Tilfeller av antisemittisme på eit «historisk høgt» nivå

JØDEHAT: Fleire rapportar frå 2021 viser det same: Talet på hendingar med antisemittisk motivasjon, har auka.

Johannes Due Enstad og Vibeke Moe
ESKALERING: Konflikt i Midtausten, koronapandemi og politisk uro er blant årsakene til at tilfeller av antisemittisme var rekordhøgt i fleire vestlege land i fjor.
Publisert Sist oppdatert

For eitt år sidan møtte tre menn opp framfor ein synagoge i Brooklyn i New York og ropte hetsande ord mot jødane som stod på synagogetrappa. Så gjekk dei laus på ein bil, og etterpå angreip dei to jødiske tenåringar. Dei blei seinare sikta for hatkriminalitet.

Hendinga er berre éi i rekka av dei rekordmange antisemittiske hendingane som fann stad i 2021 i fleire vestlege land, som USA og Storbritannia. Organisasjonen Anti-Deformation League (ADL), ein stor aktør som kjempar mot antisemittisme, har målt hets, vald og åtak mot jødar i USA sidan 1979, og aldri sett eit så høgt tal som i fjor.

Talet på hendingar er 2717. Det er ein 34 prosents auke frå året før.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP