Sjakkstjerna Kasparov: – Den russisk-ortodokse kyrkja er no ei avdeling av KGB
RUSSLAND: Garry Kasparov sparte ikkje på kruttet då han blei spurt om Den russisk-ortodokse kyrkja si rolle i Putins Russland: – Patriark Kirill fylgjer ganske enkelt ordre.
PATRIARK KIRILL: – Eg synest ikkje me skal bekymre oss for Kirill. Han blir ikkje tatt seriøst av verkeleg truande, sa Garri Kimovitsj Kasparov, om den øverste leiaren av Den russisk ortodokse kyrkja under eit frokostmøte i regi av tankesmia Civita og konferansen Oslo Freedom Forum.
Marit Neset
«Korleis kjempe mot Putin» var temaet då tidlegare verdsmeister i sjakk, russiske Garry Kimovitsj Kasparov, gjesta eit frukostmøte i regi av tankesmia Civita og konferansen Oslo Freedom Forum måndag.
Kasparov var rekna som verdas beste sjakkspelar i tjuge år, men er no politisk aktivist og styreleiar i Human Rights Foundation, som står bak menneskerettskonferansen som i desse dagar finn stad i hovudstaden.
På spørsmål om korleis sjakkstjerna ser på Den russisk-ortodokse kyrkja si rolle i planane Putin har for Russland. er han ikkje nådig.