Slik redda dei andaktsstunda for dei eldre: – Akkurat som om me er i kyrkja

SAMAN I TRUA: Pandemien kunne sett ein stoppar for eit av Marit Tveita sine høgdepunkt i kvardagen. Men så kom kyrkja og Stavanger kommune på ein god idé.

Slåtthaug sykehjem, Stavanger - Marit Tveita
GNIST: For Marit Tveita betyr det mykje å få møtast og høyre påfyll for trua. 91-åringen fortel at håpet om himmelen gjer livet på sjukeheimen mykje lettare.
Publisert Sist oppdatert

Sokneprest Audun Erdal står framfor tre blåmalte bilder i den lyse, paneldekte Revheim kirke i Stavanger. Han held eit ark med notater, og vekslar mellom å peike på kunsten bak seg, og å snakke til dei som ser på.

Marit Tveita sit med hendene falda, og rullatoren parkert ved sida av seg. Taklyset er slått av, rommet er dunkelt, og telysa er tente. «Nåde være med dere» høyrer ho, og dei fire damene ved sida av henne, presten seie.

Men Marit Tveita er ikkje på ei gudsteneste i Revheim kirke. Ho sit i fellesstua på Slåtthaug sykehjem i Stavanger.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS