Sundagsskulen vil vinna tilbake tapt terreng

HARDT ARBEID: Pandemien parkerte sundagsskulearbeidet mange stader i landet. Leiinga i Søndagsskolen Norge er spente på kor krevjande det vert å starte på nytt.

Bilde fra Søndagsskolens dag i Oslo Domkirke
NY NORMAL? 30.000 barn går normalt på sundagsskulen her til lands, og leiinga i Søndagsskolen Norge er spente på om aktiviteten når same nivået i haust. Biletet er frå Søndagsskolens Dag i Oslo Domkyrkje.
Publisert Sist oppdatert

– Det har vore mykje stillstand, og mange sundagsskular har lege nede under pandemien, konstaterer generalsekretær Gøran Byberg i Søndagsskolen Norge.

Fasiten på kor hardt koronapandemien har ramma sundagsskulen kjem ikkje før på seinvinteren neste år. Først då vil alle talla ligge føre for kor mange sundagsskulegrupper som er komne opp å gå att og kor mange barn som er med.

Men Byberg er viss på at det må arbeidast hardt for å ta att tapt terreng. Startskotet for dette arbeidet gjekk på Søndagsskolens Dag som vart markert sist helg.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS