Skal velje ny verdsleiar i Frelsesarmeen: Kan ta meir enn ei veke

ARVTAKAR: Det høge råd i Frelsesarmeen er samla i London med eit mål for auget: Å velgje den 22. generalen i den internasjonale rørsla.

Frelsesarmeen-general Brian Peddle snakkar til Det høge råd som er samla i London.
GÅR AV: Noverande Frelsesarmeen-general Brian Peddle snakkar til Det høge råd som er samla i London.
Publisert Sist oppdatert

I desse dagar er 112 leiarar frå Frelsesarmeen rundt omkring i verda samla til Det høge råd i London, England.

Den einaste funksjonen rådet har er å velje ny verdsleiar, eller general om du vil, for Frelsesarmeen. Han eller ho blir øvste leiar for arbeid som skjer i over 130 land og for om lag 1,3 millionar «soldatar» verda rundt.

Den nye leiaren blir den 22. i rekkja etter grunnleggjaren William Booth som får ha tittelen general i Frelsesarmeen. Tre av desse har vore kvinner.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS