Tilrår å anerkjenne homofilt samliv

HOMOFILT SAMLIV: Leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem foreslår å gje personar i likekjønna ekteskap like rettar til medlemskap og teneste i kyrkja.

Erik Andreassen. Oslo misjonskirke Betlehem.
KAN IKKJE BLI MEDLEM: I dag kan du ikkje bli medlem i Oslo misjonskirke Betlehem som samlevande homofil. Det foreslår mellom anna hovudpastor Erik Andreassen å endre på.
Publisert Sist oppdatert

I ein e-post til kyrkjelyden tidlegare denne månaden tek leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera forenleg med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».

E-posten blei sendt ut som ein del av ein invitasjon til ein temakveld med namnet «Leve sammen».

Her skriv dei at dei vil halde fast på at ekteskapet er «ei ordning mellom mann og kvinne, at mennesket er skapt til mann og kvinne, og at vår seksualitet har ei moralsk relevant binding til forplanting».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS