitelig, sjenerøs, klok og fredfull», skriv Barna Group som har gjennomført undersøkinga.
Publisert Sist oppdatert

«Data viser at tenåringar sjeldan tenkjer dårleg om Jesus. Dei fleste tenåringar rundt om i verda har eit positivt inntrykk av han».

Slik samanfattar amerikanske Barna Group nokon av resultata frå ei undersøking dei har gjort i samarbeide med fleire kristne organisasjonar.

I den nettbaserte undersøkinga har nesten 25.000 ungdommar i alderen 13-17 frå 26 forskjellige lang svart på kva dei tenkjer om Jesus, Bibelen og rettferd. Dagen skreiv fyrst om saka.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS