Tro & Medier lanserer nettkurs om porno – vil hjelpe kristne

Tro & Medier lanserer eit nytt nettkurs for å hjelpa pornoavhengige. – Det er eit kjempebehov for denne typen undervisning i kristne miljø, seier Alexis Lundh.

Helt Fri frå Tro & Medier har tatt undervisninga frå eigne seminar om porno og laga eit nettkurs for å hjelpe pornoavhengige. Her frå eit seminar i 2018.

– Dette er eit kurs som tar deg på ei reise inn mot å kunna leva i fridom frå pornografi. Vi har sett behovet for eit slikt kurs lenge, seier Alexis Lundh som er leiar for Helt Fri, Tro & Mediers plattform for kompetanse og kunnskapsformidling om skadeverknadene til pornografien.

Kurset består av seks videoar som ifølgje Lundh kan sjåast på eigenhand eller gåast gjennom i ei gruppe.

– Dei ulike bolkane inneheld viktige element for å komma fri frå pornoavhengnad. Dette er ein prosess mange finn vanskeleg. Vi har god erfaring med å snakka om dette i felt og veit at det er stor etterspørsel etter meir, seier han.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS