Teologistudentar etterlyser unge stemmer: – Det er litt skummelt å ytre seg
DEN NORSKE KYRKJA: MF-studentar meiner debatten om organiseringa av Den norske kyrkja manglar stemma til dei som er framtida til kyrkja: dei unge.
HEVAR STEMMA: Teologistudentar ved MF vitenskapelig høyskole meiner omorganisering av Den norske kyrkja basert på eit nytt prostifellesråd ber preg av å sjå på kyrkja som ei verksemd. Frå venstre: Andreas Aschim Næsheim (22), Eline Bolstad Kunzendorf (26), Jon Olav Meling Kvamsøe (25), Guro Haave Reknes (23) og Tobias Wang (24).
Erlend Berge
– Dette kjem til å i stor grad prege arbeidskvardagen vår. Derfor må me snakke om det og koma til orde, seier Eline Bolstad Kunzendorf (26).
– Ja, me er glade i kyrkja og me håpar den kyrkjelege strukturen vil leggje til rette for at det skal vera fint for oss som prestar der, men også at den bidreg til liv i dei lokale kyrkjelydane, seier Andreas Aschim Næsheim (22).
Me sit i kantina på MF vitenskapelig høyskole i Oslo. Praten surrar rundt oss, frå studentar som kan studere samfunnsvitskap, berekraft eller diakoni. Men dei fem studentane som no vil hive seg inn i debatten om kyrkjeleg organisering i Den norske kyrkja (DNK) studerer alle teologi, og har planar om å bli prestar.