Staysman meiner ein burde ha ritual for skilsmisse i kyrkja

SKILSMISSE: Artisten «Staysman» laga musikkvideo der han og ekskona skilte seg i kyrkja. Han trur det hadde vore ein god ide på ekte også.

Stian «Staysman» Thorbjørnsen og ekskona Tina Svestad på veg kvar til sitt etter musikkvideoinnnspeling i Vålerenga kirke.
KVART TIL SITT: Stian «Staysman» Thorbjørnsen og ekskona Tina Svestad på veg kvar til sitt etter musikkvideoinnnspeling i Vålerenga kirke.
Publisert Sist oppdatert

– Me gifta oss i kyrkja, og samtidig er kyrkjerommet ein godt eigna stad for filming, så det var litt med tanke på videoinnhaldet også. Samtidig synest eg videoen oppsummerer oss veldig bra. På slutten går me ut derifrå, ho skal sine ting og eg skal mine ting, fortel Stian Thorbjørnsen til Vårt Land.

I februar skapte artist Thorbjørnsen, også kjent som Staysman, forvirring då han vart avbilda saman med ekskona iført full brudestas i Vålerenga kirke. Fleire lurte nemleg på om dei to hadde gifta seg igjen.

Forholdet mellom Thorbjørnsen og Tina Svestad har vore slutt sidan 2020, men dei to har framleis vore formelt gift inntil nyleg.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS