Teologistudentar kan velje og vrake i prestestillingar. Derfor tar dei ikkje kva som helst
REKRUTTERING: Den norske kyrkja treng dei til teneste. Dette må til for å kapre dei komande prestane.
SNART PRESTAR: Det er ikkje lenge til Simon Eikill-Moen og Sigurd Wennesland er ferdige som teologistudentar på MF. Då går dei ut i ein arbeidsmarknad som bugnar av jobbar.
Erlend Berge
Semesteret nærmar seg slutten, og teologistudentane sit lange dagar på lesesalen. Sigurd Navrested Wennesland skal levere masteroppgåva si ved MF vitenskapelig høyskole i desember, men jobbar iherdig for å ha så mykje som mogleg klart til sommaren. Om halvanna år, som nyutdanna prest, står ein arbeidsmarknad og ropar på han.
— Me som studerer no er i ein sinnssjukt privilegert situasjon. Mine medstudentar, og prostar og biskopar, er veldig klar over det, trur eg. Det er kjøpars marknad, og me har fleire kort på hand, seier Navrestad Wennesland, som sit i studentrådet på MF.
96 årsverk stod ledige i Den norske kyrkja (DNK) ved årsskiftet. Bunkane med søknadar til prestejobbar har blitt mindre og mindre dei siste ti åra, ifølge fleire bispedømme. Dei unge prestane er sårt trengde.