Stans for kristent samarbeidsråd i nord
KRIG: Samarbeidsrådet for Kristne Kirker i Barentsregionen stanser all verksemd på grunn av krigen i Ukraina. – Me har førebels ikkje fått reaksjonar frå russisk side, seier norsk biskop.
SAMLA: Sidan 1996 har samarbeidsrådet SKKB samla ortodokse og lutherske bispedømme i Noreg, Finland, Sverige og Russland. No stansar arbeidet opp. Biletet er frå rådsmøtet 2019 i Narvik.
Foto: Den norske
Det kristne samarbeidsrådet SKKB stansar all formell verksemd. Det varslar rådet på si Facebook-side.
Rådet viser til krigen i Ukraina og «dens konsekvenser for samarbeid mellom Russland og andre land».
Samarbeidsrådet for Kristne Kirker i Barentsregionen, SKKB vart danna i 1996 og består av lutherske og ortodokse bispedømme frå Noreg, Finland, Sverige og Russland. Dei samlast vanlegvis til årlege rådsmøte.