To søstre vart vigsla til prestar på same dag
FEIRA: Søndag vart dei to søstrene Anne-Helen Roaldsnes og Gunnhild Roaldsnes Bremer ordinerte som prestar i Valderøy kyrkje i Møre.
JUBEL: Anne-Helen Roaldsnes (til venstre) og Gunnhild Roaldsnes Bremer jublar etter å ha blitt ordinert til prestar i Den norske kyrkja.
ERLING URKEDAL
– Det har vore ein fantastisk dag. Me har kjent ein slik varme. Det er noko spesielt med å bli ordinert på heimstaden, seier Gunnhild Roaldsnes Bremer til Vårt Land.
Ålesund gospelkor og lokalkyrkjas barnekor sette stemninga då ho og søstera Anne-Helen Roaldsnes vart vigsla til presteteneste på søndag. Vigslinga fann stad i Valderøy kyrkje i Møre bispedømme. På øya har søstrene vekse opp saman.
Anne-Helen Roaldsnes seier det var ingen kvinnelege prestar då ho og søstera vaks opp.