Kultur

Sikhar ber om svar i øyresaka

Norske sikhar meiner deira religiøse fridom blir krenka av kravet om synlege øyre på passfoto. Dei er redd problemet vil auke med innføringa av nye ID-kort i haust.

Norske sikhar hevdar dei ikkje får fornye passa sine sidan då det blir stilt krav om synlege øyre i passfotografiet. Det skriv styre­leiarane for dei norske sikh-tempela i et brev til livssyns­minister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Her uttrykker dei bekymring på vegne­ av sikhmiljøet for at også dei nye nasjonale ID-korta som er venta innført i haust vil forsterke følgene ytterlegare. På desse bileta­ vert det også krevd at øyra er synlege. Desse korta kan til dømes­ måtte bli framlagt når ein hentar medisinar og ­rekommanderte brev.

Krenkar religionsfridom

Sidan­ 2014 har endringa i passforskrifta om synlege øyre i passbildet skapt problem for fleire­ ­religiøse minoritetar i Noreg.

Spesielt mange sikhar og muslimar har følt at kravet om å ta av seg eller sette til side deira religiøse hovudplagg for å få øyra synlege i passfoto og identifikasjonskontrollar, krenkar dei og religionsfridomen deira.

Både mannlege og kvinnelege sikhar ber turban, og turbanen har ei djup, åndeleg tyding.

– Det å ta av og på ein turban er ein omstendeleg prosess, og å gjere det i allmenta opplevast som inngripande i privatlivet vårt, fortel Sumeet Singh.

Styreleiaren i Unge Sikher skriv til Vårt Land at dei meiner påbodet er diskriminerande for trusfridom, privatliv og rørslefridom til dei som ber turban. Dei opplever at saka blir trenert.

– Vi har venta i nærmare seks år på avklaring i denne saka. Vi ønsker å løyse denne saka gjennom dialog og unngå ein domstolsprosess, skriv Singh.

Han håpar Noreg i framtida vil vere eit land å sjå opp til når det gjeld religionsfridom og menneskerettar, og endre passforskrifta der etter.

– Vi håpar Noreg no endrar regelverket og ikkje i praksis vil forby turbanen, skriv Singh.

LES MER: Sikher kvier seg for å ta av turban på passfoto

Framleis ingen avklaring

Barne- og familiedepartementet viser Vårt Land vidare til Justisdepartementet. I februar sa statssekretær Thor Kleppen Sættem (H) i Justisdepartementet til NRK at «synlige ører er viktig for identifisering, og at ingenting trumfer sikkerhet».

Likevel sa han også at påbodet om synlege øyre ikkje var stadfesta, men at dei håpa å kome med ei endeleg avklaring i løpet av våren. Til Vårt Land svarar no Justisdepartementet at saka framleis blir handsama. Meir enn det kan dei ikkje seie.

Nye biometriske pass og ID-kort skulle opphavleg vore klare­ i 2016, men er no planlagde å kome til hausten. Det er eitt år sidan høyringsfristen om den nye passforskrifta gjekk ut.

Andre markørar

Fleire sikhar og muslimar uttrykt at dei vegrar seg for å nytte pass som identifikasjon.

I eit tidlegare høyringssvar til Justisdepartementet har Sikhsamfunnet stilt spørsmål om vektlegginga av øyre som identifikasjonsmarkør, då dei meiner øyre lett kan bli manipulert kirurgisk. Dei meiner påbodet bygger på ein feil påstand om at synlege øyre er avgjerande for sikker verifisering av identitet. Dei peiker på at andre biometriske markørar i like stor grad kan sikre identifikasjon.

Frankrike har i dag eit forbod mot religiøse plagg i allmenta. I dag er det dermed berre Noreg og Frankrike som i praksis stiller krav om synlege øyre i passfoto.

LES MER: Passkrav får så ørene flagrer

---

Passforskrift

  • I dag er det eit krav om at passbildet skal sikre ansiktsattkjenning i ein kontrollsituasjon.

  • Begge auge og øyre skal vere synlege. Briller eller hodeplagg må ikkje nyttast. Dette gjeld også ved ein eventuell kontrollsituasjon.
  • Unntaksregelen gir løyve for at personar av religiøse, eller andre særskilte grunnar, kan bruke hovudplagg på passfotografiet viss det er grunn til å tru at det same hovudplagget vil bli brukt i framtidige tilsyn.

  • Unntaksregelen presiserer like fullt at hovudplagget ikkje må dekke til noko av ansiktet eller noko meir enn nødvendig av hovudet, og at begge øyre skal vere synlege.

  • Dette kan skape problem for blant anna sikhar, muslimar og katolske nonner som ber religiøse hovudplagg, då mange i desse gruppene ber plagg som dekker til øyra.

  • Ny passforskrift er planlagd å kome til hausten.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur