Sørga saman etter trippeldrapet – med fem tente lys

SAMLING I SORG: Torpo kirke husa skjærtorsdag eit ramma lokalsamfunn. Der sørga dei over mora og dei to barna som blei drepne laurdag.

Biskop Jan Otto Myrseth snakker under gudstjenesten. Foto: Tor Folgerø / Hallingdølen / NTB
HALV STANG: Biskop Jan Otto Myrseth preikte under sørgegudstenesta – og peikte på påskens bodskap. – Frå langfredag til påskemorgon vender mørke til lys og død til liv, seier han.
Publisert Sist oppdatert

Utanfor hang flagga på halv stang. Inni kyrkja var det det tent fem lys. 112 menneske hadde møtt opp skjærtorsdag.

– Det er eitt lys for kvar av dei døde. Det femte lyset skin for oss som lever igjen. For fellesskap, omsorg, kraft og håp, sa prost Sveinung Hansen i starten av sørgegudstenesta.

Avisa Hallingdølen viste gudstenesta frå Torpo kirke i Ål i Hallingdal.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS