Trampa på Israelsflagg med hakekors: Politiet vil ikkje etterforske saka
ISRAEL: I helga var det to hendingar der davidsstjerna i det israelske flagget var bytt ut med hakekors. – Rimleg å tolke som kritikk av staten, ikkje jødar, seier jurist.
FLAGG: Demonstrantar i Oslo fredag kveld. Skjermdump frå video lagt ut på X (Twitter) av brukaren Radio Genoa.
Radio Genoa/X
– For å byrje med det fyrste: Dette kan vera ufatteleg sårande og krenkande for jødar og alle som føler med dei.
Det seier Anine Kierulf om dei to hendingane i helga, der det er måla eit hakekors i det israelske flagget der det eigentleg skulle vore ei davidsstjerne.
Kierulf er fyrsteamanuensis ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.