Toppe vil ikkje love noko om livssynsnøytrale seremonirom

LIVSYNSNØYTRALE SEREMONIROM: Regjeringa vil skrote tilskot til private forsamlingslokale, noko Guri Melby (V) meiner kan hindre livssynsnøytrale seremonirom på bygda. Ministeren vil ikkje gi lovnader.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) på sin plass i salen under den muntlige spørretimen i Stortinget.Foto: Terje Bendiksby / NTB
LOKALT ANSVAR: Barne- og familieminister Kjersti Toppe meiner løysinga og ansvaret for å ha gode, livsynsopne alternativ til seremonirom ligg på lokalt plan.
Publisert Sist oppdatert

– Eg kan ikkje sjå at det er naudsynt med nye initiativ for bygging av livssynsnøytrale seremonirom. Eg vil heller oppmode kommunar og andre til å samarbeide for å finne dei gode løysingane lokalt.

Det sa barne- og familieminister, Kjersti Toppe, under Stortingets spørjetime onsdag.

Det var partileiar i Venstre, Guri Melby, som spurte om det var slik å forstå at «Regjeringa Støre ikkje ynskjer å legge til rette for livssynsnøytrale rom, då dei kuttar i den ordninga som Solberg-regjeringa oppretta i 2021?»

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS